torsdag 24. mai 2012

Det siste halve året


Det siste halve året har eg lært at ord ofte er totalt ubrukelege. Dei forbereder deg ikkje på noko som helst, mesteparten av tida gjev dei ingen forklaringar, og etterpå endrar dei ingenting. Og av og til er dei alt ein har.


Det eit halvt år sidan far min døydde.


Å komme tilbake på skulen kjendes som å setje seg ned for å handskrive eit tolvbinds leksikon, for så å oppdage at eg hadde gløymt penn. Det er rart kor mykje ein lærer. Som at ein bitteliten dal der kvar innbyggjar dyrkar sin heilt eigen form for galskap kan vere akkurat det ein treng for å gjenoppdage at ein har bein, og etter det er det hovudsakeleg berre eit spørsmål om å stå på dei. Eg har oppdaga at eg har vener der eg trudde eg hadde bekjente, medan enkelte folk klarer eg meg best utan. Eg har lært at av og til er det kanskje lov å ikkje ha kontroll over alt. Og eg har lært at eg ikkje er flink med følelsar, iallfall ikkje mine eigne.

Far min var den sterkaste personen eg kjente. Han som jobba og sto på, han som alltid var der, som bestilte legetimar og tannlegetimar og optikertimar og som drap alle skumle edderkoppar, uansett kor store og farlege dei såg ut. Han som las favorittboka mi om att og om att til vi begge kunne den utanåt, men fortsette likevel. Han med den tørre humoren og glimt i auga. Han som hadde lest både Snorres Kongesoger og Bibelen og alltid hadde rett. No må eg ta mine eigne edderkoppar, og eg må finne svar andre stader. Ein dag skal eg leite fram att boka om Ronja Røverdatter, men då må eg lese ho sjølv.



Dette er ikkje eit innlegg eg har gleda meg til å skrive. Det er heller ikkje eit innlegg eg nokon gong trudde eg skulle skrive. Kanskje det er derfor det har tatt så lang tid.
Ein seier at ein ikkje veit kor glad ein er i nokon før dei er borte. Eg er ikkje einig. Det eit halvt år sidan vi mista far vår. Sidan mor mi mista mannen sin og sidan mine seks tanteborn mista ein bestefar. Og i dag er eg framleis nøyaktig like glad i han som eg var den torsdagen for seks månadar sidan - og som eg var eit halvt år før det igjen, og i alle år tidlegare. Eg håpar berre at han visste det.

Eg er glad i deg, pappa.


5 kommentarer:

Lise "Lizzy" Engdal sa...

Jeg vet ikke hva annet jeg skal si enn at jeg er glad i deg, og om du trenger meg så vet du hvor du finner meg, uansett når <3

Lena sa...

Det visste han Nina, det e eg heilt heilt sikker på:)
Eg e forresten ganske god til å ta edderkoppa, om du skulle trenge assistanse;)

BritaS sa...

<3

selmada sa...

Veldig fint innlegg.
Og du har en veldig fin blogg.

Glad i deg.

anna sa...

Veldig kloke ord, unge frøken. :) Ein blir ikkje mindre glad av å miste nokon, men ein lærer seg å sette pris på dei ein har igjen.

Og kva folk angår, så har eg gått frå å synest det er vanskelig å tørre å sei noko til andre som har det vondt å vanskelig, til å innsjå at det er så lite som skal til. Eit smil, eit klapp på skulderen, eller bare en klem, og så har ein sagt meir enn ein kan med ord.

Klem til deg!