tirsdag 10. november 2009

Teaser

Four kids...
«ER VI FRAMME SNAAART?»
...all alone...
«Kake.»
...on a cold mountain...
«DET HAR SNØDD!!!»
...far, far, FAR, far away from home...
«EINAR!»
Are they ready for an epic adventure?
«Kor blei det av Niclas?»
Are they ready to face their fears?
«NEEEEI!!»
Can they solve the mystery?
«EG SKAL DREPE HAN!»
WILL THEY SURVIVE?!
«Det har iallfall snødd.»

THE CLAN CALLED BOB
goes
JULEKALENDER
coming to this blog
and this blog only!
December 1st 2009

mandag 19. oktober 2009

MAMMA!

Her er fuglane eg nevnte.

Dette er størrelsen på dei små. Dei kostar 20kr og dei 'store' kostar 34.

Og der er variasjonane.

fredag 9. oktober 2009

Sia eg får så mykje KJEFT...

...for at eg ikkje har blogga på hundre år, så får eg vel hive inn et bilde berre for innlegget si skuld.

Bildet blei tatt så eg var på besøk i Rotterdam i sommar.


Og når eg først er her, kan eg vel opplyse om at denne bloggen frå 1.desember KANSKJE blir heimstaden for mitt neste ambisiøse prosjekt, som har arbeidstittelen "TCCB goes JULEKALENDER". Om desse planene blir realiserte, kjem det også ein teaser eller to i næraste framtid.

torsdag 30. april 2009

Munnleg Prøveeksamen

No har vi nettopp hatt munnleg prøveeksamen, (eg var forsåvidt ferdig halv elleve, sånn berre for detaljane si skuld) og eg kom opp i norsk. Eg var ganske heldig med det, med tanke på at norsk er eit av mine to beste fag. Oppgåva var om saktekstar, og gjekk stort sett ut på å gjere greie for ulike sjangerar, forklare kritisk om bruk av kilder, og så vidare.



Så eg har jobba på spreng og sett saman ein nesten brukande Power Point/Impress-presentasjon.





Men fy sørem som eg har stressa. Nesten ikkje ete sida eg kom heim frå skulen og var så kvalm før eg skulle inn at eg ikkje visste kor eg skulle gjere av meg. Snubla over det eg visste og hadde, og kom meg ganske greit igjennom, sjølv om eg måtte kutte ned litt på brev og rapport. Takk og lov for at eg kjenner meg sjølv godt nok til å vete at eg surrar som eit esel, så eg tok det med i betraktninga når eg sette opp stikkord!

Kom ut og håpa og ba om ein firar, blei kala inn at og fekk beskjed om at eg ikkje var i nærleiken av foraren ein gong, men hakket over. Så det blei sterk femmar på meg! Kunne fått seks, viss eg hadde vist meir eksempel i tekstane (til mitt forsvar, og også som "sensor" sette pris på, hadde eg mange munnlege eksempel innimellom ("sensor" verka veldig begeistra for mi forklaring på fornuftsargument, "Set du ei kyr på graset kjem ho til å ete, for før eller seinare blir ho svolten." Jada. Veldig flink å finne på ting i farten.)



Så satsar på å enten få norsk eller engelsk på den skikkelege eksamenen, med tanke på at det er dei faga eg kan best, og Olin meiner eg har språket til å klare meg fint der óg.

WOOSH!

lørdag 25. april 2009

Oppdatering

Lett å gløyme bloggen sin midt oppi alt dette styret med eksamensforbredelsar, tentamenar, innleveringar, årbøker, særemner og det som verre er.

Men i går fekk eg russeutstyret mitt, og er dermed offisielt Grønnruss '09.


Eg har vel også sagt noko om å legge ut bilde av smykkeprosjektet når eg omsider fekk et sånn nogenlunde i havn, så her er det:
Det er ikkje heeeilt ferdig enno, mangler ein eller annen form for låsmekanisme, som eg skal få mamma til å hjelpe meg med når ho kjem heim frå det store utland.
Det svarte bandet er førræstn strikka. Sånn viss nokon lurte på det.

lørdag 11. april 2009

Påske!

Eg hadde egentlig tenkt å legge inn nytt innlegg på onsdag, men kom liksom aldri så langt...
Men påske har det vore her i huset óg. Pyntinga er det mamma som har tatt seg av, og det er heldigvis ikkje like mange kyllingar ute no som det har vore eit par år før.

Påskeegg må man ha! (sjølv om man nesten er for gammal)

(og ja, faktisk, Ringenes Herre dyne- og putetrekk)

Ellers held eg på med eit lite smykkeprosjekt, men har bestemt meg for å ikkje legge ut noko bilde før eg er heilt ferdig. Alt som gjenstår er å setje saman delane.

Katten var ferdig med antibiotikakur i går og vi synest å sjå at han har kvikna til litt, sjølv om foten ikkje er heilt bra enno, så går det iallfall rette vegen.


Gode gjenståande påskedagar!

onsdag 1. april 2009

Fjellsikring + pakke i posten

Sidan ein stor meteor datt ned igjennom taket vårt i dag tidleg, måtte vi rømme opp i skogen for ikkje å bli skotne ned av krigerske romvesen frå Pluto. Dei var visst sinte for at planeten deira ikkje lenger hadde planetstatus, men fekk ikkje nyheitene før no pga. treig post.



APRILSNARR!!!
Eg lurte deg godt der, ja? Hehehe....



Nei, men vi hadde fjellsikringsdag på skulen i dag, skulle lage igloo, sette opp telt og grave snøhole. Desverre raste snøhola saman, og fire elevar blei fanga. No har vi ikkje høyrt frå dei på elleve timar, så då kjem vi vel ikkje til å gjere det heller.


GOTCHA! APRILSNARR!!
Ikkje så kjekt andre gangen? Sorry.


1.April og fjellsikringsdag på Utviken. Mens dei fleste drassa med seg ski og skistavar som stort sett var enten for lange eller for korte, brukte ein halv time på å få dei på seg berre for å gå eit lite stykke, kava dei av seg igjen og måtte krype rundt for ikkje å gå med snø til hoftene, var eg, Niclas og Ingvild godt utstyrte med ein av verdens tøffaste oppfinnelsar: truger.



Sånn ser mine (teknisk sett mamma sine) og Niclas sine (eigentleg pappa sine) ut. Ingvild sine var litt mindre fancy, men MYKJE betre enn dei skulen lånte ut, små, firkanta klossar. Desverre var vi ikkje på samme gruppe. Eg er ikkje sikker på kva Ingvild gjorde, godt mulig ho laga igloo, Niclas var på gruppa til Einar og sette opp telt, mens eg var på ei snøhole-gruppe.
Om eg skal seie det sjølv, var vi jækla flinke.

Eit tips viss du nokon gong grev snøhole med Malin: Ver forsiktig med å la ho grave innerst! Før du veit ordet av det, har du nakken, kjeften og nasa full av snø, og ho står inne og grev som ein villmann.

Men vi blei nesten heilt ferdige med hola, skulle berre ha tetta skikkelig igjen den eine inngongen og fiksa den andre, så kunne opp til tre stykker ha overnatta inni der, visstnok.


Og så fekk eg pakke i posten i dag! :D
Eg kjøpte ein korsett-aktig topp av ei jente som hadde fått feil størrelse. Heilt ubrukt.



(Eg er klar over at det ser litt rart ut, men det var vanskeleg å ta bilde og halde seg fast samtidig)
Det er ikkje rosa og skinande, men heilt raudt. Sånn berre så det er sagt. Avtagbare stropper. Eg synest den var skittøff!

Ellers... har eg faktisk ikkje lurt nokon i dag... Dårlig...

lørdag 28. mars 2009

Gråt inte över spilld vodka...

...njut av resten!
Greit, det har ikkje noke med saken å gjere, men det får så vere. No har det seg sånn at eg ikkje har blogga på... lenge... men syntes nesten dette var så viktig at det måtte inn.

Forrige helg fekk eg beskjed om at pappa skulle ringe dyrlegen. Foten til gamlepus Caspritius har vore dårleg sidan tidleg i vinter, og det har berre blitt verre med tida. Eg og mamma har vore ganske overbeviste om at det nok er kreft han slit med, både på grunn av kulen på foten og det at han verkar så bleik...

Han skulle til dyrlegen på torsdag, og eg starta sørgeperioden på onsdag, tok han ned på rommet mitt og kosa med han heile dagen. Venta jo det verste sjølvsagt, ni år gammal katt som kanskje har kreft er ikkje av dei med best sjansar, så eg var sikker på at det blei avliving på flekken.

Torsdag avlyste eg basstimen for å rydde plass til dyrlegetur. Var deprimert heile dagen, og kan ikkje huske sist eg grein så mykje.

Å vere i bilen var forferdeleg. Caspritius stakkar hadde berre køyrt bil tre gongar før, og no var han atpåtil i bur. Skreik og kava så eg nesten var redd han skulle stryke med der han satt.
Inne med dyrlegen ville han heller ikkje vere, men han roa seg litt. Vrei og vende seg og ville aller heldst hoppe ned frå bordet, og når han ikkje fekk det gøymte han heller hovudet i gensaren min.

Ikkje var eg til så mykje trøst heller - eg grein konstant frå eg kom heim, på vegen ned til dyrlegen, inne med dyrlegen, på veg heim att, og litt til etter det. Til tross for at katten framleis lever i beste velgåande. Eller... beste er vel kanskje litt å overdrive. MEN HAN LEVER!

Eg var foresten ikkje den einaste. Mamma satt heime og seip litt for seg sjølv har eg høyrt rykter om, og i følge pappa såg det ut til at det var like før dyrlegen tok til tårene.


Klumpen på foten fekk vi beskjed om er en infeksjon, men dyrlegen har god tru på at den skal bli fin igjen, ettersom han har ganske grei førigheit i den enno. Så nå er det to vekers penicillinkur.

Ho var litt meir bekymra for at han pustar tungt og hostar. Det har han gjort i årevis. Det er sansynlegvis ein hjerte- eller lungesjukdom, og når han har gått med det så lenge er det vanskeleg å gjere noko med. Men sidan aktivitetsnivået er sånn nogenlunde (*kremt* Jada, eg veit han ikkje virker særleg aktiv, men han er ein kastrert hannkatt! Og berre den siste delen i seg sjølv tilseier jo at han er lat. Som pappa så fint sa, "Han ligg jo stort sett heile dagane, heilt til han kjem på noko jævelskap..."), han et godt og kroppsvekta held seg bra, får vi sjå.

Men det får vi ta når den tida kjem. No er eg berre glad for at eg har han.




Caspritius Bamsepus :)