
Sia eg ikkje har noko betre å gjere, hiver eg inn nokre bilder eg tok då eg satt aleine att på verkstedet i dag. Vi lagar (blant anna) lærbelter på skulen for tida.

Eg merker at eg ikkje vil bli salmaker, for eg er framleis raud i handa.

Etter skulen reiste eg til Førde, der eg fann denne jakka. Har hatt lyst på sånn sidan The Black Parade kom ut då eg gjekk i åttande, så då får det vel berre vere at den er ganske praktisk ubrukeleg på denne tida av året? For å vege opp for det, gjekk eg på Cubus etterpå og kjøpte meg to bukser for henholdsvis 50 og 70kr. Så då reknar eg det som utjamna.

Og berre for å vise kor langt vest dette landet er på veg: på libris fann eg ei EIGA BOK om RPattz med tittelen
"Robert Pattinson
True Love Never Dies"
HEAVEN HELP US!
4 kommentarer:
Jakka var fin så du må ikkje angre på at du kjøpte den.
Den jakka e fantastisk! *snike seg innpå og stjele den og springe fort vekk*
ÅHERREGUUUUUUUUUUUUUUD, koffor har duikkje fortalt meg om den boka?!??!
*DÅN*
(litt ironi.)
Derfor den jakka henge på badet heile veka ja.. mmmmmmhm.
Legg inn en kommentar