torsdag 6. november 2008

Blæææh....

TIRSDAG: Viii bytta plasser i klasserommet. Til no har eg vore ganske heldig, satt med greie folk i heile niande, og i til no i tiande har eg vore ved sida av Einar (vi fekk litt kjeft for prating, men det går vel bra?). NO, derimot, har visst noko gått skeis. Eg prøver å hugse om eg har drepe nokon i det siste, for viss dette er karma, så må eg ha gjort noko alvorleg gale.
Eg har blitt sett saman med den eg respekterer minst, samarbeidar dårligast med, misliker mest og som er min aller største kilde til irritasjon i klassen. Yeh. Lucky me.


ONSDAG: Na-nana-naaaa!

NY PRESIDENT I USA! (nei, ikkje Supermann. Han kisen med slips.)
Og takk GUD for det! No er det jo store muligheter for at det viser seg at fyren er en drittsekk som veit å snakke for seg, men då veit han i det minste å snakke for seg!

Oooog MR-undersøkelsen er overstått. Det var ikkje så gale, så fort eg hadde komt over den verste klaustrofobien var det nesten som å ligge i eit lite rør med eit fuglebur på hodet. Resultatet kjem visstnok om ca. ei veke.

1 kommentar:

Linda sa...

Eg kryssar både arma og bein (so lenge eg ikkje strikkar...) for at altl er bra på MRi'en!!