torsdag 25. november 2010

Hungarian Dance No. 1 in G Minor

(Sånn, no har tittelen om lag like mykje mening og samanheng som resten av innlegget. Ikkje kom her og fortell meg at du ikkje var advart.)

Her om dagen fann eg ut at eg skulle brette ut refleksvesten som mamma har sendt meg, og ut av den spratt det noko lite svart noko som straks gøymde seg under skrivepulten. Etter å ha vurdert situasjonen og kome fram til at det ikkje var ein critter, fann eg ut at det var ein sånn minnepenn-sak med høl til minnekortet. Så no har eg ikkje nokon unnskyldning for ikkje å blogge lenger.
Sjølv om eg ikkje har nokon att å blogge for, ettersom eg håpar alle som har venta på noko godt har innsett at det ikkje kjem og gitt opp heile greia. Viss ikkje bør de kanskje byrje no.
Eg ser forresten at nokon frå Nord-Trøndelag har kome innom her etter å ha googla "Arbeidsbenk". Stakkars.

I følgje alle dei latterlege blogganmeldingane eg har lese, kan eg allereie konkludere med at dette er a sad excuse for a blog, så eg tenkte eg skulle feire med å gjere sånn som eg gjorde sist eg fann ut at eg skulle ha eit innlegg med meining.

Visste dykk at all julebrusen her nede er brun? Kva søren liksom.

Heldigvis meg og alle i mitt nærver har Coop julebrusen frå Ringnes på småflasker.

Krøllering. Før polering, sjølvsagt. Designet er pokker så stygt, men etter ei og ei halv evigheit under poleringsskiva blei den sånn passe shiny. Så blir det sikkert endå kjekkare å smelte den så fort moglegheita byr seg.

Eg har fått ei sånn greie for pinglekaffi med skum på. Og å røre med gaffel. Kvifor rører ikkje fleire med gaffel?


Eine læraren min laga desutan ein smykkekolleksjon basert på rundballar (også kjent som "bondeperler"). Eg vil nesten ha ei sånn.

Anheng med fem skåler. øLOL. Fail. Untatt den skåla på toppen, for den var det læraren som lodda på.

Men midt i all håplausheita fekk eg jaggu ENDÅ ein uventa pakke i posten.
BATMAN-PENNAL!
Folk har blitt religiøse av mindre!

Ellers har eg...
...laga middag. Eg blei så stolt at eg måtte sende melding og skryte til alle som moglegens brydde seg. Eg trur faktisk dette er første gongen sidan barneskulen eg faktisk har kokt poteter.

...prøvd å lære å teikne. Ingen suksess så langt.

...gjenoppfriska mine kunnskapar om kva som skal drikkast og ikkje, og korleis det skal skrivast. Tok imidlertid bilete av feil skjema. Close enough.

...bytta ut alle mine vener med ein katt som eigentleg ikkje likar meg.

...og kjøpt åtte bøker for 349kr. Opprinneleg låg katten i midten, men han gjekk såpass lei av klaginga mi at han gjekk og hengde seg (Eller åt. Kven kveit.), og eg måtte erstatte han med ei bok. Eg er mykje lukkelegare no.


Og forresten.
KJÆRE RUSSLAND!

Eg er framleis ein stor tilhengjar av både språket og kulturen dykkjar, og håpar de snart vil invitere meg heim på middag og tradisjonsutveksling.
Dei helsikkes kalde vindane kan de imidlertid få behalde. Ærleg talt, det er vanskeleg å elske dykk når de oppfører dykk sånn.

Kjærleg helsing
Bastarden



Har forresten sett Harry Potter and the Deathly Hallows Part I. Ganske bra film, ikkje den beste hittil, men truleg verdt pengane. Sjølv om Stanislav Ianevski mangla. Viss ikkje dei ville ha han lenger, kunne dei sendt han til meg. Hadde ikkje plaga meg det spor.

Oh well. "Lenge leve galskapen" er ikkje lenger min faste leveregel. For augeblikket trur eg meir på at det ikkje finnast noka framtid. Eg kan strekkje meg til morgondagen, men ikke eit minutt lenger! Det stridar dermed mot mitt livssyn å lage noko framtidsretta.



Min lærar lagar nøkkelringar av elgdrit, kva gjer din?
Forresten ingen bilete av meg i dag fordi eg har mista alt håret grunna stress.

3 kommentarer:

Brita Sandven sa...

Ååh, så kjekt med update!:-D
Saknar deg snuppi!<3

Mine lærerar motseie kverandre og seg sjølv... Og ein ting dei ikkje gjer; samarbeidar...

Frk. Ingvaldsen sa...

Læraren min (eller, ikkje akkurat min, vi hadde han berre som vikar, men han er læraren til Einar) gjekk (mest truleg) ein heil formiddag uten å late att smekken på buksa si....

No er det ikkje lenge til jul!!!!!! <3

Mr. Owen sa...

Jippi!!!! nå kan du fint få lov å blogge hver dag! :)
Det er ingenting rart eller gale med noken av mine lærerar what so ever!
(I'm beggining to think I might be the one with the problems)