tirsdag 17. august 2010

The road to su... Setesdal?

Etter eit delvis mislykka forsøk på å svi av meg handa, slo det meg at jeg kanskje har lova vekk eit innlegg. As/per usual har eg alt for mykje å skrive om, og gidd ikkje planleggje noko, så eg byrjar med det einaste biletet eg har tenkt å skrape fram frå bryllaupsmappa:




Brudgommen med ein av kveldens dansepartnarar (trur vi...)

Vekeplanen ellers:
Avreise til Bergen på tirsdag. Iron Maiden på Koengen onsdag. Heim til Breim på torsdag. Ned til Lier på fredag. Innflytting i ny hybel på laurdag. Første skuledag på tirsdag.

Usamanhengande bilete med litt tekst til:
Why stop when we have such a good trend going...



Monica og Rivaldo. Svært samkøyrde, sjå hovudinnstillingane.



Eit sånt eit skal eg ha med meg heim og ha smia mi i.



Vi er ein lukkeleg, overeksponert familie på biltur.



Where to go, where to go...



There we go!



Midt-i-utpakkinga bilete ein.
(Ringenes Herre dyne- og putetrekk ftw!)



Midt-i-utpakkinga bilete to.
(Batman-greia er ein buff. Diverre fekk eg ikkje Darth Vader-maska og -lightsaberen...
Og nei, eg skal aldri bli voksen. Nevaaarrrrr...)



Kaktusane er framleis med.



Nyaste veggdekorasjonen i samlinga er på plass over senga.



Det er frykteleg lett å gå seg vill i Valle sentrum.



Fjell.

Ellers har eg kjøpt eit tre.
So how was your week?

tirsdag 27. juli 2010

Sommaren i gråtonar

Bileta kan trykkast på og sånn. Det tok meg berre to år ta i bruk svart-kvitt-funksjonen. Jaja.








søndag 25. juli 2010

Malakoff - gje livet for din neste

Sidan eg i sist innlegg ga inntrykk av at eg ikkje kom til å blogge noko særleg fram til hausten, tenkte eg at eg skulle setje meg til å gjere det stikk motsatte. Fordi eg kan, og fordi at viss eg skulle omtale alt som skjedde i helga på Facebook, hadde det blitt ein jækla lang status.

Frøken Ingvaldsen, Vilde, Ingrid Marie, Einar, mr. Kaizer, hans Constanze og meg har dei siste par døgna telta på campen tilhøyrande Malakoff Rockfestival. No har ein kanskje vanskeleg for å sjå for seg meg som eit festivalmenneske, giddalaus og folkesky som eg er. Men eg valde altså for å våge meg ut frå tryggleiken heime for å finne ut kva alt dette festivalstyret handla om, og sjå om folk hadde lært å oppføre seg sida sist. (Svaret på det er i stor grad 'nei'.)






Eg hadde stort sett svært god utsikt, men tykte framleis det var ein litt merkeleg grunn til å reise så langt heimafrå, ettersom eg har opplevd mykje av det samme i kassekøen på Rema.

Så flytta mannen med den fine nakken på seg, og eg fekk ein liten aha-opplevelse. Det var jo eit BAND der framme!

...og så fekk eg studere fleire nakkar. Sjølv om denne ikkje var like spennande som den første.

Atpåtil var jo sjølve festivalcampen ei oppleving i seg sjølv. SØVN er jo ikkje hovudprioriteten, har eg skjønt, og ein treng visst ikkje bry seg med å gå rundt telta i staden for over dei heller.

Men det var verdt det, og medan eg sto med eit gjerde i ribbeina, ein alboge i øyret, armane til Ingvaldsen på kvar side og sjølvaste Ted Winters framfor meg kjende eg noko som kunne minne litt om det eg følte då eg sto i ei svært liknande stilling ganske nøyaktig 365 dagar og 45 minutt tidlegare, at dette, dette kunne eg leve med.

Foto: Vidar Gudvangen, NRK

SKAMBANKT står no saman med Kaizers Orchestra og Audrey Horne på lista over band eg skal sjå igjen. Definitivt. Og då skal eg rope endå høgare.


torsdag 22. juli 2010

Respiratorinnlegg

Sjølv om eg må ty til respirator for i det minste å gje inntrykk av at bloggen er i live, betyr ikkje det at ingenting skjer. Mobilkalendaren ser faktisk heller travel ut, med Countryfestival forrige helg, Malakoff no til helga, bryllaup neste helg, og deretter føl Biritur, Iron Maiden-konsert, utflytting og skulestart på Setesdal VGS fortløpande. Og etter det byrjar eg kanskje å blogge att, for å late som eg held kontakta.

Eg trur jaggu vi prøvar å redde dette med tilfeldige mobilbilete att, eg!
Som eg pleier å gjere...

Klipt meg! Og farga, for første gong sidan... februar? Biletet er uklårt fordi eg gløymde/ikkje gadd å ta av 'makro'fokuset.

Kjøpt meg båt! (Skip?) ...på tidlegare nemnde Countryfestival. Utnytta sjølvsagt kvelden til å krevje at folk refererte til meg som Captain Black Sparrow. Good times. Yarr.


Har de møtt brillene mine? Briller, lesarar. Lesarar, briller. Timon, Pumbaa.
Eg vurderer moglegheitene for at 'lesarar' kanskje skulle vore i eintal, ettersom eg mistenker at den einaste lesaren eg har er Niclas...


Mamma har bakt brød! Nomnomnomnomnomnomnomnomnom...




Skogstad har visst ikkje råd til å kjøpe Loudmouth-bukser, og har prøvd å sy sine eigne. For samanlikninga (og brifinga) si skuld, her er the Real Deal:
Stakkars, stakkars Skogstad...


PEACE OUT!

tirsdag 6. juli 2010

Bileteoppdatering




Trykk på bileta for høgare oppløysing.

Eg har anskaffa fotoblogg.

tirsdag 8. juni 2010

Lunchbox for the Awesome

No har eg vore på jakt etter ein dugande matboks i vel over eit halvt år. Og grunnen til at leitinga har pågått så lenge, er at eg visstnok er kresen. Sjølvsagt tykkjer eg berre det er rett og rimeleg, men dama i leikebutikken har sikkert begynt å tru at eg er rar (ein påstand heilt utan substans, sjølvsagt), ettersom eg har kome inn i butikken omtrent ein gong i veka sidan januar, gått bort til hylla, stått der i tre sekund og gått ut att.

Ei lita klargjering: Det er ikkje eg som er kresen, det er berre folk i Førde som ikkje har høyrt om andre superheltar enn Spiderman. Og Spiderman er IKKJE bra nok.

Men når alle andre sviktar kjem Sparkjøp som ein riddar i skinande rustning og reddar historia, med den definitivt alleraller kulaste Star Wars-matboksen eg har sett.


Med skodespelarane frå dei originale filmane.


Og med ein Stormtrooper og Darth Vader med flosshatt.


You like? : D

onsdag 2. juni 2010

And that was the day I died.

No er det lenge sida eg har blogga.
Eg har minimalt å skrive om.
Eg sit stort sett her.
Dag ut og dag inn.
Stirrar i veggen.
Og tenkjer på livet.
Medan eg ser døden kome snikande nærare.
Steg for steg.
Sekund for sekund...


*tilfeldig skrekkfilmlyd*

That's all, folks!