torsdag 18. februar 2010

Peacemaker




Bakgrunn: "Sandstorm in the desert" av Zatrokz (http://www.sxc.hu/)
Hest: "199 - Bella" av Absurdus (
http://www.absurdus.deviantart.com/)
Texture: "Antique1" av Sheisprettystock (
http://www.sheisprettystock.deviantart.com/)

mandag 15. februar 2010

Header til Sunniva


Ikkje nok med at det er siste veka før vinterferien, her kjem jaggu frøken Sunniva og FORLANGAR ein header. Eg blei gripen av dødsangst og heiv meg i photoshop, refuserte utkast etter utkast, sleit meg igjennom både friminutt og fritime, men fann til slutt fram til noko som var bra nok. *puste letta ut*

søndag 14. februar 2010

Når det er for lenge til våren...

...så lagar ein sin eigen i Photoshop.




onsdag 10. februar 2010

Picture time! :D

Ettersom eg, som alltid, har så umåteleg mykje fornuftig å gjere på (rydde, vaske, legge meg...), så skal eg dele eit bilete med dykk! :D
Teke på brua ein dag eg var på veg ned for å kjøpe mat.

tirsdag 9. februar 2010

Lærbelte in the making

Sia eg ikkje har noko betre å gjere, hiver eg inn nokre bilder eg tok då eg satt aleine att på verkstedet i dag. Vi lagar (blant anna) lærbelter på skulen for tida.

Eg merker at eg ikkje vil bli salmaker, for eg er framleis raud i handa.

Etter skulen reiste eg til Førde, der eg fann denne jakka. Har hatt lyst på sånn sidan The Black Parade kom ut då eg gjekk i åttande, så då får det vel berre vere at den er ganske praktisk ubrukeleg på denne tida av året? For å vege opp for det, gjekk eg på Cubus etterpå og kjøpte meg to bukser for henholdsvis 50 og 70kr. Så då reknar eg det som utjamna.


Og berre for å vise kor langt vest dette landet er på veg: på libris fann eg ei EIGA BOK om RPattz med tittelen

"Robert Pattinson
True Love Never Dies
"

HEAVEN HELP US!