mandag 14. februar 2011

15DC: Dag Tre

Why have a Valentine...
...når du har ei øgle...


...smilande nescafé...


...og piller? Life is good!




Så får eg vel fortsetje på den challenge-greia mi, då.


Dag tre:
Fem måtar du bryt isen


No er det vel ingen som blir dødeleg sjokkerte viss eg står fram og innrømmer at mine sosiale antenner ikkje er dei best fungerande i verda. Hell, dei er ikkje ein gong dei best fungerande i Valle. TIMOTHY har betre sosiale antenner enn meg. Så når eg ein sjeldan gong blir ufrivillig kasta ut i ein sosial situasjon med ukjende og potensielt farlege menneske, hilarity ensues. Sidan eg ikkje snakkar med folk, aldri har hatt noko nemneverdig ønske om å bryte isen og dermed ikkje veit korleis det skal gjerast, velger eg å tolke dette oppdraget som "Fem ting du gjer når du møter nye folk."



  1. Snakk om fiskegrateng. Dette får deg til å verke som ein komplett idiot utan aning om korleis ein skal oppføre seg i sosialt samkvem, eller nokon andre stader for den saks skuld. Med andre ord, gjev det eit ganske korrekt førsteinntrykk.
  2. Gå med den mest skranglande, klirrande, bråkete buksa i heile jævla landet. Viss nokon faktisk tek kontakt med deg frivillig etter dette, tyder det på at dei kan halde ut det meste du kastar mot dei. Ellers kan du risikere at dei held seg på trygg, lang avstand, og det er jo definitivt å foretrekke.
  3. Tryn på asfalten og slå hol i alt du har av kne og hovud. Ingen grunn til å la dei tru at du har nokon form for koordinasjon og balanse.
  4. Curlingbukse og pingvinsokkar. Eg anar ikkje kvifor dette fungerar, men det gjer det.

    Eg innser at å "bryte isen" faktisk kan bety å bryte isen, og i så fall har eg berre ein metode:
  5. Hopp på den.


And with this, I say GOODNIGHT!

1 kommentar:

Mr. Owen sa...

eg les bloggen din. så du veit det.