tirsdag 7. desember 2010

Sjuande episode!

I dag låg heile TCCB i sengene sine og grubla på kven nissen kanskje kan vere, derfor blei det ingen spanande episode i dag. Nissen sjølv sat på utedassen og spelte banjo.

mandag 6. desember 2010

Sjette episode!

«HOHOHO!» ropar ei grov stemme. «Er det noen znille bahrn her?»
«JULENISSEN!» jublar Niclas og hoppar ut av senga, tett følgd av Ingvild, Synne og Einar. Inn døra kjem ein mann i raud drakt og langt, kvitt skjegg, så langt at han kunne halde det på plass med beltet.
«Har dere væhrt znille da, unger?» seier han høgt, og svingar ein stor, tung sekk frå den venstre skuldra og ned på golvet.
«JA!» svarer alle i kor, og samlar seg saman rundt han, der han set seg ned i den eine stolen.
«Zkal vi ze her da...» Han grev i sekken og finn til slutt fram ein stor, firkanta ein, og myser på den, før han ristar på hovudet og legg den ned att. Så finn han fram ein på storleik med eit flatpakka furubord frå Ikea. «Erhlend Loe?»
«BEDRAGAR!» skrik Einar, han spring opp og peikar rasande mot den billege plastmaska. «ERLEND LOE BUR IKKJE HER!!»
Dei andre stirrar vantru mot den svære mannen. Tårene veller opp i auga til Ingvild og ho kveler eit hulk.
«Men viss ikkje det er julenissen, kven er det då?» spør Niclas, mens Synne prøver å trøyste Ingvild, som er på veg inn i sjokk.
Mannen lener seg bakover i stolen og ler av full hals.
«Derhe har helt rett!» seier han. «Jeg er ikkje julenizzen!»
«Men kven ER du då?!» roper Einar, som verkar stadig meir opprørt, og det er kanskje like greit at dei ikkje har skytevåpen tilgjengeleg.
«DET!» ropar den såkalla nissen, og spring opp av stolen så brått at ungdommane skvett til. «Kommer jeg ikkje til å forhtelle dehre! Dehre må gjette!»
«Og kva får deg til å tru at vi VIL vete det?» spør Ingvild, som har gått frå sjokk til å bli direkte opprørt.
«For vizz ikke dehre finner ut av det, kommer julenizzen aldri tilbake!» svarer tjukkasen i triumf.
«Men då blir det ingen gledeleg jul!» seier Niclas med panikk i stemma.
«Og kva med alle ungane!» Einar høyrest om mogleg endå meir panisk ut enn Niclas. «KVA MED BARNA?!?»
«MWAHAHAHAHA!!!» ler nissen.
«Vi må gjette!» fortset Niclas. «Er du Erlend Loe!?»
«NEI!!» ropar nissen, og ler endå meir.
«MEN BARNA!!!» skrik Einar igjen. «TENK PÅ BARNA!!»


Kva er denne plutselege interessa Einar har fått for ungar? Har han blitt PLAN-fadder? Skal han bli far?
Kven er eigentleg denne såkalla nissen, og er det sant det han seier om den ekte nissen? Blir det i det heile tatt jul i år?
Er det berre meg, eller er dette dei mest saklege spørsmåla eg har hatt hittil?!

søndag 5. desember 2010

Femte episode!

«Kor blei det av Einar?» spør Ingvild og ser seg om, utan å få auge på klassekameraten.
«Han skulle vel sikkert ut og sjå etter Nina,» svarer Niclas, som koker tomatsuppe ved familien Skinlo sin trufaste hyttekomfyr. «Kva er denne til?»
Ingvild får verken tid til å spørje kva han snakkar om eller svare på det, ho blir avbroten av eit øyredøyvande smell som får henne til å lukke augene og stupe ned bak omnen. Synne kjem springande inn frå røykepausen sin, og det første ho ser er Nicas, som står midt på golvet med andletet fult av suppe, omgjeven av det som er att av komfyren
«Den raude knappen...» seier han berre, og blant kokeplatefragmenta finn ho ein stor, raud knapp med påskrifta 'Do NOT push. Ever. SERIOUSLY!'
«Kva i HELVETTE er dette?!» utbryt Einar i det han kjem inn i kaoset.
«Knappen...»
«Ikkje det, DET!» avbryt sandensaren, og peikar mot bordet.
«HALD DEG UNNA BARKEBÅTEN MIN!» skrik Ingvild krakilsk, kastar seg mot Einar og dyttar han ut av vegen, trykkjer barkebåten til seg og spring ut av hytta.
«Og kva i helvette er DET?!» Denne gongen peikar han på rotet av tomatsuppe og komfyrrestar.
«Niclas trykte på den raude knappen,» oppsummerer Synne.
«Din ostepop! No har vi ikkje komfyr!» kjeftar han. «No må vi fyre bål!» Og så røskar han med seg ein vedsekk og går ut for å fyre eit bål.


Utanfor hytta ligg steinen og irriterer seg over den fryktelege knirkinga i snøen.
Skulle tru det var ein elefant som kom! tenkjer den. Steinen har aldri møtt ein elefant, men for ei stund sida datt det ein annan liten stein ned ved sida av han, som påsto han hadde blitt trakka på av ein. Derfor veit hyttesteinen alt om elefantar, og korleis det høyres ut når dei går. Ein dag skal eg reise meg og knirke tilbake, tenkjer den. Til hausten, kanskje. Eller neste vinter.
I ly av mørkret smyg ein tjukk, raudkledd mann seg mot hytta.


Kven er det som er ute og snik i snøen? Er det nissen, eller er det berre Jon Blund som har komme for å lære oss om menneskerettar? Kan menneskerettar etast?
Kva er greia med barkebåten til Ingvild, og er det vanleg at komfyrar blir laga med Self Destruction-knappar?
Har steinen det bra med seg sjølv, og kva med forfattaren?!

lørdag 4. desember 2010

Fjerde episode!

«KOM BLÅÅÅNEEE, KOM JENTE, KOM GUUUT!»
«NICLAS! Kva i hælvette er det du driver med, din halvfulle hagenisse?!» ropar Einar, så heile hytta ristar og alt håp om ein roleg morgon forsvinn ut pipa ein plass.


«I dag kan endeleg dei tilsette ved Oslo Meteorologiske Institutt lene seg tilbake i godstolen og stryke seg over ølmagen, for etter dei siste skandaløse dagane har dei omsider meldt heilt riktig! Bortsett frå at snøfallet på store deler av Vestlandet har avteke, er det ingen endringar i veret. Ellers har vi ikkje så mykje spanande å dele med dykk i dag. God helg!»


«Vi treng vatn!» slår Nina fast så snart ho har fått surra seg opp av senga, og hjernen så smått har begynt å fungere. «Eg går og hentar.»
«Men det er jo over ein meter snø ute,» peikar Niclas ut.
«KVA?!» kvesser Nina. «Seier du eg er for lav?!»
«Det har eg ikkje sagt...»
«IKKJE MOBB MEG!» skrik ho. «Eg er faktisk HEILT normal!» Så raser ho ut døra med vassbøtta i handa.


Synne kjem ned frå hemsen omtrent samtidig som Ingvild kravlar ut av tunnelen frå do, og fem minutt etter at Einar har gått ut, gravd seg ei hole til og kome inn att.
«Grav deg ned i tide!» svarer han då dei spør. Så går han ut og hentar snø som dei kan smelte til vatn.

«Kor mykje mat har vi att?» spør Synne, etter at gruppa har slått seg til ro for kvelden inne i hyttestova. Det brenn godt i omnen, og det luktar svakt av steikte pølser.
«Nina sa vi hadde mat for minst ei veke,» svarer Ingvild.
«Kor er Nina eigentleg?»
Det blir stilt, og minst eit medlem kikar seg rundt for å sjå om Nina verkeleg ikkje sit blant dei. Til slutt reinsar Niclas strupen og svarer.
«Ho sa ho skulle hente vatn før i dag, og så for ho...»
Snart kan dei konstatere at både Nina og vassbytta er vekk.


Utan for hytta, under all snøen, ligg ein stein og ventar på våren. Den frys litt på bakpartiet, for ein eller annen reiv av ein mosedott i sommar. Dessutan ligg den og tenkjer på eit av dei større filosofiske problema ein stein kan ha. «Til våren skal eg reise meg,» tenkjer den. «Og så skal eg vise dei idiotiske tobeinte hostesaftdrikkande beista korleis det er å bli trakka på!» Men så tenkjer den litt til, og rettar på seg sjølv. «Til hausten, kanskje.»
Ca. hundre meter til venstre for denne steinen, står ein mørk skugge halvvegs skjult bak eit tre.

Har Nina verkeleg så store kompleks for høgda si, og er Einar verkeleg så stor fan av fjellvettreglane? Kan Synne dei?
Kven reiv mosa av steinen, og er alle steinar like hemntørste? Og kven er det som står bak eit tre?!

fredag 3. desember 2010

Tredje episode!

«EG SKAL DREPE HAN!» gaular Nina, ganske så passande akkurat i det Einar kjem inn igjennom døra. «KOR HAR DU VORE?!»
«Æ har blæst tu bælgen,» svarer Einar. «Og så har det snødd. Det når opp til vindauga no.»
Til deira store skuffelse, kan dei andre bekrefte at ikkje berre når snøen opp til vindauga, den når halvvegs over dei.
«Korleis du kom deg oppatt?» spør Niclas.
«Eg gravde ein undersnøisk tunnel ved hjelp av ein lighter og ei vedskie,» svarer Einar. «Det tok litt lang tid, for eg måtte lage berebjelkar av ved og dopapir for at den ikkje skulle rase saman.»


Radioen skurrar igjen.
«Nok ei overrasking tidleg ein torsdags morgon, då folk over heile landet vakna til endå meir snø, til trass for statsmeteorolog Ulrik B. Rukelig sine varslingar om betre ver. Oslo Meteorologiske Institutt beklagar hendingane og seier at dei ikkje kan love noka betring i veret dei komande dagane.
Som alle foreldre nok har merka på kroppen har dei norske skulane sidan måndag halde stengt på grunn av streik mot svineinfluensa. No blir det varsla at skular på Sørlandet held stengt resten av veka, ettersom dei meiner at det ikkje er forsvarleg å la ungane gå ute i slikt ver. Landsdelen har hatt store byger sludd, og vi har fått høyre at det var observert frosne søylepyttar i morgontimane i dag.»


Samtlege blikk retter seg mot Einar.
«Eg grev oss IKKJE ned att!» seier han klårt og tydeleg, så alle skal forstå det. Blikka blir omgjorde til tunge sukk.
«Det er bra vi har nok mat med oss.»


Kor mykje snø kan eigentleg falle i løpet av ei natt?
Kan ein verkeleg konstruere ein tunnel av ved og papir? Og korleis fekk Einar opp døra?
Har Nina for mykje fritid, og kor mykje tid brukar ho eigentleg på å tenkje på Ingvild?
Og kjem dei i det heile tatt heim til jul!?
Det er veldig små sjansar for at de finn svaret på nokon av desse spørsmåla med å lese neste episode, men det er verdt eit forsøk!

torsdag 2. desember 2010

Andre episode



«DET HAR SNØDD!!!»
Ropet riv ungdommane ut av svevnen, med unntak av dei som kunne sove igjennom ein atomkrig om nødvendig.
«Seriøst?!» Ingvild kjem ned frå hemsen for å undersøke fenomenet, mens Einar ser ut igjennom vindauget.
«Minst ein meter,» bekreftar han.
«Det var ikkje meldt snø,» konstaterer Niclas, mens han kavar seg ned den bratte hemsestigen. «Er de sikre på at det har snødd? Kanskje vindauga er dogga?»
Einar opnar vindauget, lener seg ut og kjem inn att med ei handfull snø, som han kastar i ansiktet på Ingvild.
«EINAR!» kjeftar Synne. «Kva har eg sagt om det der?!»
«Det har iallfall snødd,» konstaterer Ingvild.


Ein og ein halv time seinare snublar Nina seg ut av senga, igjennom stova og ut i gangen. Der trakkar ho ned i dei lettare utslitne gore-tex skoa, opnar døra og tar nokre steg ut på verandaen.
«Faen.»
Ho snur og tuslar innatt, og blir møtt av blikka til dei andre.
«Ikkje mobb meg,» mumlar ho. «Det har snødd, viss nokon lurte.»
Inne i stova leitar Einar etter den rette radiofrekvensen, og kan snart bekrefte at han har funne den. Ei skurrete radiostemme tek over ordet i hytta.

«Heile Vestlandet blei overraska av eit stort veromslag natt til i dag, og mange måtte måke seg ut igjennom opp til ein meter snø berre for å kunne kome seg ut av døra. Statsmeteorolog Ulrik B. Rukelig ved Meteorologisk Institutt avviser klagene på vermeldinga som blei gjeven seinast i går, om at det tørre veret skulle halde seg. Han seier det er ikkje lett å få fram nyansane i veret på dei forskjellige stadene, og at det er ikkje mogleg å kartlegge alle lokale områder.
Vi har fått bekrefta at dei fleste klagene kjem frå Sørlandet, der mange har køyrt av vegen i løpet av morgontimane, på grunn av sludd og heile tre centimeter snø enkelte stader.
Og til de som sitt heime og frys, hald ut! Statsmeteorolog U. B. Rukelig lovar varmare ver utover kvelden og natta!»


«Kva skal vi gjere no då?» spør Synne. «Skal vi avbryte turen og gå ned att?»
«Må vi det?» spør Ingvild.
«Eg veit ikkje, dei seier jo at veret blir betre...»
«Før vi bestemmer oss, må æ blæsse tu bælgen,» seier Einar, og går ut.


Er Ulrik B. Rukelig eigentleg statsmeteorolog?
Kva slags belg skal Einar blåse ut av, kven er det sin, og kor fekk han den frå?
Korleis har det seg at dei skrudde på radioen akkurat tidsnok til å få med seg heile innslaget?
Blir dette siste episode?!

onsdag 1. desember 2010

TCCB goes JULEKALENDER: Første episode!

1. Desember

Det er ein mørk og stormfull aften.
Det hadde iallfall vore det, viss Travellin' Strawberries hadde skreve denne julekalenderen. Men dei har ingenting med saken å gjere, derfor er det verken stormfullt eller aften, og dermed ikkje mørkt heller. Faktisk er det den aller første morgonen i desember, og den er klår og frostig, rimet ligg tjukt over dei stive grasstråa, og det som er att av blomane til mamma.
I huset som står ved sida av nemnte blomar, i eit kvitt rom i kjellaren, står ein krakk. På krakken står ein sekk. Dette er ein svart sekk frå Bergans, som tar 28 liter og er derfor veldig praktisk viss du har lyst å bere saft til munkar i Alpane. Som sagt er den svart, i likheit med hyllene, knaggane, teiknestifta i veggen og sokkane til ho som bur der. Men dette er kjedeleg. La oss hoppe framover.

«ER VI FRAMME SNAAART?»
«Jada, Ingvild. Framme snart no.»
«No då?»
«NEI!!» ropar Einar og dyttar til Ingvild så ho nesten snublar i ein stein.
«Einar, ikkje plag Ingvild! Ta det igjen på måndag!» prøver Nina, men utan resultat. Til slutt blir det så gale at Synne må bryte inn.
«Einar, skjerp deg!» seier ho med myndig stemme.
«Kake,» svarer Einar, men skjerpar seg, iallfall for ei lita stund. «Kor blei det av Niclas?»
«Han skulle pakke om,» svarer Nina. «Vi blei jo einige om å sortere maten denne gongen.»
Det er stilt i nokre sekund, før Synne snakkar.
«Eg er framleis ikkje sikker på om det var så lurt å gje han chipsen.»

Etter ti minutt blir dei urolege, og finn det best å sjå om Niclas i det heile tatt framleis er i live. Heldigvis er det ikkje så mange plassar å leite på Skinlo, og dei veit kor brørne har innreia eit reir inst i det gamle låven. Og dit går dei, og finn ein nesten uskuldig Niclas med chipssmular over heile jakka.
«Kva?» forsvarer han seg. «Eg var svolten!»
Dei ryddar ut resten av forsyningane, og Niclas, og ser oppover bakkane i felles stillheit.
«Er vi framme snart?» spør Ingvild lågt.

Turen tek ein knapp time opp det nesten snølause fjellet, til trass for at både Nina og Ingvild stadig kikkar seg over skuldra, som for å passe på at Einar ikkje står klar med øksa, eller armane fulle av C4. Men fram kjem dei, dei låser opp den raude hytta som blir eigd av Nina sin familie og set Einar til å fyre i omnen.
«Vi må lufte ut fukta!» seier Einar, og så gjer han det. Det blir snart varmt, og klanen set seg til å ete og prate skit resten av kvelden.


Vil ikkje julekalenderen bli meir spanande enn dette?
Blir den i det heile tatt fullført?
Er heile greia berre eit triks for å få lesarar til bloggen?
Og er verkeleg vanleg ananas så mykje betre enn ananas på boks?!