tirsdag 27. juli 2010

Sommaren i gråtonar

Bileta kan trykkast på og sånn. Det tok meg berre to år ta i bruk svart-kvitt-funksjonen. Jaja.








søndag 25. juli 2010

Malakoff - gje livet for din neste

Sidan eg i sist innlegg ga inntrykk av at eg ikkje kom til å blogge noko særleg fram til hausten, tenkte eg at eg skulle setje meg til å gjere det stikk motsatte. Fordi eg kan, og fordi at viss eg skulle omtale alt som skjedde i helga på Facebook, hadde det blitt ein jækla lang status.

Frøken Ingvaldsen, Vilde, Ingrid Marie, Einar, mr. Kaizer, hans Constanze og meg har dei siste par døgna telta på campen tilhøyrande Malakoff Rockfestival. No har ein kanskje vanskeleg for å sjå for seg meg som eit festivalmenneske, giddalaus og folkesky som eg er. Men eg valde altså for å våge meg ut frå tryggleiken heime for å finne ut kva alt dette festivalstyret handla om, og sjå om folk hadde lært å oppføre seg sida sist. (Svaret på det er i stor grad 'nei'.)






Eg hadde stort sett svært god utsikt, men tykte framleis det var ein litt merkeleg grunn til å reise så langt heimafrå, ettersom eg har opplevd mykje av det samme i kassekøen på Rema.

Så flytta mannen med den fine nakken på seg, og eg fekk ein liten aha-opplevelse. Det var jo eit BAND der framme!

...og så fekk eg studere fleire nakkar. Sjølv om denne ikkje var like spennande som den første.

Atpåtil var jo sjølve festivalcampen ei oppleving i seg sjølv. SØVN er jo ikkje hovudprioriteten, har eg skjønt, og ein treng visst ikkje bry seg med å gå rundt telta i staden for over dei heller.

Men det var verdt det, og medan eg sto med eit gjerde i ribbeina, ein alboge i øyret, armane til Ingvaldsen på kvar side og sjølvaste Ted Winters framfor meg kjende eg noko som kunne minne litt om det eg følte då eg sto i ei svært liknande stilling ganske nøyaktig 365 dagar og 45 minutt tidlegare, at dette, dette kunne eg leve med.

Foto: Vidar Gudvangen, NRK

SKAMBANKT står no saman med Kaizers Orchestra og Audrey Horne på lista over band eg skal sjå igjen. Definitivt. Og då skal eg rope endå høgare.


torsdag 22. juli 2010

Respiratorinnlegg

Sjølv om eg må ty til respirator for i det minste å gje inntrykk av at bloggen er i live, betyr ikkje det at ingenting skjer. Mobilkalendaren ser faktisk heller travel ut, med Countryfestival forrige helg, Malakoff no til helga, bryllaup neste helg, og deretter føl Biritur, Iron Maiden-konsert, utflytting og skulestart på Setesdal VGS fortløpande. Og etter det byrjar eg kanskje å blogge att, for å late som eg held kontakta.

Eg trur jaggu vi prøvar å redde dette med tilfeldige mobilbilete att, eg!
Som eg pleier å gjere...

Klipt meg! Og farga, for første gong sidan... februar? Biletet er uklårt fordi eg gløymde/ikkje gadd å ta av 'makro'fokuset.

Kjøpt meg båt! (Skip?) ...på tidlegare nemnde Countryfestival. Utnytta sjølvsagt kvelden til å krevje at folk refererte til meg som Captain Black Sparrow. Good times. Yarr.


Har de møtt brillene mine? Briller, lesarar. Lesarar, briller. Timon, Pumbaa.
Eg vurderer moglegheitene for at 'lesarar' kanskje skulle vore i eintal, ettersom eg mistenker at den einaste lesaren eg har er Niclas...


Mamma har bakt brød! Nomnomnomnomnomnomnomnomnom...




Skogstad har visst ikkje råd til å kjøpe Loudmouth-bukser, og har prøvd å sy sine eigne. For samanlikninga (og brifinga) si skuld, her er the Real Deal:
Stakkars, stakkars Skogstad...


PEACE OUT!

tirsdag 6. juli 2010

Bileteoppdatering




Trykk på bileta for høgare oppløysing.

Eg har anskaffa fotoblogg.