So, what's new? JO, eg har køyrt pc'en min til helvete. Vifta, iallfall. Så nå har eg fått med meg den gamle Dell'en, som var den første bærbare pc'en vi hadde i huset. Bortsett frå at skjermen strekk litt på alt mogleg og batteriet er daudt, er eg stort sett nøgd. Fekk iallfall med meg curling-finalen, og den har ingen problemer med å vise heimesida til Shaun the Sheep.
På den negative sida: Eg kan ikkje flytte på meg. Eg har ikkje photoshop. Eg har ikkje filmane mine (og så eg som hadde tenkt å sjå Herkules :( ). Eg har ikkje... nei... det var stort sett alt...
Ellersssss har eg fått til den dingsebomsen her:
I går hengde eg opp tre nye plakatar på hybelen. Etter å ha stirra på tomme, kvite veggar i over eit halvt år (!!) er eg søren ikkje sikker på om eg framleis faktisk bur på hybel, eller om familien endeleg har beslutta å beskytte samfunnet frå mitt nærver og sperra meg inne ein stad.
Kva meir?
Gammalt bilete:
Teke på IDK. Eg og Malin pleide å vise dette biletet til folk, og få dei til å tru at det var sånn håret mitt eigentleg såg ut, når eg ikkje hadde brukt rettetang. Good times, man...Eg klarer ikkje skrive interessante innlegg. Monstah?






