onsdag 2. november 2011

Two teaspoons of wishful thinking...

Sånn, gallerismykket er ferdig! Eg må verkeleg sei at i forhold til temaet ("My impression of Oslo") er dette det næraste eg kjem ein innertier.

Du tek noko av det finaste og reinaste verda har å by på, og penslar på eit forsvarleg lag med skit. See? Oslo.


 Nei, okay, etter fjerning av neglelakk, oksidering og polering av faenskapet, såg det litt penare ut.

Og før nokon påfører seg sjølv eller andre større fysisk skade i forsøk på å finne ut kva pokker dette har med Oslo å gjere, kan eg sei at den øverste plata var eit forsøk på å referere til begrepet "Tigerstaden".
Det funka jo, det. Nesten. Viss ein legg godviljen til.


Eg stiller også spørsmål ved nokre av hjelpemidla vi har. Eg føler eg nesten burde dedikere eit eige blogginnlegg til "ting ein ikkje visste at ein ikkje visste ein kunne finne på ein arbeidssal".

Så veit vi det.


Comin' up: 
BIG-ASS BLING-BLING


tirsdag 1. november 2011

Ønskeliste (sist oppdatert: 15.nov)

1. Musikk

  • Kaizers Orchestra: Violeta Violeta Vol II [x]
    Kaizers Orchestra: Evig Pint [x]
    Kaizers Orchestra: Maestro [x]
    Kaizers Orchestra: Live at Vega [x]
  • Green Day: American Idiot [x]
    Green Day: Warning [x]
    Green Day: Nimrod [x]
    Green Day: Insomniac [x]
    Green Day: Dookie [x]
    Green Day: Kerplunk [x]
  • Skambankt: Skambankt [x]
    Skambankt: Skamania [x]
    Skambankt: Eliksir [x]
    Skambankt: Hardt Regn [x]
    Skambankt: Søvnløs [x]
  • Audrey Horne: No Hay Banda [x]

2. Film

  • Batman - The Motion Picture Anthology [x] (evt. blir alle seld separat som special edition med matchande cover på ti-ti i Førde...)
  • Tim Burton's Alice in Wonderland [x]

3. Bøker

  • The Complete Book of Jewelry Making [amazon]
  • The Batman Handbook [play]

4. Nintendo DS
5. Te
6. Andre ting eg treng men som eg ikkje har kapasitet til å komme på sjølv.

lørdag 22. oktober 2011

Eg har ein elg på veggen

Men den skal de få sjå ein annan gong...

HEI!
Eg har vore i Oslo!

Bevis!

Og i Oslo fekk eg nye vener! Vel, ein ny ven. Men ein ven nonetheless!

Smil til kamera, Harald!

Medan sjølve byen var like varm, vakker og innbydande som sist eg var her.


Og så var eg innom operaen, men ingen nye karriereløp opna seg for meg der heller...


Men eg var i Vigelandsparken og fann støff til hagen eg skal ha når eg blir stor!

Så reiste vi tilbake til Valle, der eg tilbrakte haustferien heilt mutters aleine, og no er eg tilbake og lagar anheng med galleri.



Og før vi reiste til Oslo laga eg hest.

Og eg er sånn rimeleg nøgd, for den er ikkje flat.

Og det er stort sett det.



Beetlejuice,
Beetlejuice,
Beetlejuice!

fredag 24. juni 2011

Ting Valle har lært meg

There is a place.


Like no place on earth.


Some say to survive it, you need to be as mad as a hatter.


Which luckily we are.






  1. Du har ikkje meir moro en du lagar sjøl - eller som folka i etasjen din sleng i trynet på deg, and then you better join them.
  2. Det fins heilage brusautomatar.
  3. Du kan dele opp galskapen, but they're gonna figure you out anyway.
  4. Alt kan spøtast. 
  5. Usynlege vener er heilt normalt!
  6. Er du i tvil - heng deg på den første som smilte.
  7. Det er ikkje juks så lenge det funkar!

Og så sånn for å runde av skuleårets siste Valle-innlegg, 
Hei Linda!

Rorschach/Watchmen-ish terning. Uferdig og ufokusert, that's how I roll!

Afghanistansbrosje/krigsbrosje. Sølv og messing.

Tentamensoppgåve.

Ringskinne i sepiastøp.

Ring-ting i sandstøp.

Danger Days widow.

Filigransøyredobbar.

Resten ligg i ei kasse under senga mi, for eg har ferie.

torsdag 9. juni 2011

Eksamen og andre ting eg har mareritt om

Eksamen. Eksamen. Eksamen. Eksamen. Stab. Rip. Stab. Stab. Død over slagloddsøl. Død over glødehud.

Dei siste vekene (månane) har eg hatt fleirfaldige detaljerte mareritt om korleis eg kjem til å stryke på eksamen. Eg  har brent ned opp arbeidsplassen min. Eg har brent ned skulen. Eg har smelta oppgåva. Eg har smelta verktøyet. Eg har svidd av meg både armar og bein. På eit tidspunkt trur eg at eg mista hovudet i syra. Ting har kome vekk i posten. To veker uti sommarferien har eg blitt oppringd av sensor i Oslo og fått beskjed om at oppgåva mi vart underkjend fordi den var skriven på nynorsk.

Og på tysdag byrja helvetet.
Smykke av valgfri type, naturtema. Minst tre av følgjande element: Plate med utsaging, trådarbeid/element frå filigran, sariefatting, knoppa form, galleri, smiing og sikkert noko meir som eg har valgt å fortrengje.

Blomar. Augestikkjarar. Tre. Reinsdyr. Blomar.

Eg er sikker på at eg har mista minst fem år av mitt liv, berre i dag. To hysteriske anfall. Eit fem timar langt adrenalinkick.
Og framleis ser det som i utgongspunktet var inspirert av ei sånn ei:


Meir ut som ein sånn:

Og eg har sove vekk mesteparten av dagen, vel vetande om at no er det forseint å smergle vekk noko som helst.

Men her er då faenskapet.

Glødehud. Stygge loddingar. Skeive snerglar. Mangelfull dokumentasjon.

Ein ting kan dei riktignok ikkje trekke meg for. Éin ting fekk eg faktisk nesten til. Måla stemmer. Nesten.
Sjølvsagt kan eg berre kome på eit dekkjande ord for dette på norsk, og det er griseflaks.

No må de unnskylde meg, eg skal gå og grine.

søndag 10. april 2011

15DC: Dag Seks

I tråd med at eg ikkje eig skam, hiv eg meg på att på dette stadig aldrande prosjektet mitt, utan å love å bli noko meir regelmessig enn det eg har vore.
Deal with it.


Aight, dag nummer seks:
Fem ting du gjer når du kjedar deg




1. Tek bilete av meg sjølv saman med bestevenene mine.



2.  Ser på seriar. Meiningsfylte seriar med moden, intelligent humor. Naturligvis.


3. Skriv anonyme kjærleikserklæringar til menneske eg aldri har møtt og (forhåpentlegvis) aldri kjem til å møte.
4. Knurrar til alt, så lenge eg er sikker på at det ikkje kjem til å knurre tilbake.
5. Blandar medikament og snik det inn i maten til medhybelbuarane mine. 


Look what I done!
Det kan trykkjast på, men det anbefalast ikkje.


torsdag 17. februar 2011

15DC: Dag Fem

Eg kan trøyste dykk med at dagens innlegg blir ganske kortfatta, ettesom eg skal bruke morgondagen på å late som eg er ein sosial og glad person. Dei som etter dette meiner at eg ikkje gjer ein innsats for skulen min, kan gå og henge seg.




Dag fem:
Fem teikn på at du IKKJE likar nokon


Let's just get this over with.

  1. Eg svarar kun i einstavelsesord.
  2. Eg baksnakkar personen til alle mine vener og set ut stygge rykter på Facebook.
  3. Eg forfølgjer personen med hagle og ventar på ein situasjon der eg kan skyte han/ho i ryggen og sleppe unna med det.
  4. Eg brukar minst førti prosent av fritida mi på å planlegge mord - men ender opp med å forkaste dei fleste ideane fordi dei ikkje høyrest smertefulle nok ut.
  5. Eg drep små skogsdyr og spikrar dei opp på døra deira.
Sånn. That sounds about right.

Åtte dagar att. Bob, give me strength...

tirsdag 15. februar 2011

15DC: Dag Fire

Sidan livet mitt er herleg begivenhetsrikt og eg ikkje har noko ønske om å dele dei usannsynleg underhaldande opplevingane mine med dykk, kan de få nokre bilete frå dagen til Timothy.




I dag kom han klatrande ut av røyret som stikk ned frå taket over pulten min, for å besøkje meg på arbeidssalen.


Og ettersom han, takka vere sitt opphav, er litt skeiv, fekk han låne dei vakre ringane til Nintendo, og var storveis nøgd med det.


No søv han, og det er forsåvidt å foretrekke, for ellers bråkar han så fælt.






Og så over til hovudgrunnen til at eg faktisk sit oppe og tastar enno, i staden for å gjere noko meir fornuftig.


Dag fire:
Fem teikn på at du likar nokon


- Eg truar korkje dei eller foreldra, besteforeldra, syskna eller kattane deira med kniv.
- Eg stalkar dei på facebook.
Dagleg.
- Eg sitt ikkje og peikar på dei med ein sånn ein:
...medan eg mumlar formlar som Sectumsempra eller Crucio.
- Uttalelsen av namnet deira forårsakar ikkje brekningar.
- Ellers er det vel ein heller dårleg bevart løyndom at eg lagar lydar når eg ser ting eg likar. Sånn generelt.


Completely unrelated quote:
"I Norge e de gamle definert som hellige. Du har ikkje lov til å slakta de gamle, de gamle ska bahandlas med respekt."
- Per Inge Torkelsen

mandag 14. februar 2011

15DC: Dag Tre

Why have a Valentine...
...når du har ei øgle...


...smilande nescafé...


...og piller? Life is good!




Så får eg vel fortsetje på den challenge-greia mi, då.


Dag tre:
Fem måtar du bryt isen


No er det vel ingen som blir dødeleg sjokkerte viss eg står fram og innrømmer at mine sosiale antenner ikkje er dei best fungerande i verda. Hell, dei er ikkje ein gong dei best fungerande i Valle. TIMOTHY har betre sosiale antenner enn meg. Så når eg ein sjeldan gong blir ufrivillig kasta ut i ein sosial situasjon med ukjende og potensielt farlege menneske, hilarity ensues. Sidan eg ikkje snakkar med folk, aldri har hatt noko nemneverdig ønske om å bryte isen og dermed ikkje veit korleis det skal gjerast, velger eg å tolke dette oppdraget som "Fem ting du gjer når du møter nye folk."



  1. Snakk om fiskegrateng. Dette får deg til å verke som ein komplett idiot utan aning om korleis ein skal oppføre seg i sosialt samkvem, eller nokon andre stader for den saks skuld. Med andre ord, gjev det eit ganske korrekt førsteinntrykk.
  2. Gå med den mest skranglande, klirrande, bråkete buksa i heile jævla landet. Viss nokon faktisk tek kontakt med deg frivillig etter dette, tyder det på at dei kan halde ut det meste du kastar mot dei. Ellers kan du risikere at dei held seg på trygg, lang avstand, og det er jo definitivt å foretrekke.
  3. Tryn på asfalten og slå hol i alt du har av kne og hovud. Ingen grunn til å la dei tru at du har nokon form for koordinasjon og balanse.
  4. Curlingbukse og pingvinsokkar. Eg anar ikkje kvifor dette fungerar, men det gjer det.

    Eg innser at å "bryte isen" faktisk kan bety å bryte isen, og i så fall har eg berre ein metode:
  5. Hopp på den.


And with this, I say GOODNIGHT!

søndag 13. februar 2011

15DC: Dag To

Eg har byrja å like te.
Og kaffi.
Og plakatane dett ned fordi veggane er stygge.




Anywayz, dag nummer to:
Fem ikkje fullt så grunnleggjande fakta om meg



  1. Yndlingsfargen min er grøn, men det einaste eg eig av grøne klede er eit par sokkar.
  2. Kinderjulekalendaren min står oppe enno.
  3. I fjor sommar lærte eg at overgongen mellom våt gore-tex og smelta gore-tex går raskare enn ein skulle tru.
  4. I niande klasse kunne eg sleit eg med å stave "which", men "pterodactyl" gjekk fint. 
  5. Eg byrja med å stupe ned trapper når eg var lita, og har aldri heilt klart å slutte med det. Dette har blitt ei delvis godkjend forklaring på kvifor eg er blitt sånn som eg er i dag. 



Ellers har eg litt heimlengsel og saknar pusane mine...