*SUKK*
No som DET er overstått, får eg vel begynne på det innlegget eg lova skulle komme ut... ein gong. Det er laurdag kveld, eg har sett ca. 42 timar worth of Ray William Johnson på YouTube, og har ikkje så mykje anna å gjere, bortsett frå å klage til folk på MSN over at Lars Vaular irriterer meg.
Og det gjer han.
Fordi eg må irritere meg over noko.
Og han var tilfeldigvis der (in mah head).
Så då får vi vel fyre opp den einaste eigentlege spalta eg har: Bastarden fortel om ting som har skjedd saman med nokre tilfeldige bilde ho fann.
I dag trur eg det blir veldig få bilder. Hovudsakeleg fordi eg er for lat til å planlegge innlegget. Og fordi eg har lagt att kamera og mobilkabel på Vassenden. We do, however, have a webcam.
Happening Number One:
Eg har passert 10 000 lesarar!
Og konkluderer med at sidan ca. 7000 av dei er meg sjølv, talar dei resterande 3000 besøka for at folk i dette landet har alt for mykje fritid. Dei førstnevnte 7000 viser heller at eg er ein trufast tilhengjar av min eigen blogg.
Happening Number Two: På fredag fekk vi fem nye fisk!
...og ein av dei lever enno. Sjølv om den ser litt slapp ut.
Happening Number Three: Eg meistra nettopp den siste jobben i Mafia Wars: New York!
Og for det fekk eg tre eigenskapspoeng og eit toalett.
Cuba, here I come!
Happening Number Four: Diktet mitt blei Månadens Tekst på Skrivebua for April!
Og då får ein visst stuff i posten. Who knew?
Happening Number Five: Eg har klipt katten!
Og for ein fantastisk frisør eg kjem til å bli!
Eg skal ikkje bli frisør.
Happening Number Six: Ein fyr stakk ein pinne igjønå ansiktet mitt!
Han kom liksom springande out of nowhere og ropte "AAAH! I GONNA KEELL YOU!"
Og eg berre: "HEEELL NO!"
Og han berre: *ZAP!*
Og eg berre: *POW!*
Og han berre: *BONK!*
Og eg berre: *WHUMPH - KABOOM!*
Og han berre: *STAB*
Og eg berre:
...og gjekk heim.
Yeah. Nøyaktig sånn skjedde det. Ask anyone. Heile Sogndal såg det.