torsdag 9. juni 2011

Eksamen og andre ting eg har mareritt om

Eksamen. Eksamen. Eksamen. Eksamen. Stab. Rip. Stab. Stab. Død over slagloddsøl. Død over glødehud.

Dei siste vekene (månane) har eg hatt fleirfaldige detaljerte mareritt om korleis eg kjem til å stryke på eksamen. Eg  har brent ned opp arbeidsplassen min. Eg har brent ned skulen. Eg har smelta oppgåva. Eg har smelta verktøyet. Eg har svidd av meg både armar og bein. På eit tidspunkt trur eg at eg mista hovudet i syra. Ting har kome vekk i posten. To veker uti sommarferien har eg blitt oppringd av sensor i Oslo og fått beskjed om at oppgåva mi vart underkjend fordi den var skriven på nynorsk.

Og på tysdag byrja helvetet.
Smykke av valgfri type, naturtema. Minst tre av følgjande element: Plate med utsaging, trådarbeid/element frå filigran, sariefatting, knoppa form, galleri, smiing og sikkert noko meir som eg har valgt å fortrengje.

Blomar. Augestikkjarar. Tre. Reinsdyr. Blomar.

Eg er sikker på at eg har mista minst fem år av mitt liv, berre i dag. To hysteriske anfall. Eit fem timar langt adrenalinkick.
Og framleis ser det som i utgongspunktet var inspirert av ei sånn ei:


Meir ut som ein sånn:

Og eg har sove vekk mesteparten av dagen, vel vetande om at no er det forseint å smergle vekk noko som helst.

Men her er då faenskapet.

Glødehud. Stygge loddingar. Skeive snerglar. Mangelfull dokumentasjon.

Ein ting kan dei riktignok ikkje trekke meg for. Éin ting fekk eg faktisk nesten til. Måla stemmer. Nesten.
Sjølvsagt kan eg berre kome på eit dekkjande ord for dette på norsk, og det er griseflaks.

No må de unnskylde meg, eg skal gå og grine.

5 kommentarer:

Mr. Owen sa...

hahaha! Lykke til (viss det ikkje e for seint..)
=D

Regnboge sa...

Eg syns den va veldig fin, eg. Hadde eit kult særpreg, samtidig som den hadde litt klasse over seg.

(Me eg skjønar kor fælt det kan vere når ting blir på ein heilt anna måte enn du har tenkt, altso. Med den va fine likevel.)

Frk. Ingvaldsen sa...

Beklagar at eg ikkje har kommentert før no, skammar meg djupt!
Du er utruleg dyktig, og det veit du innerst inne, sjølv om du ikkje vil innrømme det ;]
Gledar meg til du kjem heimatt <3

Linda sa...

Åhhh!!! jammen den er jo kjempeflott jo!!!! I like it!!!

what is it??

hadde vore super som sånnehh..nål.. då!!

Nina M. Skinlo sa...

Linda: Haha xD Det er eit anheng, men kan lett gjerast om til whatever tickles your fancy. x]