fredag 31. august 2012

Tiltaksløysa lenge leve!

Eg har hatt sommarferie, og i den anledning har eg stort sett gjort det eg gjer aller, aller best; absolutt ingenting.

Det var difor litt av ein lettelse å returnere til mitt beskjedne internettherredømme og sjå at det har ikkje skjedd stort her heller, anna enn at Google storkosar seg med å sende stakkars villeda sjelar min veg. Den siste månaden har eg blant anna blitt oppsøkt via stikkorda 'elg i vegg' og 'elg på veggen'.
Så dersom du snubla innom dette innlegget på leit etter faktisk relevant informasjon om elgveggar og veggelgar, må eg berre beklage.


Sommarferie, altså. "Ingenting" er kanskje ein liten overdrivelse (underdrivelse? inndrivelse? fordrivelse? gjendrivelse?) ettersom eg faktisk, når eg tenkjer meg om, har vore innom litt av kvart. I tillegg til årlege tradisjonar som hyttetur (sjølv om eg snart går hen og investerer i drikkeglas med kodelås, eller nye vener), Countryfestival og Malakoff (indirekte sjølvmordsforsøk type drukning, eg veit eg sa eg sakna vestlandet, men etter kombinasjonen festivalcamp og eit todagers jævla skybrudd...), kan eg blant anna skryte på meg eit kinobesøk i Førde. Eg skal ikkje gå nærare inn på akkurat det temaet, enn å påpeike at The Dark Knight Rises kan ha tatt min Batmanfascinasjon til religiøse proposjonar.

Ellers er eg jo alltid glad for å sjå att pusane.




Men til trass for at det ikkje fins nokon betre plass å lengte heim til enn fagre Breim...



...skal det også nemnast at det varmar litt bak inste hjarterota å stå opp om morgonen, kike ut glaset og sjå Valle.




Eg er altså tilbake i denne halvflate særs utprega folkekulturelle innlandskommunen der alt som er opp er ned  og det ikkje har så mykje å seie kor du går (we're all mad here).

Foreløpig kan eg ikkje skryte på meg stort anna enn å ha dekorert kaffiboksen min.



Iallfall ikkje viss ein ser vekk ifrå brosja eg fullførte i dag. Sølv og tre. Rosemaling. Rimeleg nøgd, sjølv om eg er bittelitt lei.


Litt usikker på kva eg skal gjere med den. Må få behandla treet på eit eller anna vis, for no trekk det til seg skit kjappare enn kvite Converse på ein gjørmefestival i Sør-Korea. Eg er opa for forslag (innslag, utslag og avslag, oppslag og omslag - slag av alle slag!).


Bonusbilete for god helse:


(Eg ser i mitt foregåande innlegg at eg kan gitt inntrykk av å slutte å prøve å vere morsom, men det kjem ikkje til å skje. Sorry.)

mandag 18. juni 2012

Tidsforvalting og liknande drøftingar

Av og til lurer eg på om eg har eit fritidsproblem. Eg har berre alt for mykje fornuftig å finne på. Det er altså derfor eg ikkje bloggar. Fordi eg har så ufatteleg mykje anna å gjere. Hovudsakeleg sitt eg og glanar på dette:


Og når eg ikkje sitt nøyaktig der, er det dette synet her som okkuperer nittiåtte prosent av av mine våkne timar:
Bortsett frå når eg les engelske bøker, sjølvsagt. Då står det jo ikkje på norsk. (Heheheheh... tørt...)


Når eg tenkjer meg om, hender det at eg pratar med folk óg, så ufatteleg som det enn må virke. Vi er ein riktig fin familie her i Valle.
Ein riktig stor og fin familie som er glade i kvarandre og tek vare på kvarandre og mobbar kvarandre regelmessig.

Men eg får pressa inn litt gullsmedarbeid/skulegreier på toppen av alt. Og ettersom det er så ufatteleg interessant for alle andre å lese om, (ironi kor?) kan eg jo oppsummere litt av det.


Prøvesvenneprøve i sølv. Fekk den ikkje godkjent, av åpenbare årsakar (t.d. at fattinga ikkje let seg gjennomføre). Ringskinna var ikkje bra nok, og heller ikkje ajoursaginga eller plasseringa på galleripinnane. Men loddingane gjekk bra, då.

 Nivåprøve i forkant av NM i gullsmedfag, som skal arrangerast i Valle til hausten. Biletet er av ei 36mm gullplate - før eg gjorde noko som helst, for eg kan love dykk at etter dette gjekk det berre nedover. Resultatet blei så skammeleg elendig at eg framleis vurderer å setje meg sjølv ut i skogen til elgen, for dette er rett og slett ikkje bra nok.

Smiring med perle. Viss eg ikkje tek heilt feil, så har eg behaldt denne inntil vidare, i tilfelle eg enten klarar å selge den, eller prakke den på nokon som ei veldig dårleg bursdags- eller julegåve. Kan jo skje!

I forrige veke (eller veka før der, eller kanskje tre veker sidan...) fekk vi besøk av Perledama, og etter mykje sutring, syting og sykling enda eg opp med tre perlekjeder.

Dei svarte terningane er hematitt/blodstein, og dei to andre henholdsvis agat og sodalitt. Riktig pene, syntes eg. Så fekk eg jo idear, då. Vanlegvis er det eit rimeleg sikkert teikn at at noko kjem til å gå fullstendig riv ruskande gale, men denne gongen gjekk det greit.

Ikkje ferdig, men ein ser vel kanskje poenget.



Og det reknar eg med var den siste verkstadoppdateringa for i år, ettersom eg i dag har byrja å rydde pulten min til ferie.
Ein ambisiøs bragd i seg sjølv, med tanke på at pulten min i det siste har sett enten sånn ut:
Eller om lag sånn ut:

Eigentleg er eg overraska over at folk held ut. Eg har gitt meg opp for lenge sida.
Den fine Batman-teikninga var forresten ei helsing frå vår alles kjære Eva-Lill. Så veit de det.


Eigentleg hadde eg tenkt å ha eit eller anna gjennomtenkt, smart bilete til å runde av dette innlegget, men eg har mista tråden for lenge sida, så er er eit tilfeldig Valle-bilete frå instagramen min. 




(Edit: Dæven, eg må slutte å prøve å vere morsom.)

torsdag 24. mai 2012

Det siste halve året


Det siste halve året har eg lært at ord ofte er totalt ubrukelege. Dei forbereder deg ikkje på noko som helst, mesteparten av tida gjev dei ingen forklaringar, og etterpå endrar dei ingenting. Og av og til er dei alt ein har.


Det eit halvt år sidan far min døydde.


Å komme tilbake på skulen kjendes som å setje seg ned for å handskrive eit tolvbinds leksikon, for så å oppdage at eg hadde gløymt penn. Det er rart kor mykje ein lærer. Som at ein bitteliten dal der kvar innbyggjar dyrkar sin heilt eigen form for galskap kan vere akkurat det ein treng for å gjenoppdage at ein har bein, og etter det er det hovudsakeleg berre eit spørsmål om å stå på dei. Eg har oppdaga at eg har vener der eg trudde eg hadde bekjente, medan enkelte folk klarer eg meg best utan. Eg har lært at av og til er det kanskje lov å ikkje ha kontroll over alt. Og eg har lært at eg ikkje er flink med følelsar, iallfall ikkje mine eigne.

Far min var den sterkaste personen eg kjente. Han som jobba og sto på, han som alltid var der, som bestilte legetimar og tannlegetimar og optikertimar og som drap alle skumle edderkoppar, uansett kor store og farlege dei såg ut. Han som las favorittboka mi om att og om att til vi begge kunne den utanåt, men fortsette likevel. Han med den tørre humoren og glimt i auga. Han som hadde lest både Snorres Kongesoger og Bibelen og alltid hadde rett. No må eg ta mine eigne edderkoppar, og eg må finne svar andre stader. Ein dag skal eg leite fram att boka om Ronja Røverdatter, men då må eg lese ho sjølv.



Dette er ikkje eit innlegg eg har gleda meg til å skrive. Det er heller ikkje eit innlegg eg nokon gong trudde eg skulle skrive. Kanskje det er derfor det har tatt så lang tid.
Ein seier at ein ikkje veit kor glad ein er i nokon før dei er borte. Eg er ikkje einig. Det eit halvt år sidan vi mista far vår. Sidan mor mi mista mannen sin og sidan mine seks tanteborn mista ein bestefar. Og i dag er eg framleis nøyaktig like glad i han som eg var den torsdagen for seks månadar sidan - og som eg var eit halvt år før det igjen, og i alle år tidlegare. Eg håpar berre at han visste det.

Eg er glad i deg, pappa.