torsdag 17. februar 2011

15DC: Dag Fem

Eg kan trøyste dykk med at dagens innlegg blir ganske kortfatta, ettesom eg skal bruke morgondagen på å late som eg er ein sosial og glad person. Dei som etter dette meiner at eg ikkje gjer ein innsats for skulen min, kan gå og henge seg.




Dag fem:
Fem teikn på at du IKKJE likar nokon


Let's just get this over with.

  1. Eg svarar kun i einstavelsesord.
  2. Eg baksnakkar personen til alle mine vener og set ut stygge rykter på Facebook.
  3. Eg forfølgjer personen med hagle og ventar på ein situasjon der eg kan skyte han/ho i ryggen og sleppe unna med det.
  4. Eg brukar minst førti prosent av fritida mi på å planlegge mord - men ender opp med å forkaste dei fleste ideane fordi dei ikkje høyrest smertefulle nok ut.
  5. Eg drep små skogsdyr og spikrar dei opp på døra deira.
Sånn. That sounds about right.

Åtte dagar att. Bob, give me strength...

tirsdag 15. februar 2011

15DC: Dag Fire

Sidan livet mitt er herleg begivenhetsrikt og eg ikkje har noko ønske om å dele dei usannsynleg underhaldande opplevingane mine med dykk, kan de få nokre bilete frå dagen til Timothy.




I dag kom han klatrande ut av røyret som stikk ned frå taket over pulten min, for å besøkje meg på arbeidssalen.


Og ettersom han, takka vere sitt opphav, er litt skeiv, fekk han låne dei vakre ringane til Nintendo, og var storveis nøgd med det.


No søv han, og det er forsåvidt å foretrekke, for ellers bråkar han så fælt.






Og så over til hovudgrunnen til at eg faktisk sit oppe og tastar enno, i staden for å gjere noko meir fornuftig.


Dag fire:
Fem teikn på at du likar nokon


- Eg truar korkje dei eller foreldra, besteforeldra, syskna eller kattane deira med kniv.
- Eg stalkar dei på facebook.
Dagleg.
- Eg sitt ikkje og peikar på dei med ein sånn ein:
...medan eg mumlar formlar som Sectumsempra eller Crucio.
- Uttalelsen av namnet deira forårsakar ikkje brekningar.
- Ellers er det vel ein heller dårleg bevart løyndom at eg lagar lydar når eg ser ting eg likar. Sånn generelt.


Completely unrelated quote:
"I Norge e de gamle definert som hellige. Du har ikkje lov til å slakta de gamle, de gamle ska bahandlas med respekt."
- Per Inge Torkelsen

mandag 14. februar 2011

15DC: Dag Tre

Why have a Valentine...
...når du har ei øgle...


...smilande nescafé...


...og piller? Life is good!




Så får eg vel fortsetje på den challenge-greia mi, då.


Dag tre:
Fem måtar du bryt isen


No er det vel ingen som blir dødeleg sjokkerte viss eg står fram og innrømmer at mine sosiale antenner ikkje er dei best fungerande i verda. Hell, dei er ikkje ein gong dei best fungerande i Valle. TIMOTHY har betre sosiale antenner enn meg. Så når eg ein sjeldan gong blir ufrivillig kasta ut i ein sosial situasjon med ukjende og potensielt farlege menneske, hilarity ensues. Sidan eg ikkje snakkar med folk, aldri har hatt noko nemneverdig ønske om å bryte isen og dermed ikkje veit korleis det skal gjerast, velger eg å tolke dette oppdraget som "Fem ting du gjer når du møter nye folk."



  1. Snakk om fiskegrateng. Dette får deg til å verke som ein komplett idiot utan aning om korleis ein skal oppføre seg i sosialt samkvem, eller nokon andre stader for den saks skuld. Med andre ord, gjev det eit ganske korrekt førsteinntrykk.
  2. Gå med den mest skranglande, klirrande, bråkete buksa i heile jævla landet. Viss nokon faktisk tek kontakt med deg frivillig etter dette, tyder det på at dei kan halde ut det meste du kastar mot dei. Ellers kan du risikere at dei held seg på trygg, lang avstand, og det er jo definitivt å foretrekke.
  3. Tryn på asfalten og slå hol i alt du har av kne og hovud. Ingen grunn til å la dei tru at du har nokon form for koordinasjon og balanse.
  4. Curlingbukse og pingvinsokkar. Eg anar ikkje kvifor dette fungerar, men det gjer det.

    Eg innser at å "bryte isen" faktisk kan bety å bryte isen, og i så fall har eg berre ein metode:
  5. Hopp på den.


And with this, I say GOODNIGHT!

søndag 13. februar 2011

15DC: Dag To

Eg har byrja å like te.
Og kaffi.
Og plakatane dett ned fordi veggane er stygge.




Anywayz, dag nummer to:
Fem ikkje fullt så grunnleggjande fakta om meg



  1. Yndlingsfargen min er grøn, men det einaste eg eig av grøne klede er eit par sokkar.
  2. Kinderjulekalendaren min står oppe enno.
  3. I fjor sommar lærte eg at overgongen mellom våt gore-tex og smelta gore-tex går raskare enn ein skulle tru.
  4. I niande klasse kunne eg sleit eg med å stave "which", men "pterodactyl" gjekk fint. 
  5. Eg byrja med å stupe ned trapper når eg var lita, og har aldri heilt klart å slutte med det. Dette har blitt ei delvis godkjend forklaring på kvifor eg er blitt sånn som eg er i dag. 



Ellers har eg litt heimlengsel og saknar pusane mine...











fredag 11. februar 2011

15 Day Challenge: Dag Ein

Eg skal begje meg ut på det utrulige, det ufattelege, det umoglege. Det ingen trudde eg kunne klare...
Eg skal starte (og kanskje fullføre) ein 15 Day Challenge!

Kvifor berre femten, spør du? Kvifor ikkje tretti?
Fordi eg har bestemt det. And because I have the attention span of an unpotty trained labradoodle.


So let's get this going!

Dag nummer ein:
Fem grunnleggande fakta om meg

Dette er kjedelege greier som dei fleste veit frå før, og viss ikkje, så skjønar er ikkje kva du gjer her. Spesielt viss det er du som driv og klikkar deg inn frå Moskva.
I see you!

Right.
1993. 164 cm. Vestlending. Reinsdyr. Fiskegrateng.


Kjedeleg innlegg. Krisebilete:


Sånn. Ser dykk i morgon, godtfolk!