mandag 1. mars 2010

What to do, what to do....

LET'S BLOG! Øøøøøu jess.... må jo ta vare på dei to følgjarane eg har. (Mamma? Er du der?)

So, what's new? JO, eg har køyrt pc'en min til helvete. Vifta, iallfall. Så nå har eg fått med meg den gamle Dell'en, som var den første bærbare pc'en vi hadde i huset. Bortsett frå at skjermen strekk litt på alt mogleg og batteriet er daudt, er eg stort sett nøgd. Fekk iallfall med meg curling-finalen, og den har ingen problemer med å vise heimesida til Shaun the Sheep.
På den negative sida: Eg kan ikkje flytte på meg. Eg har ikkje photoshop. Eg har ikkje filmane mine (og så eg som hadde tenkt å sjå Herkules :( ). Eg har ikkje... nei... det var stort sett alt...


Ellersssss har eg fått til den dingsebomsen her:
som er antenna til det mobile breibandet mitt. Tidlegare har signalet vore for svakt, og eg ha måtta brukt mobilen, derfor har eg bytta til ein gammal Sony Ericsson fordi det berre var Nokiaen som hadde forskjellige utgongar til USB og ladar og at du faktisk les dette avsnittet ser eg på som eit reint under. Det er skikkeleg uinteressant og eg gidd ikkje forklare det. No gløymde eg resten og. Crap.



I går hengde eg opp tre nye plakatar på hybelen. Etter å ha stirra på tomme, kvite veggar i over eit halvt år (!!) er eg søren ikkje sikker på om eg framleis faktisk bur på hybel, eller om familien endeleg har beslutta å beskytte samfunnet frå mitt nærver og sperra meg inne ein stad.

"Stor" Malakoff-plakat frå 2009, som eg fekk gratis. Eg har iallfall ikkje stjelt den frå busstasjonen på Sandane mens eg venta på at pappa skulle hente meg etter eg såg Kaizers på fredagen iallfall, viss det var det du trudde...

MCR og Green Day kjøpt då eg var i Førde med frøken Ingvaldsen.



Kva meir?
Gammalt bilete:
Teke på IDK. Eg og Malin pleide å vise dette biletet til folk, og få dei til å tru at det var sånn håret mitt eigentleg såg ut, når eg ikkje hadde brukt rettetang. Good times, man...


Eg klarer ikkje skrive interessante innlegg. Monstah?


MONSTAH! :D

3 kommentarer:

Sunniva sa...

Du er alltid like sakleg Nina : )
Heilt fantastisk!
Var litt trist med den pc'en din då : (
Men den Dell'en din var jo supersøt!

Greeeeeit... er mykje du manglar ja... Men på den lyse sida; Du har meg :D SUNNIVA! Fortsatt litt humor i skuledagen! OOOH i'm som funneeeh.

Mr. Owen sa...

haha! du kosar deg hvertefall :P

Monstah??

Nina M. Skinlo sa...

Monstah da Monster.