tirsdag 8. juni 2010

Lunchbox for the Awesome

No har eg vore på jakt etter ein dugande matboks i vel over eit halvt år. Og grunnen til at leitinga har pågått så lenge, er at eg visstnok er kresen. Sjølvsagt tykkjer eg berre det er rett og rimeleg, men dama i leikebutikken har sikkert begynt å tru at eg er rar (ein påstand heilt utan substans, sjølvsagt), ettersom eg har kome inn i butikken omtrent ein gong i veka sidan januar, gått bort til hylla, stått der i tre sekund og gått ut att.

Ei lita klargjering: Det er ikkje eg som er kresen, det er berre folk i Førde som ikkje har høyrt om andre superheltar enn Spiderman. Og Spiderman er IKKJE bra nok.

Men når alle andre sviktar kjem Sparkjøp som ein riddar i skinande rustning og reddar historia, med den definitivt alleraller kulaste Star Wars-matboksen eg har sett.


Med skodespelarane frå dei originale filmane.


Og med ein Stormtrooper og Darth Vader med flosshatt.


You like? : D

onsdag 2. juni 2010

And that was the day I died.

No er det lenge sida eg har blogga.
Eg har minimalt å skrive om.
Eg sit stort sett her.
Dag ut og dag inn.
Stirrar i veggen.
Og tenkjer på livet.
Medan eg ser døden kome snikande nærare.
Steg for steg.
Sekund for sekund...


*tilfeldig skrekkfilmlyd*

That's all, folks!