lørdag 18. oktober 2008

Litt av alt

Tenkte eg skulle legge inn noko her, sia eg ikkje har noko beitre å ta meg til.

Var på sjukehuset hos nevrolog for nokre veker sida.
Eg såg eit lite lys då eg fekk høyre at eg skulle det, for eg tenkte at endeleg fekk eg kanskje snakke med nokon som ikkje svarer på dansk sånn so fastlegen min.
Då eg faktisk kom på sjukehuset viste det seg at nevrologen ikkje var dansk - han var tysk.
Han fann ut at eg har migrene-aktige smerter i hodet. Thanks, Captain Obvious!
Så då skal eg tilbake den 15.desember og ta sånn MR-greie.



Ellers har vi bytta ut nokre av lærarane i eit par fag på skulen, i RLE (endeleg har de fått nytt namn på KRL-faget. Religion, Livssyn og Etikk.) har vi bytta til Grete (hadde Kristin før, altså negativ utvikling. I engelsk har vi bytta ut Einung med Olin og Sol (GODGODGOD FORANDRING!!), og nå viser det seg at eg kanskje ligg an til 6 i engelsk muntlig. Ei ganske stor forandring frå den firaren eg hadde før jul i fjor (som faktisk blei ein femmar etter at pappa klaga litt, hehe).



For leeenge sidan laga eg nokre maskemarkørar med smykkelås som Linda skulle få. Mamma og Pappa reiste til Nederland i dag, så eg satsar på at dei har tatt dei med seg.
LINDA! Ser du har fått deg nokre stykker, men viss du skal ha fleire med smykkelås får du skrike ut. Skulle eigentleg lage fleire som mamma skulle ha med, men gikk i minus på gode låsar.



EG HA BEGYNT PÅ BASS!
Og det er kjempekjekt! Litt vanskeleg å knekkje fingrane på venstrehanda inn i grepa, men det kjem seg. Det eine litt store problemet er eg har er at eg faktisk aldri har brukt venstre lillefinger til noko spesielt før no.
Det andre litt store problemet er at bassen eg brukar no ikkje skal leigast ut meir, så eg må kjøpe min eigen + forsterkar. Heldigvis har eg litt igjen av Konf-pengane, så vi får sjå om vi finn ein rimeleg god brukt.




Dette her har eg dreve med i kveld:


For å sjå det i full størrelse, kan man jo prøve å trykke på det...
Bildene er fra Tim Burton's The Nightmare Before Christmas.