søndag 25. juli 2010

Malakoff - gje livet for din neste

Sidan eg i sist innlegg ga inntrykk av at eg ikkje kom til å blogge noko særleg fram til hausten, tenkte eg at eg skulle setje meg til å gjere det stikk motsatte. Fordi eg kan, og fordi at viss eg skulle omtale alt som skjedde i helga på Facebook, hadde det blitt ein jækla lang status.

Frøken Ingvaldsen, Vilde, Ingrid Marie, Einar, mr. Kaizer, hans Constanze og meg har dei siste par døgna telta på campen tilhøyrande Malakoff Rockfestival. No har ein kanskje vanskeleg for å sjå for seg meg som eit festivalmenneske, giddalaus og folkesky som eg er. Men eg valde altså for å våge meg ut frå tryggleiken heime for å finne ut kva alt dette festivalstyret handla om, og sjå om folk hadde lært å oppføre seg sida sist. (Svaret på det er i stor grad 'nei'.)






Eg hadde stort sett svært god utsikt, men tykte framleis det var ein litt merkeleg grunn til å reise så langt heimafrå, ettersom eg har opplevd mykje av det samme i kassekøen på Rema.

Så flytta mannen med den fine nakken på seg, og eg fekk ein liten aha-opplevelse. Det var jo eit BAND der framme!

...og så fekk eg studere fleire nakkar. Sjølv om denne ikkje var like spennande som den første.

Atpåtil var jo sjølve festivalcampen ei oppleving i seg sjølv. SØVN er jo ikkje hovudprioriteten, har eg skjønt, og ein treng visst ikkje bry seg med å gå rundt telta i staden for over dei heller.

Men det var verdt det, og medan eg sto med eit gjerde i ribbeina, ein alboge i øyret, armane til Ingvaldsen på kvar side og sjølvaste Ted Winters framfor meg kjende eg noko som kunne minne litt om det eg følte då eg sto i ei svært liknande stilling ganske nøyaktig 365 dagar og 45 minutt tidlegare, at dette, dette kunne eg leve med.

Foto: Vidar Gudvangen, NRK

SKAMBANKT står no saman med Kaizers Orchestra og Audrey Horne på lista over band eg skal sjå igjen. Definitivt. Og då skal eg rope endå høgare.


Ingen kommentarer: