søndag 14. mars 2010

It's a fashion statement, og Ingvald er ingvalid

Fredag utnytta eg fridagen min maksimalt. Eg sto opp ein time før eg pleier på ein skuledag, og reiste på Sandane med det eine klare målet å følgje etter frøken Ingvaldsen på skulen. Dermed vart eg så heldig å få ha engelsk med 1STA. Mission Accomplished.
Og for å forklare ein god del hendelsar utanfor det 'normale' spekteret dei siste åra, har vi no fått bekrefta at Ingvaldsen er ingvalid.

Men hovudpoenget i dette blogginnlegget (oh yes, eit POENG! Ein heilt ny verden innan blogging øpnar seg føre meg...) er at når eg kom heim att same fredagen, hadde eg fått pakke i posten. Eller, eigentleg er det ikkje sjølve pakken som er greia, men det som er inni den. Sjølv om innpakkinga óg var veldig kjekt å få på kjøpet!

De kjenner kanskje att dette mønsteret?


Har de skjønt det enno? Hmm?
(Og til dykk som no sit og ristar på hovudet og tenkjer "Nei... Nei... Nei... Nei... Nei..." med psykiatrisk avdeling på hurtigtast - ta dykk saman!)

Here it is, anyways.

Det er lov å vere misunneleg!
Eg har utnytta sjansen til å gå med den på Eid (der favorittreaksjonen, blant ganske mange, var to unge pastellkledde jenter som stirra uforskamma i fleire minutt) og idrettsklubben ("Kan eg få ta på den?").



Og for å sette opp ein liten FAQ:
1. JA, du såg fleire tilsvarande eksemplar på TV i februar.
2. Den er kjøpt frå Loudmouth Golf.




Og sist, men eigentleg ganske tydeleg:
BUKSA MI ER KULARE ENN BUKSA DI!

lørdag 13. mars 2010

These colours don't run





Iron Maiden - These colours don't run
Far away from the land of our birth
We fly a flag in some foreign earth
We sailed away like our fathers before
These colours don't run from cold bloody war



_ _ _ _ _
Hest: Chunga-stock
Løve: NefaroStock
Skyer: Stock-jm
Bakgrunn: The-strawberry-tree
Texture: Sheisprettystock

mandag 8. mars 2010

Kvil i fred, Gloria

Ankom 24.desember 2009
-
død natt til 8.mars 2010


utstøytt, men elska

fredag 5. mars 2010

Burtastic!

There is a place. Like no place on Earth. A land full of wonder, mystery, and danger! Some say to survive it: You need to be as mad as a hatter.


Which luckily I am.



No har eg vore på kino med frøken Ingvaldsen, og sett Tim Burton sitt siste meisterverk, Alice In Wonderland.
Eg har sagt det opptil fleire gongar før, og no seier eg det ein gong til og det blir heilt sikkert ikkje den siste: Tim Burton er eit GENI.


Eg er jo Burton-fan frå før, og har utruleg mange gode minner frå den gamle teiknefilmen, men dette var utan tvil det beste eg har sett sidan The Dark Knight (som forøvrig var sist eg var på kino). Eg elskar måten har leier oss tilbake til klassikaren, samtidig som det blir noko ein (iallfall eg) aldri har sett maken til. Så vidt eg har skjønt baserer den seg også på den andre boka om Alice, Through the Looking Glass. Samt at dette er enda eit samarbeid mellom Burton, Johnny Depp og Danny Elfman.



Eg har aldri hatt heilt sansen for Johnny Depp, sjølv om eg tykkjer han er fantastisk som Jack Sparrow, er det først no eg augene opp for han. The Mad Hatter er utan tvil den mest underhaldande (for ikkje å nemne herleg fantastisk spinhakkande galen, og det likar vi!) karakteren i filmen.


Min favorittkarakter, til trass for tøff konkurranse frå the Mad Hatter, er og blir likevel the Cheshire Cat, Filurkatten:


Som er akkurat den same som den i klassikaren, litt for skummel til å virke heilt snill, med eit halvpsykotisk smil som får meg til å tru han planleggjer noko mørkt og farleg, men likevel er på den gode sida. Dette er ein pus etter mitt hjarte!


Ein annan eg fekk sansen for er the Bandersnatch, eit stort, kvitt, raskt og farleg dyr med riktig mange tenner. Denne kom opp under diskusjonen i bilen på veg heim, som utarta seg noko i retning av slek:
Meg: "Eg kunne eigentleg tenkje meg å ha ein sånn stor, rund pelsball med flekkar og lang hale... Eller, eg har vel ein stor, rund pelsball med lang hale, men han er litt... feit... og lat..."
Ingvaldsen: "Du, no må du slutte å snakke stygt om Einar!"
(Eg snakte no eigentleg om katten, men ho har vel kanskje eit poeng...)

Why is a raven like a writing desk?

torsdag 4. mars 2010

Ny header og Bob Bryar

PUNKT EIN. Ny header. Truleg er kjem den ikkje til å vare like lenge som den andre, men eg bladde igjennom nokre gamle filer på denne dataen, og kom over nokre bilete eg tok 17.mai for nokre år sidan. Viss du ser godt etter og snur litt på dei små grå, kjenner du kanskje att Nordfjordsongen. Er litt usikker på kvifor, men eg har verkeleg sansen for denne songen. Kanskje det har noko med dei klåre bileta eg får i det ellers så fargelause og ordfylte hovudet mitt, kanskje det er noko med alle dei gode anledningane den har blitt brukt til, kanskje det er litt av alt. Kanskje det til og med sit ein liten patriot inni her ein plass. Uansett, får eg alltid frysningar på ryggen når eg høyrer den.

PUNKT TO. I kveld når eg logga på Facebook, låg det ei melding frå eit av yndlingsbanda mine øverst i nyhendene. Først tenkte eg det verste - at no har dei brote opp, men så gale var det heldigvis ikkje. Likevel, det var ingen gladnyheit.
Så er det omsider bekrefta. Bob Bryar har skild lag med My Chemical Romance.

Eg saknar han allereie, og det verkar heilt feil at vi ikkje får sjå eller høyre denne utruleg dyktige mannen bak MCR-trommesettet meir. Eg kan sitje her og skrive side opp og side ned, men det skal eg ikkje. Han er ikkje daud, og eg vil ikkje få det til å høyrest sånn ut heller. Men nokre ting er klare:
- My Chemical Romance blir aldri det same.
- Eg saknar han allereie.
- Eg ønskjer han lykke til - og satsar på at han snart kjem att i ny drakt.
- Forhåpentlegvis slepp han handleddsoprasjonar og tredjegrads forbrenningar i framtida.
- Han framstår for min del framleis som den kulaste trommisen ever.


Og hugs å stemme på Gloppen Janitsjar på musikkorps.no!

onsdag 3. mars 2010

Eg føler meg så spesiell *hjertehjerte*


Ein liten sjanse for at eg kjem inn, moglegens?

Ang. header, skal det fiksast så snart eg får tilgong til program eller får ein annan god idé.

tirsdag 2. mars 2010

Er det ikkje fantastisk...

...når du er ferdig med vinterferien, kjem tilbake på skulen, ser ut og tenkjer at snart kan du gå med converse og tynn jakke til skulen...
Og så byrjar det å snø. Igjen.

På veg opp frå butikken i dag møtte eg ein mann som lo av meg. Eg skjønar ikkje kvifor.



Ellers:
TESSELERING


ASSEMBLAGE

På lappen står det noko i retning av:

No skal eg tenne lyset mitt, vente på at maten min blir ferdig, sjå Bokprogrammet på NRK1 og håpe på at nokon finn ut at dei skal brøyte utanfor, så eg slepp på grave meg til skulen i morgon.

Blogg off.

mandag 1. mars 2010

What to do, what to do....

LET'S BLOG! Øøøøøu jess.... må jo ta vare på dei to følgjarane eg har. (Mamma? Er du der?)

So, what's new? JO, eg har køyrt pc'en min til helvete. Vifta, iallfall. Så nå har eg fått med meg den gamle Dell'en, som var den første bærbare pc'en vi hadde i huset. Bortsett frå at skjermen strekk litt på alt mogleg og batteriet er daudt, er eg stort sett nøgd. Fekk iallfall med meg curling-finalen, og den har ingen problemer med å vise heimesida til Shaun the Sheep.
På den negative sida: Eg kan ikkje flytte på meg. Eg har ikkje photoshop. Eg har ikkje filmane mine (og så eg som hadde tenkt å sjå Herkules :( ). Eg har ikkje... nei... det var stort sett alt...


Ellersssss har eg fått til den dingsebomsen her:
som er antenna til det mobile breibandet mitt. Tidlegare har signalet vore for svakt, og eg ha måtta brukt mobilen, derfor har eg bytta til ein gammal Sony Ericsson fordi det berre var Nokiaen som hadde forskjellige utgongar til USB og ladar og at du faktisk les dette avsnittet ser eg på som eit reint under. Det er skikkeleg uinteressant og eg gidd ikkje forklare det. No gløymde eg resten og. Crap.



I går hengde eg opp tre nye plakatar på hybelen. Etter å ha stirra på tomme, kvite veggar i over eit halvt år (!!) er eg søren ikkje sikker på om eg framleis faktisk bur på hybel, eller om familien endeleg har beslutta å beskytte samfunnet frå mitt nærver og sperra meg inne ein stad.

"Stor" Malakoff-plakat frå 2009, som eg fekk gratis. Eg har iallfall ikkje stjelt den frå busstasjonen på Sandane mens eg venta på at pappa skulle hente meg etter eg såg Kaizers på fredagen iallfall, viss det var det du trudde...

MCR og Green Day kjøpt då eg var i Førde med frøken Ingvaldsen.



Kva meir?
Gammalt bilete:
Teke på IDK. Eg og Malin pleide å vise dette biletet til folk, og få dei til å tru at det var sånn håret mitt eigentleg såg ut, når eg ikkje hadde brukt rettetang. Good times, man...


Eg klarer ikkje skrive interessante innlegg. Monstah?


MONSTAH! :D