tirsdag 15. februar 2011

15DC: Dag Fire

Sidan livet mitt er herleg begivenhetsrikt og eg ikkje har noko ønske om å dele dei usannsynleg underhaldande opplevingane mine med dykk, kan de få nokre bilete frå dagen til Timothy.




I dag kom han klatrande ut av røyret som stikk ned frå taket over pulten min, for å besøkje meg på arbeidssalen.


Og ettersom han, takka vere sitt opphav, er litt skeiv, fekk han låne dei vakre ringane til Nintendo, og var storveis nøgd med det.


No søv han, og det er forsåvidt å foretrekke, for ellers bråkar han så fælt.






Og så over til hovudgrunnen til at eg faktisk sit oppe og tastar enno, i staden for å gjere noko meir fornuftig.


Dag fire:
Fem teikn på at du likar nokon


- Eg truar korkje dei eller foreldra, besteforeldra, syskna eller kattane deira med kniv.
- Eg stalkar dei på facebook.
Dagleg.
- Eg sitt ikkje og peikar på dei med ein sånn ein:
...medan eg mumlar formlar som Sectumsempra eller Crucio.
- Uttalelsen av namnet deira forårsakar ikkje brekningar.
- Ellers er det vel ein heller dårleg bevart løyndom at eg lagar lydar når eg ser ting eg likar. Sånn generelt.


Completely unrelated quote:
"I Norge e de gamle definert som hellige. Du har ikkje lov til å slakta de gamle, de gamle ska bahandlas med respekt."
- Per Inge Torkelsen

Ingen kommentarer: