fredag 5. mars 2010

Burtastic!

There is a place. Like no place on Earth. A land full of wonder, mystery, and danger! Some say to survive it: You need to be as mad as a hatter.


Which luckily I am.



No har eg vore på kino med frøken Ingvaldsen, og sett Tim Burton sitt siste meisterverk, Alice In Wonderland.
Eg har sagt det opptil fleire gongar før, og no seier eg det ein gong til og det blir heilt sikkert ikkje den siste: Tim Burton er eit GENI.


Eg er jo Burton-fan frå før, og har utruleg mange gode minner frå den gamle teiknefilmen, men dette var utan tvil det beste eg har sett sidan The Dark Knight (som forøvrig var sist eg var på kino). Eg elskar måten har leier oss tilbake til klassikaren, samtidig som det blir noko ein (iallfall eg) aldri har sett maken til. Så vidt eg har skjønt baserer den seg også på den andre boka om Alice, Through the Looking Glass. Samt at dette er enda eit samarbeid mellom Burton, Johnny Depp og Danny Elfman.



Eg har aldri hatt heilt sansen for Johnny Depp, sjølv om eg tykkjer han er fantastisk som Jack Sparrow, er det først no eg augene opp for han. The Mad Hatter er utan tvil den mest underhaldande (for ikkje å nemne herleg fantastisk spinhakkande galen, og det likar vi!) karakteren i filmen.


Min favorittkarakter, til trass for tøff konkurranse frå the Mad Hatter, er og blir likevel the Cheshire Cat, Filurkatten:


Som er akkurat den same som den i klassikaren, litt for skummel til å virke heilt snill, med eit halvpsykotisk smil som får meg til å tru han planleggjer noko mørkt og farleg, men likevel er på den gode sida. Dette er ein pus etter mitt hjarte!


Ein annan eg fekk sansen for er the Bandersnatch, eit stort, kvitt, raskt og farleg dyr med riktig mange tenner. Denne kom opp under diskusjonen i bilen på veg heim, som utarta seg noko i retning av slek:
Meg: "Eg kunne eigentleg tenkje meg å ha ein sånn stor, rund pelsball med flekkar og lang hale... Eller, eg har vel ein stor, rund pelsball med lang hale, men han er litt... feit... og lat..."
Ingvaldsen: "Du, no må du slutte å snakke stygt om Einar!"
(Eg snakte no eigentleg om katten, men ho har vel kanskje eit poeng...)

Why is a raven like a writing desk?

Ingen kommentarer: