onsdag 1. april 2009

Fjellsikring + pakke i posten

Sidan ein stor meteor datt ned igjennom taket vårt i dag tidleg, måtte vi rømme opp i skogen for ikkje å bli skotne ned av krigerske romvesen frå Pluto. Dei var visst sinte for at planeten deira ikkje lenger hadde planetstatus, men fekk ikkje nyheitene før no pga. treig post.



APRILSNARR!!!
Eg lurte deg godt der, ja? Hehehe....



Nei, men vi hadde fjellsikringsdag på skulen i dag, skulle lage igloo, sette opp telt og grave snøhole. Desverre raste snøhola saman, og fire elevar blei fanga. No har vi ikkje høyrt frå dei på elleve timar, så då kjem vi vel ikkje til å gjere det heller.


GOTCHA! APRILSNARR!!
Ikkje så kjekt andre gangen? Sorry.


1.April og fjellsikringsdag på Utviken. Mens dei fleste drassa med seg ski og skistavar som stort sett var enten for lange eller for korte, brukte ein halv time på å få dei på seg berre for å gå eit lite stykke, kava dei av seg igjen og måtte krype rundt for ikkje å gå med snø til hoftene, var eg, Niclas og Ingvild godt utstyrte med ein av verdens tøffaste oppfinnelsar: truger.



Sånn ser mine (teknisk sett mamma sine) og Niclas sine (eigentleg pappa sine) ut. Ingvild sine var litt mindre fancy, men MYKJE betre enn dei skulen lånte ut, små, firkanta klossar. Desverre var vi ikkje på samme gruppe. Eg er ikkje sikker på kva Ingvild gjorde, godt mulig ho laga igloo, Niclas var på gruppa til Einar og sette opp telt, mens eg var på ei snøhole-gruppe.
Om eg skal seie det sjølv, var vi jækla flinke.

Eit tips viss du nokon gong grev snøhole med Malin: Ver forsiktig med å la ho grave innerst! Før du veit ordet av det, har du nakken, kjeften og nasa full av snø, og ho står inne og grev som ein villmann.

Men vi blei nesten heilt ferdige med hola, skulle berre ha tetta skikkelig igjen den eine inngongen og fiksa den andre, så kunne opp til tre stykker ha overnatta inni der, visstnok.


Og så fekk eg pakke i posten i dag! :D
Eg kjøpte ein korsett-aktig topp av ei jente som hadde fått feil størrelse. Heilt ubrukt.



(Eg er klar over at det ser litt rart ut, men det var vanskeleg å ta bilde og halde seg fast samtidig)
Det er ikkje rosa og skinande, men heilt raudt. Sånn berre så det er sagt. Avtagbare stropper. Eg synest den var skittøff!

Ellers... har eg faktisk ikkje lurt nokon i dag... Dårlig...

Ingen kommentarer: