onsdag 22. desember 2010

Tjueandre episode!

Niclas sørgjer.
«Kvifor er du så lei deg?» spør Synne, medan Ingvild klappar han på skuldra.
«I dag, i 1943,» snufsar han. «Døydde Beatrix Potter.»
«Var ho i slekt med Harry Potter...?»
«NEI!» skrik han. «Ho er forfattaren bak Peter Rabbit!»
Og sjølv om dei framleis ikkje er heilt sikre på kven Beatrix Potter er, bestemmer dei seg for at dei må muntre han opp.
«Eg har ein idé!» seier Nina. «Vi kan gå ut og hogge juletre!»
Det er alle einige om, og sidan Einar er døv og ingen av dei andre har motorsagsertifikat, tek dei med seg øksa med det splitter nye skaftet, og sender Einar i forvegen med spade for å grave ut veg. Men tre timar seinare har ikkje Einar berre misforstått kva dei har sagt, han har til og med greve feil veg, og plukka seg ut ei usedvanleg krokete fjellbjørk. Og sidan det har begynt å mørkne alt, høgg dei den ned og tek den med seg inn.
Til trass for tresorten, storleiken, utsjånaden og misforståinga, er Niclas munter att.


For noko bråk! tenkjer steinen i halvsøvne. Skal dei hogge ned heile skogen? Det hadde vore noko, det. Då hadde ikkje dessa irriterande ekorna vore over alt, og kanskje dei irriterande menneska hadde slutta å kome. Og då hadde det vore mykje mindre irriterande ting her oppe. Uff, denne granbaren, den er så irriterande!


«Glaaade Juuul!» syng hyttebuarane i kor. «Heellige juuul!» Samtlege stansar for å trekkje pusten, før dei skjær ut i eit usannsynleg falskt «EEENGLER DAAAHLER NEEEER I SKJUUUUL!» og så stansar dei der, for ingen av dei kjem på kva den neste linja er.
«I morgon er det lille julafta,» sukkar Nina. «Det blir nok ikkje jul i år.»
«Jerry Seinfeld?» prøver Niclas ein siste gong.
«MAMMA?!» roper Einar, men ingen av dei har rett denne gongen heller, og det er ingen som prøvar å fortelje han at han allereie har prøvd det alternativet, for han er framleis like døv.


Er Knut Risan den beste norske mannlege skodespelaren igjennom tidene? Kor mykje har han eigentleg spelt i? Blir kalenderen ferdig i tide? Kor mange julekuler kjem vi til å knuse i år?
No skal eg ete julemiddag! (iallfall gjorde eg det i fjor.)

1 kommentar:

Mr. Owen sa...

aaaaww... så søtt. Du skreiv dei siste episodane på julaften xD