fredag 24. desember 2010

TJUEFJERDE EPISODE!

Det er den 24. desember. Ingvild står og rykkar fråverande i døra.
«Ab-el-en,» hulkar ho. Noko kakkar på ruta, og Synne går for å opne. Inn kjem ei kvit due flaksande, med eit brev i klørne. Einar kvepp.
«Det er frå Kristin!» seier Synne, og Nina les høgt frå brevet, som inneheld ei episk juleforteljing om Julenissen og Mordica den vondaste av alle demonane til Satan, som prøvde å øydeleggje jula, men blei stansa av helten Nesin.
«Og så nedkjempa Nesin den vonde Mordica, med ein trylleformel som seinare gjekk tapt for ettertida, men som det framleis blir kviskra om i dei djupaste skuggane i verda,» avsluttar Nina.
Dei andre sit stille nokre sekund, før Ingvild snakkar.
«Det hjelper ikkje Morten Abel,» seier ho lågt.
«Vent, det er noko meir nedi her!» utbryt Niclas, og held konvolutten opp-ned over bordet. Ut klirrar ein nøkkel. «Men det er jo...»
«HYTTENØKKELEN!» stemmer dei andre i.
«Vi må redde Abelen!» bestemmer Ingvild, og dei stormar ut for å låse opp. Einar har ikkje heilt fått med seg kva som skjer, men tuslar etter dei andre likevel. Ute ser dei ingenting, men så høyrer dei eit høgt dunk frå utedassen, og skundar seg den vegen.


«STEP TILBAKE!» ropar nissen. «I will skyte your Abel!»
«Legg ned spretterten,» ber Ingvild hjarteskjerande.
«You will not get away with this, Murdoc!» ropar nokon, og plutseleg hoppar MacGyver ned frå ein hangglider som kjem seglande over fjellet. «Leave the Norwegian pop singer alone!»
Brått ser Nina ein samanheng. «DET ER MORDICA!» skrik ho. «NISSEN ER MORDICA!»
Nissen ler. «Nesten, little sister!» seier den. «But only nesten!»
«Murdoc, Mordica,» seier Niclas, før eit lys går opp for dei.
«DET ER MONICA!!» ropar Ingvild, Synne og Niclas i kor. Einar begynner så smått å skjøne iallfall delar av kva som skjer, då nissen riv av seg maska.
Under den ser dei sjølvaste yngste storesystra til den femte jenta i det grønaste huset på Skinlo, som desutan ser ut til å ha fått bukkehorn over natta, og dei gispar.
«I will get unna med this!» ropar Monica, og legg på sprang over snøen med Abelen på slep, medan dei andre følgjer etter av beste emne, men dei er ikkje ein gong i nærleiken av farta som den langbeinte storesystra held over dei frosne massane, sjølv om MacGyver bruker omtrent tre sekund på å lage rakett-truger av konglane han finn.


Herregran, då! tenkjer steinen. Her er det jo aldri fred å få! Alltid er det nokon som trampar eller skrik. No har eg fått nok! Og så kvel han seg opp på høgkant, rett framfor Monica.
Monica skrik. Og det gjer steinen og, i det ho kræsjar inn i den, og knekk av det eine bukkehornet.
«Oh nei!» skrik ho. «My horn!»
Einar kjem etter og plukkar det opp, og det einaste kan kjem på, er sluttscena frå Tenacious D: The Pick Of Destiny.
«From whence you came,
you shall remain
until you are
complete again!» ropar han, så høgt at han nesten høyrer det sjølv.
«NEEEEEEEIIIIIII!!!!» skrik Monica, før ho blir suga inn i ei tom julebrusflaske.


«Let meg ut, at once!» seier Monica med si strengaste storesysterstemme, men ingen høyrer på ho.
«HO HO HO!» er det nokon som ropar, og hyttebuarane stormar ut.
«JULENISSEN!» jublar dei, og ein stor slede med ni reinsdyr kjem flygande på himmelen. Og i sleden sin har han ein masse julegåver og fem familiar, og tre trillebårlass med julemat.
Og så feira dei jul på Tua, Einar og Niclas, Synne, Ingvild og Nina og alle familiane, og Morten Abel og MacGyver, medan Monica kikka på frå julebrusflaska, og fekk ein liten dråpe cider i ny og ne.

GOD JUL ALLE SAMAN!

torsdag 23. desember 2010

Tjuetredje episode!

Det er ein mørk og stormfull aften.
Inne i hytta har Einar omsider skjønt dei lange og i aukande grad frustrerte forsøka på å forklare at den krokete fjellbjørka skal førestille eit juletre. Sjølv om dei er einige om at det er eit ganske patetisk juletre. Han har sett seg ut på benken for å lage julebjørkfot, mens dei andre sitt i stova og lagar noko som kan minne litt om julepynt.
Foten blir ferdig, dei set opp treet, og byrjar å henge opp dei lettare misvisande produkta til dei andre, medan nokon nynnar på noko som kan høyrest ut som eit desperat forsøk på ein julesong.
«Vi skal i det minste gjere det beste ut av det!» bestemmer Niclas.


Brått stormar nissen inn døra.
«You have failed!» ropar han.
«Ni ha kuggad!» oversett papegøyen på skulda hans.
«Kva då?» spør Nina forvirra.
«You have not been able to guess my identity!» ropar nissen.
«Ni ha inte been skicklig till gissa mina identitet!» oversett papegøyen, i ekte www.easytrans.org stil.
«Nei, men...» begynner Synne, før ho blir avbroten av Ingvild.
«Jo Nesbø! Robert Pattinson! Daniel Radcliffe! Kurt Nilsen! Alejandro Fuentes! Gaute Grøtta Grav! Lars Tangen! Chris Crocker!»
«NO!»
«NEJ!»
«Vi har framleis tid!» protesterer Niclas. «Det er lille julafta!»
«Julafta er ikkje før i morgon!» samtykkjer Nina.
Einar sit forvirra og ser på, og korkje høyrer eller skjønar nokon ting.
«NO CHRISTMAS FOR YOU!» gaular nissen.
«INGEN JUL FÖR ER!»
Så grip dei tak i Morten Abel, spring ut av hytta og smeller døra att bak seg.
«NEEEEIIII!» skrik Ingvild, bykser etter og riv tak i døra. «NEEEEEEEEIIIII!!! Den er LÅST!»


Et falske julenissar Abelar? Kor fekk nissen tak i nøkkelen? Kjem dei nokon gong til å kome seg ut av hytta? Er jula øydelagd for alltid?!

onsdag 22. desember 2010

Tjueandre episode!

Niclas sørgjer.
«Kvifor er du så lei deg?» spør Synne, medan Ingvild klappar han på skuldra.
«I dag, i 1943,» snufsar han. «Døydde Beatrix Potter.»
«Var ho i slekt med Harry Potter...?»
«NEI!» skrik han. «Ho er forfattaren bak Peter Rabbit!»
Og sjølv om dei framleis ikkje er heilt sikre på kven Beatrix Potter er, bestemmer dei seg for at dei må muntre han opp.
«Eg har ein idé!» seier Nina. «Vi kan gå ut og hogge juletre!»
Det er alle einige om, og sidan Einar er døv og ingen av dei andre har motorsagsertifikat, tek dei med seg øksa med det splitter nye skaftet, og sender Einar i forvegen med spade for å grave ut veg. Men tre timar seinare har ikkje Einar berre misforstått kva dei har sagt, han har til og med greve feil veg, og plukka seg ut ei usedvanleg krokete fjellbjørk. Og sidan det har begynt å mørkne alt, høgg dei den ned og tek den med seg inn.
Til trass for tresorten, storleiken, utsjånaden og misforståinga, er Niclas munter att.


For noko bråk! tenkjer steinen i halvsøvne. Skal dei hogge ned heile skogen? Det hadde vore noko, det. Då hadde ikkje dessa irriterande ekorna vore over alt, og kanskje dei irriterande menneska hadde slutta å kome. Og då hadde det vore mykje mindre irriterande ting her oppe. Uff, denne granbaren, den er så irriterande!


«Glaaade Juuul!» syng hyttebuarane i kor. «Heellige juuul!» Samtlege stansar for å trekkje pusten, før dei skjær ut i eit usannsynleg falskt «EEENGLER DAAAHLER NEEEER I SKJUUUUL!» og så stansar dei der, for ingen av dei kjem på kva den neste linja er.
«I morgon er det lille julafta,» sukkar Nina. «Det blir nok ikkje jul i år.»
«Jerry Seinfeld?» prøver Niclas ein siste gong.
«MAMMA?!» roper Einar, men ingen av dei har rett denne gongen heller, og det er ingen som prøvar å fortelje han at han allereie har prøvd det alternativet, for han er framleis like døv.


Er Knut Risan den beste norske mannlege skodespelaren igjennom tidene? Kor mykje har han eigentleg spelt i? Blir kalenderen ferdig i tide? Kor mange julekuler kjem vi til å knuse i år?
No skal eg ete julemiddag! (iallfall gjorde eg det i fjor.)

tirsdag 21. desember 2010

Tjueførste episode!

Einar set seg ut på trappa for å spikke nytt skaft til ei øks han har funne. Etter at Morten Abel skreik han i øyra, har han ikkje høyrt ein einaste lyd. Viss nokon kjem ut no, tenkjer han. Så spør dei sikkert kva eg spikkar på. Og så lurer dei vel på kvifor, og korleis det gjekk til at det gamle knakk. Etter det spør dei vel om eg veit kven nissen kan vere.


«Hei Einar,» seier Synne, i det ho kjem ut og finn Einar på benken rett utanfor døra.
«Økseskaft,» svarer Einar, og spikkar i veg.
«Har du sett Niclas?» spør ho.
«Eg såg den gamle låg knekt nede på utedassen,» seier han. «Så tenkte eg blei nøydd til å lage ny.»
«Hæ?!»
«Den siste som brukte den har vel vore for hard med den, kan eg tenkje meg,» fortset han alvorleg.
«Du... køddar du?»
«Nei, eg håpar mamma køyrer over han med dampvegvals!»
Synne stirrar på han nokre minutt, før ho ristar på hovudet og går inn att, medan ho mumlar noko om dårleg vatn og arv av miljøet.


«Kva skal vi gjere?!» spør Synne frustrert. «Einar er jo blitt heilt døv!»
«Å nei, Guri!»
«Vi kan ringje nokon?» foreslår Nina.
«Nei,» svarer Synne. «Vi brukte jo opp det siste batteriet på å ringje lærarane.»
«Fiskebollen i havet, altså.»
«Då er det berre ein ting vi KAN gjere,» seier Niclas endeleg.
«Kva då?» spør dei andre.
«Vi må gjette kven den falske nissen er, sånn at den EKTE nissen kan komme, og då kan vi ønske oss høyrsla til Einar tilbake!»
Dei andre synest dette er ein særs god idé, og set seg til å gjette.
«Odd-Bjørn Hjelmeset?»
«Geir Zahl?»
«Alf Prøysen?»
«Andrea Bocelli?»
Nissen bryt ut i hysterisk latter og rister manisk på hovudet.


Er jula fortapt? Kven i helsikke er nissen? Kor er kroppen til kålhovudet? Kva er verst av eit pjuskete og eit skeivt juletre? Finnast det homofile tre? Er dette tre som har hatt for mykje kontakt med Nina og Ingvild?

mandag 20. desember 2010

Tjuande episode!

«Nei, altså det kan du jo spørje om, men julenissen er jo eigentleg ein relativt ny figur. Det var jo hovudsakeleg desse smånissane som var dei mest vanlege før, og du kan jo sei det sånn at eigentleg var folk ganske så redde for dei, viss de skjønar. Poenget er vel at..
Dei legg på.


«Nei, no skal vi vaske golvet!» bestemmer Niclas plutseleg. «Og Einar skal bere ved! Etterpå skal vi sette opp fuggelband, og så kan vi pynte tre!»
«Nei!» avbryt Einar. «Vi skal søren ikkje pynte ein einaste kvast før lille Julafta!»
«Dessutan er det jo ikkje sikkert det blir jul i år,» minner Synne dei om. «Viss ikkje vi finn ut kven nissen er!»
Dette legg ein dempar på stemninga, men dei fortset med å gjere som Niclas har sagt likevel. Synne, Ingvild og Niclas går laus på å vaske og rydde i hytta, Einar ber ved, Abelen følgjer nysgjerrig med frå Abelburet, og Nina blir sett til å finne ut kva eit fuggelband eigentleg er.


Til slutt er hytta vaska, teppa banka, veden børi, og Nina har komme fram til at eit fuggelband under tvil kan gå som eit julenek, men sidan dei ikkje har noko julenek, har dei hengt opp ein bjørkekvast i staden og dessutan forfatta ei formell unnskyldning til småfuglane.
No sit dei samla framfor omnen og kviler, medan Ingvild voggar på Abelen, som ikkje har fått middagsluren sin på grunn av alt styret.
Nissen kjem trampande inn. «Hau, hau!» helsar han.
«Ho ho,» rettar Ingvild fråverande.
«Det må då vere nokon vi ikkje har gjetta,» sukkar Nina. «Kva med Knut Risan?»
«Nei, Knut Risan er alt for koseleg,» svarer Niclas.
«Scrødingers Katt?» foreslår Einar, men ingen tek forslaga han kjem med seriøst lenger.
Brått sett Abelen seg opp og skrik av full hals, rett inn i øyret på Einar. Og sjølv om Einar skrik tilbake, kan han ikkje høyre ein lyd når Abelen har lagt seg til å sove att.


Er det mogleg å kjøpe julestemning på eBay? Kan nokon selje litt til Ingvild?
Har Einar blitt permanent døv? Og kvifor skreik Abelen?
Kjem dei nokon gong til å finne ut kven nissen er?
Blir det jul i år?

søndag 19. desember 2010

Nittande episode!

«Var det verkeleg nødvendig?» spør Synne irritert.
«Ja, det var det faktisk!» forsvarer Einar.
«Det synes ikkje eg!» protesterer Ingvild, men Niclas avbryt krangelen.
«Folkens, vi har viktigare ting å tenkje på!» seier han. «Det er den nittande desember, og vi veit framleis ikkje kven nissen er! Vi har berre nokre få dagar att!»
«Og så blir det kanskje ikkje ei god jul!» fullfører Ingvild panisk.
Dei spring inn i den andre stova, der nissen sitt og spelar tverrfløyte.
«Mikkel Gaup!» ropar Niclas.
«Harald Eia!» seier Synne.
«Oddvar Brå!» prøvar Ingvild.
«Kaptein Sabeltann!» kvekker Einar.
«MWAHAHAHA!» ler nissen, og dei skjønar at ingen av desse forslaga stemmer heller.
Så opnar soveromsdøra seg, og Nina kjem tuslande ut, medan ho nynnar på noko som liknar litt på Kontroll på Kontinentet. Einar spring ut på kjøkkenet for å hente steikepanna, og blir ståande i døropninga med våpenet sitt heva.
«Kva søren er det du driv med?» spør Nina forfjamsa.

Dei får snart forklart dei siste hendingane for Nina, og at viss ikkje dei klarer å gjette identiteten til nissen innan 24. desember, blir det ikkje nokon god jul. Men då dei fortel ho at alt ho har sagt dei siste ti dagane har vore deler av Kaizerstekstar, kviknar ho til.
«Skarra eg?» spør ho ivrig.
«Som ein Bryning!» bekreftar Ingvild.
«ENDELEG!» jublar ho, og prøvar igjen, men no er emna til å skarre vekke som dogg for sola. «Søren.»
«Kan vi ikkje konsentrere oss om det som er viktig?» protesterer Niclas. «Vi må redde jula! VI MÅ GJETTE, FOLKENS!»
«Pappa?» seier Nina prøvande, og nissen blir sittande og sjå lenge på henne. Så ristar han på hovudet. «Onkel Tom?»
«Darryl?» foreslår Niclas, men ingen av desse forslaga stemmer.
«Då ser eg berre ein utveg,» seier Nina. «Vi må ringe... ein lærar
Dei andre gispar.

Men etter ein og ein halv time har dei framleis ikkje fått tak i nokon.
«No har vi berre eit nummer att,» sukkar Synne. «Og det er Einung.»
«Vi får gjere det i morgon,» seier Ingvild.
«Kvifor det?» spør Einar.
«Fordi Abelen har lagt seg,» kviskrar ho, og peikar på musikaren, som ligg samankrølla framfor omnen.

Kan eit kakk i bakhovudet verkeleg løyse alt? Har Einar for vane å kvekke? Kan Nina verkeleg berre skarre i påverka tilstand? Kor mange lærarar har dei på telefonlistene sine?

lørdag 18. desember 2010

Attande episode!

«Ari Behn!» ropar Niclas.
«Vi har allereie sagt det!» protesterer Synne.
«Eg veit det,» svarer han. «Men kven ellers?»
«Øystein Sunde,» foreslår ho, men nissen nektar for det.
«Ivo!» prøver Ingvild, men nissen veit ikkje kven det er.
«MacGyver!» seier Niclas, men då blir nissen fornærma, og Einar skjeller ut guten for å ha gått for langt.


Utover dagen blir TCCB sittande saman med nissen i stova. Radioen står på, men det er ingen av ungdommane som høyrer etter, dei er opptatt med å spele ludo og diskutere blærekatarr.
«Høyrde de det!» utbryt nissen plutseleg.
«Kva då?» spør Ingvild.
«På kjeftarkassa!» seier nissen, og peikar på radioen, medan dei andre blir sitjande som levande spørsmålsteikn. «Merradoningen slitna ur fastlagen og korva nedut i bakkom og for beint inn i rautarbolet, så gras-struten stod uppgjenom soddsleidarararane!»
«Men Guri, kva er det du seier?!» Niclas verkar nesten sjokkert over utsagnet.
«Merradoningen rende inn i møøheimen!» seier nissen, men framleis er det ingen som kan seie at dei skjønar kva han snakkar om.


Einar er lei. Einar er drit lei og på god veg til å bli spinhakkande galen. Nissen blir stadig meir uforståeleg, og Nina har ikkje sagt eit fornuftig ord sidan fjerde desember. Det held ganske enkelt på å bli for mykje for den stakkars sandensaren.
«Eg ser på det eg har skapt, og teller på liv som har gått tapt,» syng Nina. «Eg ser at det som før låg i vater, eg ser det er blitt skakt. Men tida har vært snill mot mitt handverk, lagd ned, stein for st-»
«PISS MEG I ØYRET OG KALL MEG MAMMA!» skrik Einar, grip tak i steikepanna og gjev Nina eit dugeleg kakk i bakhovudet, så ho går i bakken og dessutan blir liggjande i ro.


Kvifor blir nissen fornærma over å bli kalla MacGyver? Kven er det eigentleg? Kor vaks han opp, og kva heiter foreldra?
Har Einar endeleg gått frå vettet, og har han drepe Nina?
Kvifor har eg ilt i ryggen?

fredag 17. desember 2010

Syttande episode!

«Nei, NO!» utbryt Einar. «No får det vere nok!» Han grip tak i nissemaska og rykkjer til, medan nissen ropar høgt i protest. Einar lar seg ikkje stoppe. Han dreg og dreg, og så dreg han litt til. Synne og Ingvild sit skrekkslegne og ser på. Bilete av gråtande ungar, andletslause nissar, agurk- og soppskyer rasar igjennom hovuda deira.
«Kva i...? Din ostepop!» seier Einar, når han innser at maska ikkje har rikka seg så mykje som ein kvart millimeter. «Har du limt den fast?»
«Karlssons klister!» bekreftar nissen.


«Vi treng mat,» stadfestar Niclas. «Har nokon forslag?»
«Vi kan jakte, då,» seier Einar.
«Korleis skal vi få til det?» spør Ingvild. «Vi har jo ikkje våpen.»
«Viss vi berre tek-»
«Ja, då gjer du det då, Einar,» avbryt Synne, og sjølv om Einar er fornærma over å bli avbroten, går han for å gjere kva han no enn hadde planlagt.
«HALLOOO?» er det nokon som ropar. «Er det nokon her?»
Innbyggjarane i hytta ser på kvarandre eit augeblikk. Niclas er den første som ser ut.
«EIT REINSDYR!» ropar han. «DET ER EIT REINSDYR!»
«MAT!» jublar Einar, grip kniven og stuper ut døra for å fange det. «Men... Piss meg i øyret!»
Synne og Ingvild spring ut bak han for å sjå kva alt rabalderet eigentleg handlar om.
«Det er jo BRITA!»
«Hei!» seier Brita, der ho sit på ryggen til reinsdyret. «Korleis går det?»
«Fint,» svarer Ingvild fortumla. «Men kva gjer du her?»
«Neeei, eg tenkte eg skulle stikke innom ein tur, og sjå korleis de har det,» svarer Brita. «Og så tenkte eg de var svoltne, så då tok eg med litt mat til dykk!»
«MAT!» jublar Einar.


Etter dei har forklart situasjonen for Brita, blir ho sitjande stille nokre sekund.
«Nina då?» spør ho.
«Me går laaaangt tilbake til de gaaaamle dager, då alt var svart kvitt...»
«Jaha.»
«Nettopp,» bekreftar Niclas.
«Men eg må vel gå, eg,» seier ho. «Eg må jo fòre hesten!» Og før dei veit ordet av det, har ho ridd sin veg på reinsdyret sitt.


Er det mogleg å ri på eit reinsdyr? Og i så fall, er det behageleg? Kan det anbefalast?
Betyr denne gjesteopptredenen at Brita har fått hemmeleg innpass i TCCB? Søv ho på sofaen no, eller berre ser det sånn ut?
Kva er eigentleg i 17. luke på Haribo-kalenderen?

torsdag 16. desember 2010

Sekstande episode!

I dag låg heile TCCB i dekning i frykt for at Tåketrollet skulle gje dei blærekatarr i lungene. Nina byrja på Bastard, og fekk sunge seg igjennom Ompa Til Du Dør og halve Evig Pint, før Einar stengde ho ute i gongen. Morten Abel har blitt stengd inne i buret sitt på grunn av aukande nervøsitet, og nissen har røyka hasj.
Kom tilbake i morgon for ein skikkeleg episode.

onsdag 15. desember 2010

Femtande episode!

Diverre verkar det ikkje som om møtet med nissen har fått Nina til å snakke normalt att, og dei andre konsentrerer seg nok ein gong om å finne ut kven det er.
«Statsminister Jens Stoltenberg?» sukkar Ingvild, i mangel på betre forslag.
«Nai,» svarer nissen.
«Eg veit kven du er er!» utbryt Niclas og sprett ekstatisk opp. «Du er.... han der... han... Nei Guri, de veit kven eg meiner!»
«Nei, det gjer vi ikkje,» seier Synne, noko oppgitt.
«Han skalla,» seier Niclas, medan han prøvar å kome på namnet.
«Dagfinn Lyngbø!» foreslår Ingvild, men det er heller ikkje riktig.
«Han skalla som er med i alt!» fortset Skiljaren.
«Aksel Hennie?» spør nissen.
«JA!»
«Nai, det ar jai ikke.»
«Søren.»
«Nai.»
«Det var ikkje eit forslag!»


Maria stiller seg midt på stovegolvet. «Eg trur det er på tide at eg reiser.»
«Kvifor det?» spør Einar, sjølv om heller ikkje han har hatt sansen for religionslæra hennar.
«Dette er galskap,» svarer ho enkelt. «Vi er snødd faste i ei hytte på fjellet. De høyrer ikkje på meg, de har Morten Abel i bur i stova, nissen har skifta aksent fleire gongar, og eg trur ikkje han sjølv veit kor han er ifrå ein gong. Ingvild er besett av ein barkebåt, de lagar mat ut vindauget over eit bål som Einar på tenne kvar morgon fordi Niclas trykte på sjølvøydeleggjelsesknappen på kokeplata, og Nina er det umuleg å få ei normal setning ut av, samt at ho plutseleg har lært å skarre. Dette er den sjukaste julekalenderen eg nokon gong har vore med i!» Så marsjerer ho ut, og forsvinn i eit blaff av lys og englesong.
«Vi har eit problem,» seier Synne.
«At Maria nettopp peikte ut det meste som har skjedd her, inkludert det som hende før ho kom, som ho etter alle logiske reglar ikkje skulle vete?» spør Niclas.
«Nei,» svarer Synne. «Vi har nesten ikkje mat igjen.»


Er Gud verkeleg, og er det med hjelp frå han at Maria kjem seg ned frå fjellet? Er Gud ein mann? Har nokon i hytta ein kjønnssjukdom, og i så fall, korleis fekk dei den?
Kor mykje går butikkane i overskot når dei sel Freia sjokoladeplater for 15 kr?
Gjekk Bush til krig av personlege årsaker, og kva heiter oldefaren til Obama?
Desse spørsmåla får du garantert IKKJE svar på i neste episode!

tirsdag 14. desember 2010

Fjortande episode!

Tidleg om morgonen samlar TCCB seg til krisemøte i stova. Nina søv heldigvis framleis.
«Kva skal vi gjere?» spør Niclas.
«Vi gjev ho eit regelrett kakk i skalljen!» foreslår Einar.
«Nei, det gjer vi ikkje!» avslår Synne.
«Det er berre ein ting vi kan gjere!» seier Maria.
«Kva då?» spør dei andre.
«Vi ber!» svarer Maria.
«Nei!» seier dei andre.
«Vi kjøra bannan oppi pipa og eta kaka til kvelds!» seier Nissen høgtideleg og reiser seg bestemt.
«Hæ?!»


«Det kunne vore verre,» konkluderer Ingvild. «Det er i det minste Kaizers!»
«Ja ja, men det er framleis ganske gale,» meiner Niclas.
«Bris, briiis, pustar meg i nakken..
«Ostepop,» sukkar Einar. «No har ho vakna.»
Morten Abel kikkar mistenksamt mot soveromsdøra. Han er ikkje heilt fornøgd med det plutseleg drastisk stigande Kaizernivået i hytta. Morten Abel spelte ein gong fotballkamp mot Kaizers Orchestra.
«Det blir kaldt i frakken, og kroppen skriker,» fortset Nina, i det ho kjem inn i stova til dei andre. «Kom bris, briis, sett meg fr-» Ho bråstansar, og slepp alt ho har i hendene. «NISSEN!» ropar ho i vill jubel, og stormar bort for å sette seg på golvet framfor han. «NISSEPAPPA!»
Nissen ler, og lener seg fram i stolen.
«Har do vora snill i dag, ja?»
«JA!»
«Do vil ha pakka, ja?»
«JA!»
«NEJ!» seier nissen, og hevar ein truande finger. «Do må venta til jol!»
«Åååh...»
Dei andre sit relativt sjokkerte, før Synne omsider tek til ordet.
«Det var iallfall noko anna enn Kaizers...»


Har Nina pådratt seg alvorlege psykiske problem? Kjem ho nokon gong til å bli normal att? Eller er dette det mest normale ho nokon gong har vore?
Kva var utfallet av fotballkampen Morten Abel spelte mot Kaizers? Blei det gjeldande for resultatet at Janove fekk gult kort for å vere kjepphøg?
Er det ikkje imponerande at eg har klart å få ut ein episode på riktig dag denne gongen?

mandag 13. desember 2010

Trettande episode!

Det er ei ubehageleg stillheit som pregar hytta i dag. Maria sit i stova og gjer nokre siste forsøk på å overbevise dei andre om at Gud er vår far. Ingvild sit i den andre stova og ser på Abelen der han sit i buret sitt. Ho er tydeleg påverka av det Maria sa kvelden før, om at Abelar ikkje skal haldast som kjæledyr. Ho er ueinig.
Til slutt kjem Synne ut til ho.
«Går det bra med deg?»
Ingvild ser opp, og nikkar.
«Me to går alltid aleeeinaaa...» mumlar Abelen i buret sitt.


«EG HAR PROBLEM MED FORSENDING GJENNOM POSTEN, MIN KONTAKT FANT EN SVIKT I DISTRIBUSJONEN.»
Samtlege i hytta hoppar fleire centimeter av sjokket.
«KLYP AV EN MANN PGA LEKASJE, RØYK HAN UT AV SITT HUS OG OPP AV SIN KJELLER!»
«Kva i helvete er det?!» spør Einar, mens nissen trykkjer hua ned over øyra.
«IKKJE SLIKT SPRÅK!» skrik Maria, og set seg til å be om tilgjeving.
«EG HAR PROBLEMER INNAD I SYSTEMET, MEN EG HAR FÅTT EN MANN INN I VATIKANET!»
Ingvild sprett opp frå sitjeplassen sin og Abelen kryp saman i buret.
«DU KAN FORANDRA DITT NAVN OG DINE KLÆR MAESTRO, LEKE TIKKEN OG DET ER DU SOM HAR AN, MAESTRO!»
Så hoppar alle opp og spring til kvart sitt vindauge. Synne er den første som får auge på kjelda, sjølv om Ingvild allereie hadde ein mistanke etter å ha kjend att orda.
«Nina!» gispar ho, og dei andre kjem bort for å sjå. Ute kavar ei svartkledd jente seg igjennom snøen.
«Smil,» høyrer dei utefrå. «Smil til ditt blitzregn, baby! I morgon veit alle kven du er!»
Dei får etter kvert rømlingen inn i hytta, og kjem raskt fram til at ho er lettare omtåka.
«Kor har du vore?» spør Niclas.
«I gruuuvene på seeeksteeen, har eg budd i fiiira åår!» syng Nina tilbake, og skarrar som aldri før.
«Kanskje du berre skal gå og legge deg,» foreslår Synne, som nok er det beste forslaget som har vore foreslått på minst ei veke.
«Åååh, Sonny! Hei, Sonny! Du har alltid vært min egen Sonny!»


Kjem Maria nokon gong til å klare å omvende nokon?
Går det eigentleg bra med Ingvild? Og kva har skjedd med Nina? Har ho røykt noko som ikkje burde røykast? Er det lurt å røyke sokkar? Og kva med brokkoli?

søndag 12. desember 2010

Tolvte episode!

Eg frys, tenkjer steinen. Det er kaldt her. Den tenkjer med misunning på båla som menneska lagar, og tenkjer at eit sånt eit skulle den ha hatt seg. Oppå steinen ligg ein og ein halv meter med snø. Oppå snøen ligg ein seksuelt misbrukt kongle, som skulle ønskje den var ein kaktus. Eit steinkast unna ligg ei raudmåla hytte, som inneheld ein mann, fire ungdommar og ein popmusikar i bur.

«Jesus elsker alle baarnaaa,» nynnar ei brunhåra jente mens ho bankar på hyttedøra. Etter bråk og romstering går døra omsider opp.
«Maria!» gispar Niclas. «Kva gjer du her?!»
«Eg kjem med Gud!» svarer Maria og slår ut med armane, samtidig som sola tittar ut frå bak ei sky og lyser opp håret hennar.
Ho kjem inn i hytta, og blir møtt av tilsvarande overraska uttrykk.
«Korleis kom du deg opp?» spør Ingvild i forferdelse.
«Jesus er min hyrde!» svarer Maria og slår ut med armane att, samtidig som det blafrar i parafinlampa bak ho, og lyser opp håret hennar.
«Men kvifor er du her?» spør Synne.
«For å lære dykk om den evige kjærleiken Gud har til alt liv!» svarer Maria, og i eit stort blaff tar håret hennar fyr.
«AAAAHHHHH!» ropar Einar, dreg fram vassbytta og kastar den over hovudet hennar, før han dyttar ho ned på golvet og sparkar ho rundt mens han fortset med å rope «STOP, DROP, ROLL!»
Først etter eit par minutt, når Ingvild, Niclas og Synne har overbevist Einar om at elden er sløkt, får Maria lov til å reise seg, framleis med vassbytta på hovudet. Morten Abel snik seg stille tilbake til buret sitt med eit skyldtungt uttrykk i andletet og ei fyrstikkeske i handa.

«Eg trur framleis ikkje på det. Det kristne samfunnet er oppskrytt og ekskluderande,» seier Ingvild, etter at dei har fjerna dei verste skadane på håret til Maria.
«Men eg vil berre at de skal føle den same gleda som eg føler!» prøver Maria for andre gong. «Eg har det så bra med meg sjølv etter at eg blei kjend med Jesus!»
«Har du møtt han, kanskje?!» seier Einar. «Tenk om han ikkje likar oss! Har du tenkt på det, hæ?»
«Men han elskar alle!» sukkar Maria oppgitt. «Dessuten synest eg ikkje Abelar skal haldast som kjæledyr!»


Korleis kom Maria seg eigentleg opp på fjellet? Er ho verkeleg sendt frå Gud? Elskar Jesus alle barna? Har ho rett i at det er feil å halde Morten Abel i bur?
Korleis kan ein kongle eigentleg brukast? Er det i det heile tatt mogleg å misbruke ein kongle?

lørdag 11. desember 2010

Ellevte episode!

«Ingvild, kvar er Abelen?» spør Synne i det ho kjem inn i stova, og ikkje kan sjå den norske popmusikaren nokon stad.
«Hæ?» Ingvild ser forvirra ut, der ho sit ved bordet med telefonen i den eine handa og spelekort i den andre.
«Morten Abel!» gjentek Synne, men Ingvild verkar framleis ikkje som ho er heilt med. «Einar sa jo du skulle passe på Abelen!»
«Åååjaa...» seier Ingvild, når lyset begynner å gå opp for ho. Ho kikar ned i korta nokre sekund, før ho ser opp att. «Eg trudde han sa eg skulle spele poker med Adelen...»
Synne kjem fram til at det er håplaust å kjefte på stakkaren, og samlar heller saman Einar og Niclas for å hjelpe til i leitinga.

«Eg skjønar ikkje kor han har gjort av seg!» klagar Ingvild etter to timars iherdig leiting. Einar går tilbake til taustubben i stova, som Morten Abel skulle vore tjora i.
«Tauet er skore over,» klargjer kan. Nissen fniser lågt frå stolen sin.
«Det er skåre med tollekniv,» fortset eks-speidaren og sprett opp mens han peikar manisk mot nissen. «DU ER ARNE HJELTNES!»
«Nej, det är jag inte!» fniser nissen, og Einar ser stygt på han og skal akkurat til å lire av seg nokre kreative ukvemsord, når Synne stansar han.
«Hysj!» seier ho plutseleg. «Høyr!»
Alle stoppar opp og lyttar, og ganske riktig høyrer dei eit lavt «me to går alltid aleiiinaaa...» frå soverommet. For ikkje å skremme han, sender dei Ingvild først inn. I byrjinga ser ho ingen, men klarer snart å spore songkjelda til under senga. Og ganske riktig, der ligg Morten Abel. Ho lokkar han ut med ei pølse med brød, og Einar byggjer eit nisse-sikkert bur til han i den andre stova.


Er det forskjell på tau som er skåre over med kniv, og dei som er skåre med øks? Er sag eit akseptabelt instrument? Og kva med sekkepipe?
Kjem dei nokon gong til å gjette kven nissen er, og hadde det ikkje berre vore lettare å kaste han ut?
Kor mykje et ein Abel?

fredag 10. desember 2010

Tiande episode!

«VI HAR FANGA DEN!!»
Einar, Niclas, Ingvild og Synne ivrar ut på den smale verandaen, og kanskje riktig, rett rundt hjørnet sit det nokon i Einar si varulvfelle. Niclas stirrar forskrekka. «Men det er jo...»
«Soloartist og vokalist i The September When og Mods, MORTEN ABEL!» stemmer dei andre i.
«Ver forsiktige!» advarer Einar. «Abelar er seige dyr, men dei lagar ubehagelege lydar når dei blir stressa.»
Men med mengder av lokking, godsnakk og ei grillpølse, får dei lokka musikaren inn i hytta utan nokon uønskte overraskingar.


«Kva skal vi gjere med han?» spør Niclas, og forsyner seg av dei siste gjenverande chipsflaka.
«Kan vi ikkje behalde han?» spør Ingvild, og kikkar bort på Morten Abel. Ho har allereie begynt å bli glad i Mods-vokalisten, som no sit på teppet og nynnar lågt på Tore Tang. Einar har tjora han til stovebordet, for å halde han ute av kjøkkenet.
«Ein Abel er mykje ansvar,» minnar Synne ho om. «Dessutan er denne begynt å bli gammal.»
«Men høyr så flink han er!» argumenterer Ingvild, mens Morten Abel byrjar å synge lågt.
Dei lyttar til songen ei stund, før Synne snakkar igjen. «Når var det Nina stakk, eigentleg?»
«Fjerde desember,» svarer Niclas nedi chipsskåla.
«Er det ingen som har kommentert det?»
«Nei.»
«Hmh.»
«Jaja,» sukkar Einar. «Vi får sjå i morgon. Ingvild, du får passe på Abelen i natt. Eg vil ikkje sjå Abel-spor i smøret!»
Ingvild tek på seg ansvaret, og dei blir sittande oppe nokre timar utpå kvelden for å høyre visesong på Stavangerdialekt, før dei trekk seg tilbake til madrassene.


Fins det meir enn ein Morten Abel, og er det forsvarleg å ha slike gåande fritt i fjellet?
Har Niclas nettopp gjort kål på den siste chipsposen? I så fall, hadde han med seg sin eigen kål heimafrå, eller fann han eit tilfeldig kålhovud? Var det eit kålhovud som vi kjenner?
Er Obama blitt kasta kål på i det siste? Kvifor er ikkje kål ei frukt?

torsdag 9. desember 2010

Niande episode!

«Men eg såg ein!» argumenterer Ingvild standhaftig og veivar med armane mot vindauget. «Eg såg ein! Rett der ute!»
«Du gjorde det, ja,» seier Synne med stemmen full av ironi.
«Ja, faktisk!» fortset Ingvild. «Den var stor og svart og kom mot meg!»
«Og kva var det den ville med deg då? Stele barkebåten din?»
Ingvild bleiknar, og kikkar bekymra mot båten.
«Ærleg talt, Ingvild!»
«Kva!?»
«DET FINS IKKJE VARULVAR!»


Etter fleire timar med kjekling, krangling, behandlingsforsøk og diskusjonar om den generelle interessa varulvar kanskje kan ha for barkebåtar, blir det bestemt at det skal setjast opp ei varulvfelle, som Einar blir sett til å konstruere. Han lirer av seg ein masse ord og uttrykk som kun eit mindretal av dei andre forstår, og så luskar han ut i snøen for å konstruere ei felle av, så vidt dei andre kan forstå, tre grillpinnar og ei halv pølse.


Etter at mørkret fell på, varulvfella er trygt sett opp, det brenn godt i omnen og nissen står på kjøkkenet med ein juleøl, verkar alt mykje rolegare på hytta, og sjølv Ingvild kan snu tankane tilbake til det omfattande problemet som består av å gjette identiteten til ein usannsynleg feit, raudkledd mann som ikkje er julenissen, Erlend Loe, Ari Behn, Kongen eller mor til Einar.
«Janove Ottesen?» slengjer Ingvild ut i lufta.
«Heidi,» foreslår Einar.
«Heidi?» gjentar Synne.
«Ho er fin.»
«Inte Jansemann, och inte Heidi,» seier nissen, før han opnar kjøleskåpet. «Ljus!» Og lukkar det att. «Mörkt!»


Kjem Einar nokon gong til å få inn eit sakleg forslag til kven julenissen kan vere?
Kan ein konstruere varulvfeller av grillpinnar, eller blei dei brukte som lokkemat? Kan ein konstruere fungerande varulvfeller i det heile teke, og har vi varulvar i den norske faunaen?
Kor mykje veg eigentleg julenissen?

onsdag 8. desember 2010

Åttande episode!

«God formiddag, godtfolk! Velkomne tilbake, vi håpar de har hatt ei god helg! Sidan vi hadde så mykje debatt om veret før helga, kan vi like godt begynne med å seie at det ikkje har betra seg. Sørlandet har vore litt uheldige med eit lett snøfall som leia til trafikkork og fleire bilistar har også køyrt av vegen. Hittil er det ikkje meld om større personskader. Vi har også fått inn ein protest mot alle klagene frå Sørlandet. Nils-Mikkel Gaup frå Alta skriv til oss at det var på høg tid at snøen kom, ettersom snøen frå i fjor haldt på å forsvinne heilt.»


I stova på hytta til familien Skinlo sit Einar, Niclas, Synne og Ingvild og klør seg i hovudet. Saman med dei sit ein usedvanleg overvektig mann og nynnar på ei bulgarsk folkevise.
Til slutt ser Niclas opp. «Ari Behn!» gjettar han, men nissen med nillemaska berre ler og rister på hovudet.
«Mamma!» følgjer Einar opp, men då ler nissen berre endå meir, og dei er like langt.
«Einar, kvifor skulle det ha vore mor di?» spør Synne fornuftig.
«Eg veit vel ikkje eg vel!» kvin han. «Men det var då som svarte!»
«Kongen?» foreslår Ingvild, og nissen nikkar.
«KONGEN!» ropar alle i kor.
«Nai, jai bare tolle,» seier nissen då, og då han ser dei skuffa andleta føyer han til eit «Onnskold.»


Seinare på ettermiddagen sit Ingvild ute og pussar barkebåten sin, i det ho høyrer det knirkar i snøen. «Hallo?» ropar ho. «Kven er det?» Men ho får ikkje noko svar, og knirkinga stansar. «HAA-LLOOO!» ropar igjen, og denne gongen høyrer ho noko som rører seg der ute, før noko relativt stort og heilt svart kjem byksande mot ho på fire bein igjennom snøen.
«KA FAEN!?» skrik ho, snur seg om og stormar inn i hytta. «EINAAAAR! Synne! HJEEELP!»


Korleis har det seg at når eg først hugsar å kjøpe mjølk sånn at eg kan lage middag, så gløymer eg å kjøpe baguettar til å ete saman med det?
Kor mange svarte ting på fire bein har vi på Skinlo? Eller er det Remus Lupin?
Har eg begynt å gå tom for spørsmål?

tirsdag 7. desember 2010

Sjuande episode!

I dag låg heile TCCB i sengene sine og grubla på kven nissen kanskje kan vere, derfor blei det ingen spanande episode i dag. Nissen sjølv sat på utedassen og spelte banjo.

mandag 6. desember 2010

Sjette episode!

«HOHOHO!» ropar ei grov stemme. «Er det noen znille bahrn her?»
«JULENISSEN!» jublar Niclas og hoppar ut av senga, tett følgd av Ingvild, Synne og Einar. Inn døra kjem ein mann i raud drakt og langt, kvitt skjegg, så langt at han kunne halde det på plass med beltet.
«Har dere væhrt znille da, unger?» seier han høgt, og svingar ein stor, tung sekk frå den venstre skuldra og ned på golvet.
«JA!» svarer alle i kor, og samlar seg saman rundt han, der han set seg ned i den eine stolen.
«Zkal vi ze her da...» Han grev i sekken og finn til slutt fram ein stor, firkanta ein, og myser på den, før han ristar på hovudet og legg den ned att. Så finn han fram ein på storleik med eit flatpakka furubord frå Ikea. «Erhlend Loe?»
«BEDRAGAR!» skrik Einar, han spring opp og peikar rasande mot den billege plastmaska. «ERLEND LOE BUR IKKJE HER!!»
Dei andre stirrar vantru mot den svære mannen. Tårene veller opp i auga til Ingvild og ho kveler eit hulk.
«Men viss ikkje det er julenissen, kven er det då?» spør Niclas, mens Synne prøver å trøyste Ingvild, som er på veg inn i sjokk.
Mannen lener seg bakover i stolen og ler av full hals.
«Derhe har helt rett!» seier han. «Jeg er ikkje julenizzen!»
«Men kven ER du då?!» roper Einar, som verkar stadig meir opprørt, og det er kanskje like greit at dei ikkje har skytevåpen tilgjengeleg.
«DET!» ropar den såkalla nissen, og spring opp av stolen så brått at ungdommane skvett til. «Kommer jeg ikkje til å forhtelle dehre! Dehre må gjette!»
«Og kva får deg til å tru at vi VIL vete det?» spør Ingvild, som har gått frå sjokk til å bli direkte opprørt.
«For vizz ikke dehre finner ut av det, kommer julenizzen aldri tilbake!» svarer tjukkasen i triumf.
«Men då blir det ingen gledeleg jul!» seier Niclas med panikk i stemma.
«Og kva med alle ungane!» Einar høyrest om mogleg endå meir panisk ut enn Niclas. «KVA MED BARNA?!?»
«MWAHAHAHAHA!!!» ler nissen.
«Vi må gjette!» fortset Niclas. «Er du Erlend Loe!?»
«NEI!!» ropar nissen, og ler endå meir.
«MEN BARNA!!!» skrik Einar igjen. «TENK PÅ BARNA!!»


Kva er denne plutselege interessa Einar har fått for ungar? Har han blitt PLAN-fadder? Skal han bli far?
Kven er eigentleg denne såkalla nissen, og er det sant det han seier om den ekte nissen? Blir det i det heile tatt jul i år?
Er det berre meg, eller er dette dei mest saklege spørsmåla eg har hatt hittil?!

søndag 5. desember 2010

Femte episode!

«Kor blei det av Einar?» spør Ingvild og ser seg om, utan å få auge på klassekameraten.
«Han skulle vel sikkert ut og sjå etter Nina,» svarer Niclas, som koker tomatsuppe ved familien Skinlo sin trufaste hyttekomfyr. «Kva er denne til?»
Ingvild får verken tid til å spørje kva han snakkar om eller svare på det, ho blir avbroten av eit øyredøyvande smell som får henne til å lukke augene og stupe ned bak omnen. Synne kjem springande inn frå røykepausen sin, og det første ho ser er Nicas, som står midt på golvet med andletet fult av suppe, omgjeven av det som er att av komfyren
«Den raude knappen...» seier han berre, og blant kokeplatefragmenta finn ho ein stor, raud knapp med påskrifta 'Do NOT push. Ever. SERIOUSLY!'
«Kva i HELVETTE er dette?!» utbryt Einar i det han kjem inn i kaoset.
«Knappen...»
«Ikkje det, DET!» avbryt sandensaren, og peikar mot bordet.
«HALD DEG UNNA BARKEBÅTEN MIN!» skrik Ingvild krakilsk, kastar seg mot Einar og dyttar han ut av vegen, trykkjer barkebåten til seg og spring ut av hytta.
«Og kva i helvette er DET?!» Denne gongen peikar han på rotet av tomatsuppe og komfyrrestar.
«Niclas trykte på den raude knappen,» oppsummerer Synne.
«Din ostepop! No har vi ikkje komfyr!» kjeftar han. «No må vi fyre bål!» Og så røskar han med seg ein vedsekk og går ut for å fyre eit bål.


Utanfor hytta ligg steinen og irriterer seg over den fryktelege knirkinga i snøen.
Skulle tru det var ein elefant som kom! tenkjer den. Steinen har aldri møtt ein elefant, men for ei stund sida datt det ein annan liten stein ned ved sida av han, som påsto han hadde blitt trakka på av ein. Derfor veit hyttesteinen alt om elefantar, og korleis det høyres ut når dei går. Ein dag skal eg reise meg og knirke tilbake, tenkjer den. Til hausten, kanskje. Eller neste vinter.
I ly av mørkret smyg ein tjukk, raudkledd mann seg mot hytta.


Kven er det som er ute og snik i snøen? Er det nissen, eller er det berre Jon Blund som har komme for å lære oss om menneskerettar? Kan menneskerettar etast?
Kva er greia med barkebåten til Ingvild, og er det vanleg at komfyrar blir laga med Self Destruction-knappar?
Har steinen det bra med seg sjølv, og kva med forfattaren?!

lørdag 4. desember 2010

Fjerde episode!

«KOM BLÅÅÅNEEE, KOM JENTE, KOM GUUUT!»
«NICLAS! Kva i hælvette er det du driver med, din halvfulle hagenisse?!» ropar Einar, så heile hytta ristar og alt håp om ein roleg morgon forsvinn ut pipa ein plass.


«I dag kan endeleg dei tilsette ved Oslo Meteorologiske Institutt lene seg tilbake i godstolen og stryke seg over ølmagen, for etter dei siste skandaløse dagane har dei omsider meldt heilt riktig! Bortsett frå at snøfallet på store deler av Vestlandet har avteke, er det ingen endringar i veret. Ellers har vi ikkje så mykje spanande å dele med dykk i dag. God helg!»


«Vi treng vatn!» slår Nina fast så snart ho har fått surra seg opp av senga, og hjernen så smått har begynt å fungere. «Eg går og hentar.»
«Men det er jo over ein meter snø ute,» peikar Niclas ut.
«KVA?!» kvesser Nina. «Seier du eg er for lav?!»
«Det har eg ikkje sagt...»
«IKKJE MOBB MEG!» skrik ho. «Eg er faktisk HEILT normal!» Så raser ho ut døra med vassbøtta i handa.


Synne kjem ned frå hemsen omtrent samtidig som Ingvild kravlar ut av tunnelen frå do, og fem minutt etter at Einar har gått ut, gravd seg ei hole til og kome inn att.
«Grav deg ned i tide!» svarer han då dei spør. Så går han ut og hentar snø som dei kan smelte til vatn.

«Kor mykje mat har vi att?» spør Synne, etter at gruppa har slått seg til ro for kvelden inne i hyttestova. Det brenn godt i omnen, og det luktar svakt av steikte pølser.
«Nina sa vi hadde mat for minst ei veke,» svarer Ingvild.
«Kor er Nina eigentleg?»
Det blir stilt, og minst eit medlem kikar seg rundt for å sjå om Nina verkeleg ikkje sit blant dei. Til slutt reinsar Niclas strupen og svarer.
«Ho sa ho skulle hente vatn før i dag, og så for ho...»
Snart kan dei konstatere at både Nina og vassbytta er vekk.


Utan for hytta, under all snøen, ligg ein stein og ventar på våren. Den frys litt på bakpartiet, for ein eller annen reiv av ein mosedott i sommar. Dessutan ligg den og tenkjer på eit av dei større filosofiske problema ein stein kan ha. «Til våren skal eg reise meg,» tenkjer den. «Og så skal eg vise dei idiotiske tobeinte hostesaftdrikkande beista korleis det er å bli trakka på!» Men så tenkjer den litt til, og rettar på seg sjølv. «Til hausten, kanskje.»
Ca. hundre meter til venstre for denne steinen, står ein mørk skugge halvvegs skjult bak eit tre.

Har Nina verkeleg så store kompleks for høgda si, og er Einar verkeleg så stor fan av fjellvettreglane? Kan Synne dei?
Kven reiv mosa av steinen, og er alle steinar like hemntørste? Og kven er det som står bak eit tre?!

fredag 3. desember 2010

Tredje episode!

«EG SKAL DREPE HAN!» gaular Nina, ganske så passande akkurat i det Einar kjem inn igjennom døra. «KOR HAR DU VORE?!»
«Æ har blæst tu bælgen,» svarer Einar. «Og så har det snødd. Det når opp til vindauga no.»
Til deira store skuffelse, kan dei andre bekrefte at ikkje berre når snøen opp til vindauga, den når halvvegs over dei.
«Korleis du kom deg oppatt?» spør Niclas.
«Eg gravde ein undersnøisk tunnel ved hjelp av ein lighter og ei vedskie,» svarer Einar. «Det tok litt lang tid, for eg måtte lage berebjelkar av ved og dopapir for at den ikkje skulle rase saman.»


Radioen skurrar igjen.
«Nok ei overrasking tidleg ein torsdags morgon, då folk over heile landet vakna til endå meir snø, til trass for statsmeteorolog Ulrik B. Rukelig sine varslingar om betre ver. Oslo Meteorologiske Institutt beklagar hendingane og seier at dei ikkje kan love noka betring i veret dei komande dagane.
Som alle foreldre nok har merka på kroppen har dei norske skulane sidan måndag halde stengt på grunn av streik mot svineinfluensa. No blir det varsla at skular på Sørlandet held stengt resten av veka, ettersom dei meiner at det ikkje er forsvarleg å la ungane gå ute i slikt ver. Landsdelen har hatt store byger sludd, og vi har fått høyre at det var observert frosne søylepyttar i morgontimane i dag.»


Samtlege blikk retter seg mot Einar.
«Eg grev oss IKKJE ned att!» seier han klårt og tydeleg, så alle skal forstå det. Blikka blir omgjorde til tunge sukk.
«Det er bra vi har nok mat med oss.»


Kor mykje snø kan eigentleg falle i løpet av ei natt?
Kan ein verkeleg konstruere ein tunnel av ved og papir? Og korleis fekk Einar opp døra?
Har Nina for mykje fritid, og kor mykje tid brukar ho eigentleg på å tenkje på Ingvild?
Og kjem dei i det heile tatt heim til jul!?
Det er veldig små sjansar for at de finn svaret på nokon av desse spørsmåla med å lese neste episode, men det er verdt eit forsøk!

torsdag 2. desember 2010

Andre episode



«DET HAR SNØDD!!!»
Ropet riv ungdommane ut av svevnen, med unntak av dei som kunne sove igjennom ein atomkrig om nødvendig.
«Seriøst?!» Ingvild kjem ned frå hemsen for å undersøke fenomenet, mens Einar ser ut igjennom vindauget.
«Minst ein meter,» bekreftar han.
«Det var ikkje meldt snø,» konstaterer Niclas, mens han kavar seg ned den bratte hemsestigen. «Er de sikre på at det har snødd? Kanskje vindauga er dogga?»
Einar opnar vindauget, lener seg ut og kjem inn att med ei handfull snø, som han kastar i ansiktet på Ingvild.
«EINAR!» kjeftar Synne. «Kva har eg sagt om det der?!»
«Det har iallfall snødd,» konstaterer Ingvild.


Ein og ein halv time seinare snublar Nina seg ut av senga, igjennom stova og ut i gangen. Der trakkar ho ned i dei lettare utslitne gore-tex skoa, opnar døra og tar nokre steg ut på verandaen.
«Faen.»
Ho snur og tuslar innatt, og blir møtt av blikka til dei andre.
«Ikkje mobb meg,» mumlar ho. «Det har snødd, viss nokon lurte.»
Inne i stova leitar Einar etter den rette radiofrekvensen, og kan snart bekrefte at han har funne den. Ei skurrete radiostemme tek over ordet i hytta.

«Heile Vestlandet blei overraska av eit stort veromslag natt til i dag, og mange måtte måke seg ut igjennom opp til ein meter snø berre for å kunne kome seg ut av døra. Statsmeteorolog Ulrik B. Rukelig ved Meteorologisk Institutt avviser klagene på vermeldinga som blei gjeven seinast i går, om at det tørre veret skulle halde seg. Han seier det er ikkje lett å få fram nyansane i veret på dei forskjellige stadene, og at det er ikkje mogleg å kartlegge alle lokale områder.
Vi har fått bekrefta at dei fleste klagene kjem frå Sørlandet, der mange har køyrt av vegen i løpet av morgontimane, på grunn av sludd og heile tre centimeter snø enkelte stader.
Og til de som sitt heime og frys, hald ut! Statsmeteorolog U. B. Rukelig lovar varmare ver utover kvelden og natta!»


«Kva skal vi gjere no då?» spør Synne. «Skal vi avbryte turen og gå ned att?»
«Må vi det?» spør Ingvild.
«Eg veit ikkje, dei seier jo at veret blir betre...»
«Før vi bestemmer oss, må æ blæsse tu bælgen,» seier Einar, og går ut.


Er Ulrik B. Rukelig eigentleg statsmeteorolog?
Kva slags belg skal Einar blåse ut av, kven er det sin, og kor fekk han den frå?
Korleis har det seg at dei skrudde på radioen akkurat tidsnok til å få med seg heile innslaget?
Blir dette siste episode?!

onsdag 1. desember 2010

TCCB goes JULEKALENDER: Første episode!

1. Desember

Det er ein mørk og stormfull aften.
Det hadde iallfall vore det, viss Travellin' Strawberries hadde skreve denne julekalenderen. Men dei har ingenting med saken å gjere, derfor er det verken stormfullt eller aften, og dermed ikkje mørkt heller. Faktisk er det den aller første morgonen i desember, og den er klår og frostig, rimet ligg tjukt over dei stive grasstråa, og det som er att av blomane til mamma.
I huset som står ved sida av nemnte blomar, i eit kvitt rom i kjellaren, står ein krakk. På krakken står ein sekk. Dette er ein svart sekk frå Bergans, som tar 28 liter og er derfor veldig praktisk viss du har lyst å bere saft til munkar i Alpane. Som sagt er den svart, i likheit med hyllene, knaggane, teiknestifta i veggen og sokkane til ho som bur der. Men dette er kjedeleg. La oss hoppe framover.

«ER VI FRAMME SNAAART?»
«Jada, Ingvild. Framme snart no.»
«No då?»
«NEI!!» ropar Einar og dyttar til Ingvild så ho nesten snublar i ein stein.
«Einar, ikkje plag Ingvild! Ta det igjen på måndag!» prøver Nina, men utan resultat. Til slutt blir det så gale at Synne må bryte inn.
«Einar, skjerp deg!» seier ho med myndig stemme.
«Kake,» svarer Einar, men skjerpar seg, iallfall for ei lita stund. «Kor blei det av Niclas?»
«Han skulle pakke om,» svarer Nina. «Vi blei jo einige om å sortere maten denne gongen.»
Det er stilt i nokre sekund, før Synne snakkar.
«Eg er framleis ikkje sikker på om det var så lurt å gje han chipsen.»

Etter ti minutt blir dei urolege, og finn det best å sjå om Niclas i det heile tatt framleis er i live. Heldigvis er det ikkje så mange plassar å leite på Skinlo, og dei veit kor brørne har innreia eit reir inst i det gamle låven. Og dit går dei, og finn ein nesten uskuldig Niclas med chipssmular over heile jakka.
«Kva?» forsvarer han seg. «Eg var svolten!»
Dei ryddar ut resten av forsyningane, og Niclas, og ser oppover bakkane i felles stillheit.
«Er vi framme snart?» spør Ingvild lågt.

Turen tek ein knapp time opp det nesten snølause fjellet, til trass for at både Nina og Ingvild stadig kikkar seg over skuldra, som for å passe på at Einar ikkje står klar med øksa, eller armane fulle av C4. Men fram kjem dei, dei låser opp den raude hytta som blir eigd av Nina sin familie og set Einar til å fyre i omnen.
«Vi må lufte ut fukta!» seier Einar, og så gjer han det. Det blir snart varmt, og klanen set seg til å ete og prate skit resten av kvelden.


Vil ikkje julekalenderen bli meir spanande enn dette?
Blir den i det heile tatt fullført?
Er heile greia berre eit triks for å få lesarar til bloggen?
Og er verkeleg vanleg ananas så mykje betre enn ananas på boks?!