fredag 24. juni 2011

Ting Valle har lært meg

There is a place.


Like no place on earth.


Some say to survive it, you need to be as mad as a hatter.


Which luckily we are.






  1. Du har ikkje meir moro en du lagar sjøl - eller som folka i etasjen din sleng i trynet på deg, and then you better join them.
  2. Det fins heilage brusautomatar.
  3. Du kan dele opp galskapen, but they're gonna figure you out anyway.
  4. Alt kan spøtast. 
  5. Usynlege vener er heilt normalt!
  6. Er du i tvil - heng deg på den første som smilte.
  7. Det er ikkje juks så lenge det funkar!

Og så sånn for å runde av skuleårets siste Valle-innlegg, 
Hei Linda!

Rorschach/Watchmen-ish terning. Uferdig og ufokusert, that's how I roll!

Afghanistansbrosje/krigsbrosje. Sølv og messing.

Tentamensoppgåve.

Ringskinne i sepiastøp.

Ring-ting i sandstøp.

Danger Days widow.

Filigransøyredobbar.

Resten ligg i ei kasse under senga mi, for eg har ferie.

torsdag 9. juni 2011

Eksamen og andre ting eg har mareritt om

Eksamen. Eksamen. Eksamen. Eksamen. Stab. Rip. Stab. Stab. Død over slagloddsøl. Død over glødehud.

Dei siste vekene (månane) har eg hatt fleirfaldige detaljerte mareritt om korleis eg kjem til å stryke på eksamen. Eg  har brent ned opp arbeidsplassen min. Eg har brent ned skulen. Eg har smelta oppgåva. Eg har smelta verktøyet. Eg har svidd av meg både armar og bein. På eit tidspunkt trur eg at eg mista hovudet i syra. Ting har kome vekk i posten. To veker uti sommarferien har eg blitt oppringd av sensor i Oslo og fått beskjed om at oppgåva mi vart underkjend fordi den var skriven på nynorsk.

Og på tysdag byrja helvetet.
Smykke av valgfri type, naturtema. Minst tre av følgjande element: Plate med utsaging, trådarbeid/element frå filigran, sariefatting, knoppa form, galleri, smiing og sikkert noko meir som eg har valgt å fortrengje.

Blomar. Augestikkjarar. Tre. Reinsdyr. Blomar.

Eg er sikker på at eg har mista minst fem år av mitt liv, berre i dag. To hysteriske anfall. Eit fem timar langt adrenalinkick.
Og framleis ser det som i utgongspunktet var inspirert av ei sånn ei:


Meir ut som ein sånn:

Og eg har sove vekk mesteparten av dagen, vel vetande om at no er det forseint å smergle vekk noko som helst.

Men her er då faenskapet.

Glødehud. Stygge loddingar. Skeive snerglar. Mangelfull dokumentasjon.

Ein ting kan dei riktignok ikkje trekke meg for. Éin ting fekk eg faktisk nesten til. Måla stemmer. Nesten.
Sjølvsagt kan eg berre kome på eit dekkjande ord for dette på norsk, og det er griseflaks.

No må de unnskylde meg, eg skal gå og grine.