PUNKT TO. I kveld når eg logga på Facebook, låg det ei melding frå eit av yndlingsbanda mine øverst i nyhendene. Først tenkte eg det verste - at no har dei brote opp, men så gale var det heldigvis ikkje. Likevel, det var ingen gladnyheit.
Så er det omsider bekrefta. Bob Bryar har skild lag med My Chemical Romance.
Eg saknar han allereie, og det verkar heilt feil at vi ikkje får sjå eller høyre denne utruleg dyktige mannen bak MCR-trommesettet meir. Eg kan sitje her og skrive side opp og side ned, men det skal eg ikkje. Han er ikkje daud, og eg vil ikkje få det til å høyrest sånn ut heller. Men nokre ting er klare:
- My Chemical Romance blir aldri det same.
- Eg saknar han allereie.
- Eg ønskjer han lykke til - og satsar på at han snart kjem att i ny drakt.
- Forhåpentlegvis slepp han handleddsoprasjonar og tredjegrads forbrenningar i framtida.
- Han framstår for min del framleis som den kulaste trommisen ever.

Og hugs å stemme på Gloppen Janitsjar på musikkorps.no!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar