søndag 14. mars 2010

It's a fashion statement, og Ingvald er ingvalid

Fredag utnytta eg fridagen min maksimalt. Eg sto opp ein time før eg pleier på ein skuledag, og reiste på Sandane med det eine klare målet å følgje etter frøken Ingvaldsen på skulen. Dermed vart eg så heldig å få ha engelsk med 1STA. Mission Accomplished.
Og for å forklare ein god del hendelsar utanfor det 'normale' spekteret dei siste åra, har vi no fått bekrefta at Ingvaldsen er ingvalid.

Men hovudpoenget i dette blogginnlegget (oh yes, eit POENG! Ein heilt ny verden innan blogging øpnar seg føre meg...) er at når eg kom heim att same fredagen, hadde eg fått pakke i posten. Eller, eigentleg er det ikkje sjølve pakken som er greia, men det som er inni den. Sjølv om innpakkinga óg var veldig kjekt å få på kjøpet!

De kjenner kanskje att dette mønsteret?


Har de skjønt det enno? Hmm?
(Og til dykk som no sit og ristar på hovudet og tenkjer "Nei... Nei... Nei... Nei... Nei..." med psykiatrisk avdeling på hurtigtast - ta dykk saman!)

Here it is, anyways.

Det er lov å vere misunneleg!
Eg har utnytta sjansen til å gå med den på Eid (der favorittreaksjonen, blant ganske mange, var to unge pastellkledde jenter som stirra uforskamma i fleire minutt) og idrettsklubben ("Kan eg få ta på den?").



Og for å sette opp ein liten FAQ:
1. JA, du såg fleire tilsvarande eksemplar på TV i februar.
2. Den er kjøpt frå Loudmouth Golf.




Og sist, men eigentleg ganske tydeleg:
BUKSA MI ER KULARE ENN BUKSA DI!

6 kommentarer:

Mr. Owen sa...

koffer du hadde fri på fredag? koffer fekk du lov å være med ingvald og einar?
Fin bokse! :D

Nina M. Skinlo sa...

Eg veit ikkje, kanskje dei va leie av oss. Fordi dei hadde tøff lærar.
Takk! :D

gimmeline sa...

Eg skal jammen reise ned på Sandane og kjøpe meg ein hatt, og so skal eg ta han av! For deg!

Mr. Owen sa...

Hei. kan du skrive nytt innlegg snart? (a)

gimmeline sa...

Endeleg skjønnar eg kva som har hendt. Du SKULKA den fredagen og på grunn av dette har du fått blogge- og besøksforbod i eit halvt år...?????

Regnboge sa...

Fantastisk^^