søndag 31. januar 2010

Ambisiøst prosjekt

Åjada, tru det eller ei jentar og guter, eg har STRIKKA! (Eller SPØTA, som no har snike seg inn innimellom alle dei andre dialektendringane mine...)
Har tenkt på å begynne med det eit par gongar, når mamma har sukka og klaga over mangelen på spøtarar i familien, til trass for det gode utgongspunktet, men aldri eigentleg kome i gong. Før no. Trur eg.

Eg har dessutan funne ut at spøting automatisk gjer deg et snill-og-hyggjeleg-jente-som-vil-høyre-om-det-seks-år-gamle-barnebarnet-ditt-stempel hos eldre damer. Ikkje at det er noko gale i det.


Vi fekk i oppgåve på skulen å strikke eit lite produkt, eller lage eit mønster. Eg trur dette går litt under begge. Jaja. Reiste til Førde med mamma og pappa, kjøpte garn (cortina) for -20% på Sparkjøp, og heiv meg på rundpinnane (6). *kremt*
Ganske så impovisert mønster og form og sånn, og til trass for at jeg kom ut av tellinga når eg skulle felle og ikkje gadd å rekkje opp att, hadde eit par andre småfeil og det faktum at berre har strikka noko meir avansert enn fram-og-tilbake-greier éin gong, blei den ikkje så alt for gale. Og så sprang eg ikkje til mamma for å få hjelp ein einaste gong. *stor jente*


25-bilders photoshoot på badet sporar av. Merk det kvite kattehåret.

Har også funne ut at viss alt anna slår feil, kan eg flytte ut av hybelen og bu i hua i staden. Billegare, minst like god isolasjon, og god plass...


Det er alltid kjekkare å stå opp på hybelen når du i det minste kan trøste deg med at du ikkje er den einaste som er trøtt.