lørdag 28. mars 2009

Gråt inte över spilld vodka...

...njut av resten!
Greit, det har ikkje noke med saken å gjere, men det får så vere. No har det seg sånn at eg ikkje har blogga på... lenge... men syntes nesten dette var så viktig at det måtte inn.

Forrige helg fekk eg beskjed om at pappa skulle ringe dyrlegen. Foten til gamlepus Caspritius har vore dårleg sidan tidleg i vinter, og det har berre blitt verre med tida. Eg og mamma har vore ganske overbeviste om at det nok er kreft han slit med, både på grunn av kulen på foten og det at han verkar så bleik...

Han skulle til dyrlegen på torsdag, og eg starta sørgeperioden på onsdag, tok han ned på rommet mitt og kosa med han heile dagen. Venta jo det verste sjølvsagt, ni år gammal katt som kanskje har kreft er ikkje av dei med best sjansar, så eg var sikker på at det blei avliving på flekken.

Torsdag avlyste eg basstimen for å rydde plass til dyrlegetur. Var deprimert heile dagen, og kan ikkje huske sist eg grein så mykje.

Å vere i bilen var forferdeleg. Caspritius stakkar hadde berre køyrt bil tre gongar før, og no var han atpåtil i bur. Skreik og kava så eg nesten var redd han skulle stryke med der han satt.
Inne med dyrlegen ville han heller ikkje vere, men han roa seg litt. Vrei og vende seg og ville aller heldst hoppe ned frå bordet, og når han ikkje fekk det gøymte han heller hovudet i gensaren min.

Ikkje var eg til så mykje trøst heller - eg grein konstant frå eg kom heim, på vegen ned til dyrlegen, inne med dyrlegen, på veg heim att, og litt til etter det. Til tross for at katten framleis lever i beste velgåande. Eller... beste er vel kanskje litt å overdrive. MEN HAN LEVER!

Eg var foresten ikkje den einaste. Mamma satt heime og seip litt for seg sjølv har eg høyrt rykter om, og i følge pappa såg det ut til at det var like før dyrlegen tok til tårene.


Klumpen på foten fekk vi beskjed om er en infeksjon, men dyrlegen har god tru på at den skal bli fin igjen, ettersom han har ganske grei førigheit i den enno. Så nå er det to vekers penicillinkur.

Ho var litt meir bekymra for at han pustar tungt og hostar. Det har han gjort i årevis. Det er sansynlegvis ein hjerte- eller lungesjukdom, og når han har gått med det så lenge er det vanskeleg å gjere noko med. Men sidan aktivitetsnivået er sånn nogenlunde (*kremt* Jada, eg veit han ikkje virker særleg aktiv, men han er ein kastrert hannkatt! Og berre den siste delen i seg sjølv tilseier jo at han er lat. Som pappa så fint sa, "Han ligg jo stort sett heile dagane, heilt til han kjem på noko jævelskap..."), han et godt og kroppsvekta held seg bra, får vi sjå.

Men det får vi ta når den tida kjem. No er eg berre glad for at eg har han.




Caspritius Bamsepus :)