tirsdag 20. april 2010

I'm not trying to impress you, but... I'm Batman.

Yup. Ein liten "true story" til dykk der på kveldskvisten.


Men kva er dette? Eg slappar av og tenkjer på noko anna i nokre få dagar (veker?) og plutseleg får eg en heil buttload kjeft for at eg ikkje bloggar. Slår det dykk ikkje at eg har andre ting å finne på? Som å lese Welhaven, Hemingway og Jean M. Auel, pugge sitat frå The Supernaturalist, The Hitchhiker's Guide to the Galaxy og Iron Maiden-songar, og stirre i veggen?
Har det noke å gjere med fargane på bakenden min å gjere?


Jaja, så får eg vel slenge inn litt tekst og nokre bilete som eg i rein protest mot blonde fjortisblogghelsikke som ikkje klarar å legge ut den drit uten å blurre ut heile forbanna ansiktet sitt og legge til den tilsynelatande obligatoriske "OMG, så stygg jeg er men herregud då, eg var jo supertrøtt lizzom!"... No datt eg ut. Poenget er at eg ikkje redigerer bildene mine, hovudsakeleg fordi eg er lat og har betre ting å gjere på. Dei fleste av dykk kjenner meg godt nok frå før, og de andre skal vete at eg veit at de er her, og eg held på å bli paranoid på heile greia.


Det viktigaste som har skjedd sidan sist innlegg, oppsummert i to bilete:






Og så til dagens største og viktigaste sak:
Cubus kan leggje seg ned og døy.
Eg har ikkje råd til dette her, er det ingen som skjønar det?!

I dag var eg til Norges finaste veikryss (FØRDE, folkens!) for å kjøpe meg mat, fordi eg satt heile gårskvelden i lettare panikk for å bli svolten, ettersom eg nettopp hadde oppdaga at det var heilt tomt i skapet. Det gjekk forsåvidt ganske bra, heilt til eg hadde funne fram pasta, melk, agurk og minibaguettar igjen, betalt, leita etter Batman-matboks igjen utan vidare hell igjen, sikla litt på American Idiot igjen, bladd igjennom nokre andre CD-hyller, rota i datosalg-korga på Bunnpris *sukk*, tusla litt i butikkar, og fann til slutt ut at eg kunne ta turen opp på Cubus for å sjå litt der óg. Då lyste noko som minna litt om det eg skreiv då eg skulle reklamere for butikken min på Neopets ein gong i tida.

-30%ALT
KUN I DAG!
KJØP! Ellers ET vi SOKKANE dine, ditt late FLESKEBERG!

Vanlegvis er eg, som det hyggjelege, verdsvane, samfunnskritiske, lettare giddalause individet eg er, rimeleg motstandsdyktig mot butikkpress, men då eg sysla meg inn i herreavdelinga på utkikk etter klede til Pelle (min lite kjende, jojo-slankande bror som ingen andre i familien min har møtt, og som på mirakuløst vis har akkurat same stil som meg *kremt*), fekk den naturlege motstandskrafta mi eit metaforisk slag i trynet. Og når mine rimelig abstrakte begrep får immaginære slag i trynet, så kan det berre gå éin veg...


Søstra mi spurte meg ein gong om eg er klar over at eg er litt over gjennomsnittet besatt av Batman. Eg vil ikkje svare på det, korkje verbalt eller skriftleg.




Så no har eg faktisk så mange som... Fem. Og eg vurderer moglegheitane for at det kanskje kan vere eit dekkjande svar på føregåande spørsmål.





And while I'm here, er det nokon som vil klippe luggen min? Eg ser ikkje så godt lenger.

"No it's not allright! It's a prehistoric animal that likes eating people!"
- Robson Green

6 kommentarer:

Frk. Ingvaldsen sa...

YAY! DU HAR BLOGGA!!! :D Då fortjenar du ein kommentar ifrå meg ^^
EG ELSKAR T-SKJORTENE DINE!!!! Kvifor er det aldri slike salg når eg er i Førde?
Og kan du legge ut bileter frå då vi leika oss med det treet som låg på bakken på facebook slik at eg kan få tak i eit? (a)
Fortsett og blogg<3<3<3<3 !

Frk. Ingvaldsen sa...

Og buksa di er framleis HOT AS HELL!!!

Ingrid sa...

Passar det med pingvinsokkar til dette då ??

Nina M. Skinlo sa...

Sjølvsagt gjer det det! Det er masse pingvinar i Batman! Minst ein!

Mr. Owen sa...

du e meg en god luring!
spiser dritmat for å spare pengar, også pantsetter du vennane din for noken t-skjorte?!

Men du ska no ha skryt for å være så flink å skrive, når du får nok mas !

Nina M. Skinlo sa...

Eg har då ikkje pantsett nokon. Enno.