onsdag 2. juni 2010

And that was the day I died.

No er det lenge sida eg har blogga.
Eg har minimalt å skrive om.
Eg sit stort sett her.
Dag ut og dag inn.
Stirrar i veggen.
Og tenkjer på livet.
Medan eg ser døden kome snikande nærare.
Steg for steg.
Sekund for sekund...


*tilfeldig skrekkfilmlyd*

That's all, folks!



lørdag 15. mai 2010

A book with no pictures


Background: Lucano @ deviantArt [link] 
Horse: Colourize-stock @ deviantArt [link] 
Horse tail: Chunga-stock @ deviantArt [link] 
Doe: Salsolastock @ deviantArt [link] 
Maiden: Iardacil-stock @ deviantArt [link] 
Texture: Umerr2000 @ deviantArt [link] 

lørdag 8. mai 2010

Poke my cat and call me Phil






*SUKK*
No som DET er overstått, får eg vel begynne på det innlegget eg lova skulle komme ut... ein gong. Det er laurdag kveld, eg har sett ca. 42 timar worth of Ray William Johnson på YouTube, og har ikkje så mykje anna å gjere, bortsett frå å klage til folk på MSN over at Lars Vaular irriterer meg.
Og det gjer han.
Fordi eg må irritere meg over noko.
Og han var tilfeldigvis der (in mah head).


Så då får vi vel fyre opp den einaste eigentlege spalta eg har:
Bastarden fortel om ting som har skjedd saman med nokre tilfeldige bilde ho fann.
I dag trur eg det blir veldig få bilder. Hovudsakeleg fordi eg er for lat til å planlegge innlegget. Og fordi eg har lagt att kamera og mobilkabel på Vassenden. We do, however, have a webcam.




Happening Number One:






Eg har passert 10 000 lesarar!
Og konkluderer med at sidan ca. 7000 av dei er meg sjølv, talar dei resterande 3000 besøka for at folk i dette landet har alt for mykje fritid. Dei førstnevnte 7000 viser heller at eg er ein trufast tilhengjar av min eigen blogg.


Happening Number Two:
På fredag fekk vi fem nye fisk!
...og ein av dei lever enno. Sjølv om den ser litt slapp ut.


Happening Number Three:
Eg meistra nettopp den siste jobben i Mafia Wars: New York!
Og for det fekk eg tre eigenskapspoeng og eit toalett.
Cuba, here I come!


Happening Number Four:
Diktet mitt blei Månadens Tekst på Skrivebua for April!















Og då får ein visst stuff i posten. Who knew?


Happening Number Five:
Eg har klipt katten!
Og for ein fantastisk frisør eg kjem til å bli!















Eg skal ikkje bli frisør.


Happening Number Six:
Ein fyr stakk ein pinne igjønå ansiktet mitt!
Han kom liksom springande out of nowhere og ropte "AAAH! I GONNA KEELL YOU!"
Og eg berre: "HEEELL NO!"
Og han berre: *ZAP!*
Og eg berre: *POW!*
Og han berre: *BONK!*
Og eg berre: *WHUMPH - KABOOM!*
Og han berre: *STAB*
Og eg berre:













...og gjekk heim.

Yeah. Nøyaktig sånn skjedde det. Ask anyone. Heile Sogndal såg det.

torsdag 29. april 2010

Ananananas!


Ikkje den!




Men den!

Berre 19 kr på Spar!
Løp og kjøp!

onsdag 28. april 2010

Maybe you're the runner up, but the first one to lose the race

Eg kom ikkje på nokon relevant tittel. 

YO DAWGZ!
What'z up?!
Føl deg fri til å svare i kommentarfeltet.

Tenkte eg skulle plage dykk med eit innlegg eg truleg ikkje kjem til å gidde å lese sjølv ein gong. 
I går hadde eg det heilt grusomt. Vi hadde styrketrening i gymmen på måndag, og tydelegvis tåler eg ikkje sånt, for eg fekk så ilt i alle mine nyoppdaga magemusklar at dagen etter (altså i går, for dei som datt ut) kunne eg ikkje sette meg opp i senga ein gong, men måtte bokstavelegtalt kvelve meg ut, rulle over kanten på madrassa og satse på å lande i ein gunstig posisjon. Seinare bestemte eg meg for å utnytte det fine veiret, og sette meg ned på skuleplassen for å slå to fluger i ein smekk og utnytte internettet óg. Litt småkaldt, men så ekstreme mengder fuglesong at det nesten var faretruande. Tydelegvis ikkje SÅ mange som fraus ihjel. 


Kva meir kan vi hive ut her? Diverse mobilbilder?


Det viser seg at eg har vener. SURPRISE!! Frøken Ingvaldsen og Niclas her, altså.



Her ein dag klarte eg (endeleg) å løyse puslespelet eg har lurt og vridd og kjefta på rimeleg lenge. I can die happy now, I guess.


Det viser seg også at mamma har potteplantar.


Design & Handverk er alltid like underhaldande, her er pinnsvinet mitt, som heiter Kjell.


Meininga med livet, ja?


Denne fann eg og ein random fyr på ein tilfeldig plass ein dag eg knapt hugsar. Eg har den faktisk i ei eller anna innerlomme enno.


Presentasjonsteikning av ein kopp som ikkje ser litt sånn ut ein gong.


Closeup, yes?


Og dette biletet er faktisk frå i dag:

Guess what happened...

søndag 25. april 2010

Ny header #2

DER! -^

OG HER:












EDIT:
Nei, godtfolk, dette var eit kjedeleg, vinterstemt innlegg.
Og sidan Niclas ikkje heilt forsto seg på Bjørnson-diktet eg la ut i Facebook-statusen min for ei stund sidan, hiv eg heile greia ut her på litt meir moderne norsk.



Jeg velger meg april!
I den det gamle faller,
i den det ny får feste;
det volder litt rabalder,-
dog fred er ei det beste,
men at man noe vil.

Jeg velger meg april,
fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter,-
i den blir somren til!

     - Bjørnstjerne Bjørnson

tirsdag 20. april 2010

I'm not trying to impress you, but... I'm Batman.

Yup. Ein liten "true story" til dykk der på kveldskvisten.


Men kva er dette? Eg slappar av og tenkjer på noko anna i nokre få dagar (veker?) og plutseleg får eg en heil buttload kjeft for at eg ikkje bloggar. Slår det dykk ikkje at eg har andre ting å finne på? Som å lese Welhaven, Hemingway og Jean M. Auel, pugge sitat frå The Supernaturalist, The Hitchhiker's Guide to the Galaxy og Iron Maiden-songar, og stirre i veggen?
Har det noke å gjere med fargane på bakenden min å gjere?


Jaja, så får eg vel slenge inn litt tekst og nokre bilete som eg i rein protest mot blonde fjortisblogghelsikke som ikkje klarar å legge ut den drit uten å blurre ut heile forbanna ansiktet sitt og legge til den tilsynelatande obligatoriske "OMG, så stygg jeg er men herregud då, eg var jo supertrøtt lizzom!"... No datt eg ut. Poenget er at eg ikkje redigerer bildene mine, hovudsakeleg fordi eg er lat og har betre ting å gjere på. Dei fleste av dykk kjenner meg godt nok frå før, og de andre skal vete at eg veit at de er her, og eg held på å bli paranoid på heile greia.


Det viktigaste som har skjedd sidan sist innlegg, oppsummert i to bilete:






Og så til dagens største og viktigaste sak:
Cubus kan leggje seg ned og døy.
Eg har ikkje råd til dette her, er det ingen som skjønar det?!

I dag var eg til Norges finaste veikryss (FØRDE, folkens!) for å kjøpe meg mat, fordi eg satt heile gårskvelden i lettare panikk for å bli svolten, ettersom eg nettopp hadde oppdaga at det var heilt tomt i skapet. Det gjekk forsåvidt ganske bra, heilt til eg hadde funne fram pasta, melk, agurk og minibaguettar igjen, betalt, leita etter Batman-matboks igjen utan vidare hell igjen, sikla litt på American Idiot igjen, bladd igjennom nokre andre CD-hyller, rota i datosalg-korga på Bunnpris *sukk*, tusla litt i butikkar, og fann til slutt ut at eg kunne ta turen opp på Cubus for å sjå litt der óg. Då lyste noko som minna litt om det eg skreiv då eg skulle reklamere for butikken min på Neopets ein gong i tida.

-30% på ALT
KUN I DAG!
KJØP! Ellers ET vi SOKKANE dine, ditt late FLESKEBERG!

Vanlegvis er eg, som det hyggjelege, verdsvane, samfunnskritiske, lettare giddalause individet eg er, rimeleg motstandsdyktig mot butikkpress, men då eg sysla meg inn i herreavdelinga på utkikk etter klede til Pelle (min lite kjende, jojo-slankande bror som ingen andre i familien min har møtt, og som på mirakuløst vis har akkurat same stil som meg *kremt*), fekk den naturlege motstandskrafta mi eit metaforisk slag i trynet. Og når mine rimelig abstrakte begrep får immaginære slag i trynet, så kan det berre gå éin veg...


Søstra mi spurte meg ein gong om eg er klar over at eg er litt over gjennomsnittet besatt av Batman. Eg vil ikkje svare på det, korkje verbalt eller skriftleg.




Så no har eg faktisk så mange som... Fem. Og eg vurderer moglegheitane for at det kanskje kan vere eit dekkjande svar på føregåande spørsmål.





And while I'm here, er det nokon som vil klippe luggen min? Eg ser ikkje så godt lenger.

"No it's not allright! It's a prehistoric animal that likes eating people!"
- Robson Green