onsdag 28. april 2010

Maybe you're the runner up, but the first one to lose the race

Eg kom ikkje på nokon relevant tittel. 

YO DAWGZ!
What'z up?!
Føl deg fri til å svare i kommentarfeltet.

Tenkte eg skulle plage dykk med eit innlegg eg truleg ikkje kjem til å gidde å lese sjølv ein gong. 
I går hadde eg det heilt grusomt. Vi hadde styrketrening i gymmen på måndag, og tydelegvis tåler eg ikkje sånt, for eg fekk så ilt i alle mine nyoppdaga magemusklar at dagen etter (altså i går, for dei som datt ut) kunne eg ikkje sette meg opp i senga ein gong, men måtte bokstavelegtalt kvelve meg ut, rulle over kanten på madrassa og satse på å lande i ein gunstig posisjon. Seinare bestemte eg meg for å utnytte det fine veiret, og sette meg ned på skuleplassen for å slå to fluger i ein smekk og utnytte internettet óg. Litt småkaldt, men så ekstreme mengder fuglesong at det nesten var faretruande. Tydelegvis ikkje SÅ mange som fraus ihjel. 


Kva meir kan vi hive ut her? Diverse mobilbilder?


Det viser seg at eg har vener. SURPRISE!! Frøken Ingvaldsen og Niclas her, altså.



Her ein dag klarte eg (endeleg) å løyse puslespelet eg har lurt og vridd og kjefta på rimeleg lenge. I can die happy now, I guess.


Det viser seg også at mamma har potteplantar.


Design & Handverk er alltid like underhaldande, her er pinnsvinet mitt, som heiter Kjell.


Meininga med livet, ja?


Denne fann eg og ein random fyr på ein tilfeldig plass ein dag eg knapt hugsar. Eg har den faktisk i ei eller anna innerlomme enno.


Presentasjonsteikning av ein kopp som ikkje ser litt sånn ut ein gong.


Closeup, yes?


Og dette biletet er faktisk frå i dag:

Guess what happened...

1 kommentar:

Mr. Owen sa...

YO BITCH!
The roof..


Dei vennane dine såg usansynlig kule ut! Flott is-blide!

MVH Grev Fartingwood.