søndag 13. februar 2011

15DC: Dag To

Eg har byrja å like te.
Og kaffi.
Og plakatane dett ned fordi veggane er stygge.




Anywayz, dag nummer to:
Fem ikkje fullt så grunnleggjande fakta om meg



  1. Yndlingsfargen min er grøn, men det einaste eg eig av grøne klede er eit par sokkar.
  2. Kinderjulekalendaren min står oppe enno.
  3. I fjor sommar lærte eg at overgongen mellom våt gore-tex og smelta gore-tex går raskare enn ein skulle tru.
  4. I niande klasse kunne eg sleit eg med å stave "which", men "pterodactyl" gjekk fint. 
  5. Eg byrja med å stupe ned trapper når eg var lita, og har aldri heilt klart å slutte med det. Dette har blitt ei delvis godkjend forklaring på kvifor eg er blitt sånn som eg er i dag. 



Ellers har eg litt heimlengsel og saknar pusane mine...