Av og til lurer eg på om eg har eit fritidsproblem. Eg har berre alt for mykje fornuftig å finne på. Det er altså derfor eg ikkje bloggar. Fordi eg har så ufatteleg mykje anna å gjere. Hovudsakeleg sitt eg og glanar på dette:
Bortsett frå når eg les engelske bøker, sjølvsagt. Då står det jo ikkje på norsk. (Heheheheh... tørt...)
Når eg tenkjer meg om, hender det at eg pratar med folk óg, så ufatteleg som det enn må virke. Vi er ein riktig fin familie her i Valle.
Ein riktig stor og fin familie som er glade i kvarandre og tek vare på kvarandre og mobbar kvarandre regelmessig.
Men eg får pressa inn litt gullsmedarbeid/skulegreier på toppen av alt. Og ettersom det er så ufatteleg interessant for alle andre å lese om, (ironi kor?) kan eg jo oppsummere litt av det.
Prøvesvenneprøve i sølv. Fekk den ikkje godkjent, av åpenbare årsakar (t.d. at fattinga ikkje let seg gjennomføre). Ringskinna var ikkje bra nok, og heller ikkje ajoursaginga eller plasseringa på galleripinnane. Men loddingane gjekk bra, då.
Nivåprøve i forkant av NM i gullsmedfag, som skal arrangerast i Valle til hausten. Biletet er av ei 36mm gullplate - før eg gjorde noko som helst, for eg kan love dykk at etter dette gjekk det berre nedover. Resultatet blei så skammeleg elendig at eg framleis vurderer å setje meg sjølv ut i skogen til elgen, for dette er rett og slett ikkje bra nok.
Smiring med perle. Viss eg ikkje tek heilt feil, så har eg behaldt denne inntil vidare, i tilfelle eg enten klarar å selge den, eller prakke den på nokon som ei veldig dårleg bursdags- eller julegåve. Kan jo skje!
I forrige veke (eller veka før der, eller kanskje tre veker sidan...) fekk vi besøk av Perledama, og etter mykje sutring, syting og sykling enda eg opp med tre perlekjeder.
Dei svarte terningane er hematitt/blodstein, og dei to andre henholdsvis agat og sodalitt. Riktig pene, syntes eg. Så fekk eg jo idear, då. Vanlegvis er det eit rimeleg sikkert teikn at at noko kjem til å gå fullstendig riv ruskande gale, men denne gongen gjekk det greit.
Ikkje ferdig, men ein ser vel kanskje poenget.
Og det reknar eg med var den siste verkstadoppdateringa for i år, ettersom eg i dag har byrja å rydde pulten min til ferie.
Ein ambisiøs bragd i seg sjølv, med tanke på at pulten min i det siste har sett enten sånn ut:
Eller om lag sånn ut:
Eigentleg er eg overraska over at folk held ut. Eg har gitt meg opp for lenge sida.
Den fine Batman-teikninga var forresten ei helsing frå vår alles kjære Eva-Lill. Så veit de det.
Eigentleg hadde eg tenkt å ha eit eller anna gjennomtenkt, smart bilete til å runde av dette innlegget, men eg har mista tråden for lenge sida, så er er eit tilfeldig Valle-bilete frå instagramen min.
(Edit: Dæven, eg må slutte å prøve å vere morsom.)
2 kommentarer:
syns det var morsomt det der med engelsk, men eg e tørr as fuck. ha en fisefin dag.
For en fantastisk fin batman tegning! .. vent.. jeg som har tegna.. BATFAT :D Kommer til å savne deg, og klassen.. og valle.. i over 5 mnd :c
Legg inn en kommentar