tirsdag 21. desember 2010

Tjueførste episode!

Einar set seg ut på trappa for å spikke nytt skaft til ei øks han har funne. Etter at Morten Abel skreik han i øyra, har han ikkje høyrt ein einaste lyd. Viss nokon kjem ut no, tenkjer han. Så spør dei sikkert kva eg spikkar på. Og så lurer dei vel på kvifor, og korleis det gjekk til at det gamle knakk. Etter det spør dei vel om eg veit kven nissen kan vere.


«Hei Einar,» seier Synne, i det ho kjem ut og finn Einar på benken rett utanfor døra.
«Økseskaft,» svarer Einar, og spikkar i veg.
«Har du sett Niclas?» spør ho.
«Eg såg den gamle låg knekt nede på utedassen,» seier han. «Så tenkte eg blei nøydd til å lage ny.»
«Hæ?!»
«Den siste som brukte den har vel vore for hard med den, kan eg tenkje meg,» fortset han alvorleg.
«Du... køddar du?»
«Nei, eg håpar mamma køyrer over han med dampvegvals!»
Synne stirrar på han nokre minutt, før ho ristar på hovudet og går inn att, medan ho mumlar noko om dårleg vatn og arv av miljøet.


«Kva skal vi gjere?!» spør Synne frustrert. «Einar er jo blitt heilt døv!»
«Å nei, Guri!»
«Vi kan ringje nokon?» foreslår Nina.
«Nei,» svarer Synne. «Vi brukte jo opp det siste batteriet på å ringje lærarane.»
«Fiskebollen i havet, altså.»
«Då er det berre ein ting vi KAN gjere,» seier Niclas endeleg.
«Kva då?» spør dei andre.
«Vi må gjette kven den falske nissen er, sånn at den EKTE nissen kan komme, og då kan vi ønske oss høyrsla til Einar tilbake!»
Dei andre synest dette er ein særs god idé, og set seg til å gjette.
«Odd-Bjørn Hjelmeset?»
«Geir Zahl?»
«Alf Prøysen?»
«Andrea Bocelli?»
Nissen bryt ut i hysterisk latter og rister manisk på hovudet.


Er jula fortapt? Kven i helsikke er nissen? Kor er kroppen til kålhovudet? Kva er verst av eit pjuskete og eit skeivt juletre? Finnast det homofile tre? Er dette tre som har hatt for mykje kontakt med Nina og Ingvild?

1 kommentar:

Mr. Owen sa...

1. Nei, det vonar eg ikkje.
2. JENS AUGUST ANKER HANSEN!
3. Den er under bakken, så drar man i haudet, og siden halsen er så tynn og svak blir haudet drdd opp, og kroppen blir liggande i jorda.
4. Pjuskete, for man kan rette opp et skjeivt juletre med rettetang.
5. Ikkje eigentleg. Det nærmaste ein kjem er dei som er frå San Fransisco.
6. Det er tvilsomt. Akkurat som dei <3